Lørdag 9. desember 2017
NÆR OG FJERN: Pål Norheim (1962–2017). Foto: Øystein Vidnes
Heime – borte
Opplysing: Pål Norheims oppdateringar blinkar og lyser opp i bokform etter at han er borte.

Melding

«Stundom dette forfjamsede behovet for å meddele noe til verden», skriv Facebook-filosof og fillearistokrat Pål Norheim i ein av tekstane frå «Oppdateringer» (2014), den første boka skrive i forlenging av Facebook-kontoen hans, men utplukka, konsentrert og redigert til kortprosa av ofte høg kvalitet. I «Oppdateringer 2» plukkar han opp tråden to månadar etter at han sist logga av og går vidare inn i spenningsfeltet mellom digitale, dagsaktuelle oppdateringar og prosa som er verdt å bokføre for ettertida.

Pål Norheim døydde 4. august, etter å ha ferdigstilt manuset, som nok er det siste han skreiv med tanke på publisering i nær framtid. Boka viser evna hans til å tenkje saman stort og smått, nært og fjernt, og opne verda på ny med tankane. På reise i Afrika held han sansane vakne for dei nære ting, og heime på Eidsvågneset kretsar tankane utrøytteleg rundt problem av globale dimensjonar.

«Nasjonens nye nervesystem» døypte Norheim Facebook i førre bok. Den sosiale nettstaden – eller tettstaden – rammar inn både poetikken og paradoksa tekstane hans står i. Facebook-veggen, ramma inn av bilete frå familietreff og fyllekuler, yter ikkje det «forfjamsede behovet for å meddele noe» motstand, før innlegget er både delt og likt og spreidd og avspora. Vi er våre eigne redaktørar i eit medium som «mangler algoritmer som registrerer hva man unnlot å meddele sin neste, foruten en like-knapp som vet å verdsette at man holdt munn».

Fakta

prosa

Pål Norheim

Oppdateringer 2

Kolon forlag 2017, 176 sider

Norheim lever godt med motsetnadane i mediet. Han er kritisk, men har også tru på at Facebook er med å «veve nasjonen Norge tettere sammen». I svartsynte stunder kan ein nok tenkje at Facebook ikkje er samfunnets lim så mykje som samfunnets slim, men oppdateringane til Norheim talar både til dei som tilhøyrer Facebooks førestilte fellesskap og dei som opplever den nye allmenningen meir som eit forstilt fellesskap og ventar forgjeves på at det skal forsvinne.

Norheim undrar seg over kor heimslege vi er i dette grenselause mediet, som held oss heime sjølv når vi er borte. Når han slentrar rundt i etiopiske smug, eller flanerer i nord-afrikanske medinaer som ein annan Pål Bowles, er den norske kvardagen berre nokre tastetrykk unna. «Oppdateringer 2» inneheld fornøyelege framstillingar av stadar han har sett og menneske han har møtt. Han er ein kvardagsturist, utan dragning mot turisttrafikkerte attraksjonar, men heller på jakt etter «bagetter, sigaretter». Dei nye oppdateringane, særleg nokre av reisetekstane, er meir utflytande og mindre pregnante enn i førre boka. Medvitet om blandingssjangeren er større – truleg både hos forfattar og lesar. Ein kan stundom sakne det uføreseielege frå dei første oppdateringane, der det var meir uavklart om og korleis Facebook kunne bli til bok.

Norheim er best når sanseinntrykk og refleksjonar får søkkje inn og samle seg i aforistiske innsikter, som når han skriv om depresjon som ein sinnets forkjølelse eller spør om ikkje «den nesevise globetrotters reiseskildring ville inneholdt dobbelt så mye visdom hvis det ene neseboret hans var tilstoppet?» Her skin det gjennom, eller han skapar illusjonen av, at tekstane er spontane oppdateringar i forseinka form – ei form som opplyser meir enn den oppdaterer.

I ein av tekstane skriv Norheim om møta med både kristendom og kommunisme i forseinka form av Norsk Luthersk Misjonssamband i oppveksten og AKP(m-l) på 1980-talet. I våre dagar møter han nasjonalismen i forseinka form av innvandrings- og islamfiendtlege rørsler. Han toler ikkje «bevegelser som har spørsmålene og svarene klare på forhånd».

Bakgrunnen er det han ser som totalitære rørsler med sekteriske trekk. Slike randrørsler har alltid levert forenklande spørsmål og svar, men når eg les dette etter Arbeidarpartiets kriseval, som Norheim ikkje fekk oppleve, spør eg meg om ikkje klåre spørsmål og svar også er del av løysinga, og ikkje berre problemet. I nokre tekstar legg han fram eit litt idealisert syn på offentleg debatt, og kor evinneleg nyansert den skal vere, som når han i ein tekst om polemikkens fortærande funksjon framhevar kor viktig det er «å opprette og vedlikeholde artifisielle rom på avstand fra striden, reservater for vennskap, kunst, kunnskap og tenkning hvor larmen ikke slipper til».

Ideala er for all del prisverdige, men folk har også polemisert så busta har foke i alle tider utan at fornufta alltid har gått tapt for det. I våre dagar synest larmen og vreiden uomgjengeleg, og eg er kanskje like uroa for at dei som fører ordet på allmenningen ikkje ser kor akutt det kan vere å finne rett spørsmål og svar. I USA blir til dømes potensielle presidentkandidatar i 2020 rent ned av spørsmål om dei stiller til val, medan dei har henda fulle med å kjempe mot destruktive helse- og skattereformer som blir sette i verk right here, right now.

Den andre utgivinga med Norheims oppdateringar er uansett meir enn «en skrift som gløder inntil samtalen opphører», som han skriv. Det er ei bok ein både kan samtale og tenkje med.

bokmagasinet@klassekampen.no

Artikkelen er oppdatert: 12. desember 2017 kl. 13.44
Lørdag 30. juni 2018
Representasjon: Historien viser at vi selv må lage boksene før vi kan tre ut av dem.
Lørdag 30. juni 2018
Fragmentert: Andrzej Tichýs fremragende «Kairos» skildrer ensomhet, terror og muligheten for revolt i moderne samfunn.
Lørdag 23. juni 2018
Norsk syke? Øystein Noreng er kritisk til Norges næringspolitikk og petroleumsøkonomi.
Lørdag 16. juni 2018
Arbeiderpartiet: Partisekretæren vurderer Gerhardsen av i dag.
Lørdag 9. juni 2018
Demokrati: Magnus E. Marsdal undersøker den forestilte motsetningen mellom frihet og likhet, i Norge og i USA.
Lørdag 2. juni 2018
Samtidssatire: Virginie Despentes analyserer dagens tidsånd med en falmet platebutikkinnehaver fra generasjon X som linse.
Lørdag 26. mai 2018
Tilpasning: Juli Zeh trekker opp et stort moralsk og politisk lerret, men romanen går ikke dypt nok inn i hovedpersonens psykologi.
Lørdag 19. mai 2018
Ujålete: Oda Malmin skriv om korleis sams tap kan binde saman.
Lørdag 12. mai 2018
Utforskar: Bøkene til Ingrid Z. Aanestad og Terje Holtet Larsen om lesing og skriving understrekar forlaget sin litterære profil.
Lørdag 5. mai 2018
Rød: Lerstangs brak av en bok framhever fellesskap og samhold.

Klassekampen benytter informasjons­kapsler (cookies) så vi kan gi deg bedre service, og for å holde styr på om du er logget inn på våre tjenester. Du kan lese mer om vår bruk av informasjons­kapsler her.

Lukk