Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Rotnorsk protestantismepropaganda.

#TeamLarris

IRRITERER: Vangsgutane.

For meg blir det ikkje jul utan Vangsgutane. For lesarar som ikkje kjenner dei, kan eg opplysa at dei to rettvise gutane fyrst dukka opp som ein teikneserie i Nynorsk vekeblad i 1940. Serien har òg komme ut i julehefte sidan 1941. Det er her eg har blitt kjend med dei, takka vere farfaren min – som òg sytte for at eg tinga Norsk Barneblad som ung. Serien følgjer dei to gutane Steinar og Kåre Vangen, som held til på småbruket Vangen i Todalen (tidlegare Stangvik) på Nordmøre. Dei gjer skulearbeid og hjelper mor si, enkja Sigrid, løyser problem og oppfører seg skikkeleg. Ofte er dei i lag med «Sterk-Ola», ein kjekk og dugeleg kar frå bygda.