Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Marit Arnstad seier blankt nei til å snuse på samarbeid med Raudt og Miljøpartiet:

Lukkar døra for dei små

BRA SOM DET ER: Marit Arnstad (til høgre) vil ikkje i koalisjon med MDG. Her sit ho med Sp-nestleiar Anne Beathe Kristiansen Tvinnereim på eit tidlegare landsstyremøte i Senterpartiet. Foto: Tom Henning Bratlie

VI SEI NEI, NEI, NEI: Sp er heilt imot å opne den raudgrøne alliansen for Raudt og MDG. Torbjørn Røe Isaksen meiner Aps MDG-flørt gjer jobben lettare for Høgre.

Raymond Johansen opna i gårsdagens Klassekampen for at Ap bør vurdere samarbeid med Miljøpartiet Dei Grøne og Raudt på riksplan. Marit Arnstad, parlamentarisk leiar for Senterpartiet, meiner Oslo-modellen ikkje er god for Noreg.