Klassekampen.no
Onsdag 6. desember 2017
Vegvisar: Honningfuglen samarbeider med menneske.
Me er ikkje åleine om å ha noko å seie. Også dyr vil prata med oss.
Snakka saman

Me var innom menneskespråk og biologi den 22. november. For å gjera rettferd skriv eg i dag om dyr som kommuniserer.

Først den kvalitative og prinsipielle språkskilnaden mellom menneske og dyr: Viss me definerer språk som signal som formidlar meining, er det mange dyr som har språk. Viss me definerer språk som ei avgrensa mengd symbol og reglar som er i stand til å uttrykkja ei uendeleg, altså uavgrensa, mengd av meiningar – då er det berre mennesket som har språk. Me kan, kvar dag, formulera ytringar som aldri før har vore ytra av nokon. Og det skjer, uavlateleg.

Ikkje alle dyr er like aktive. Kvalane er legendariske, der dei sender lydar til kvarandre nede i havdjupet. Kattane like eins; dei har eit imponerande register for aggresjon, frustrasjon, redsel, og dei er slu strategar når dei skal lokka til seg ein godbit frå matmor.

Til samanlikning er kyr, sauer, hestar reine sinker som lyd-kommunikatorar. Men betre enn krokodillar, som så vidt eg veit ikkje bruker krefter på å smigra eller skremma ved hjelp av lydar.

At det kan skje kommunikasjon mellom dyr av same art, er lite forunderleg. Heller ikkje er det så rart at det skjer mellom ulike artar. Både zebra og gnu i Afrika dreg nytte av å tolka varselrop frå bavianar om at farlege rovdyr nærmar seg.

Det mest forunderlege er kommunikasjon mellom dyr og menneske; me ville knapt ha trudd det, om det ikkje var for at det er grundig dokumentert. I Mosambique i Afrika er der ein liten fugl som i uminnelege tider har vist menneska veg til bisamfunn ute i skogen. «Honningfuglen» blir han kalla. Mennesket, som regel mann, lagar ein spesiell rullande lyd som kan minna om svak brumming, brrhm. Med den lyden er det von om (men ingen automatikk) at fuglen dukkar opp.

Fuglen nyttar då ein litt tjattrande lyd som han elles ikkje nyttar; lyden er berre for kontakten med menneske. Fuglen viser veg ved å fly frå tre til tre, og forskarane rapporterer om at i 75 prosent av tilfella blir resultatet honningfunn. Kva slags interesse har fuglen av dette? Han er vill etter vokskaka, som han får straks menneska har fjerna honningen! (Språktidningen 8/2017).

Ved kysten sør i Brasil lever ein delfin-art som hjelper dei lokale innbyggjarane med å fanga fisk. Det startar med at delfinar i høg fart jagar ein fiskestim framfor seg – inn mot stranda. Der står fiskarane klar med nett; dei har vassa uti til vatnet når dei til hoftene. Delfinane bråbremsar nokre meter unna fiskarane, kjem kjapt til overflata og markerer med hovudkast og hale kvar fiskane er. Fiskarane kastar så netta over fiskestimen. Dei fiskane som slepp unna, går rett i gapa til delfinane som raskt har kome ned mot botnen igjen. Slik samarbeider delfinar og menneske nokre minuttar for eit felles utbyte.

Mennesket er altså slett ikkje åleine om å ‘snakka’, det skjer mykje kommunikasjon i allnaturen. Og artar snakkar med oss, i pur eigeninteresse.

Men det er ingen som snakkar som oss.

sylfest.lomheim@gmail.com

Sylfest Lomheim skriv om språk i Klassekampen kvar onsdag.

«Delfinane markerer med hovudkast kvar fiskane er»

Artikkelen er oppdatert: 21. desember 2017 kl. 13.40
Onsdag 9. mai 2018
Ingen månad er så prega av kunnskapsprøving som mai. Her kjem eit bidrag til eldre som ofte er rådgjevarar, og til yngre som er utøvarar.Først -ning og -ing: -ing fortel om handling,...
Onsdag 2. mai 2018
Den 1. mai byrja i 1889. Og rørsla, die Bewegung, the movement, le mouvement har halde seg. Fordi mange nok stiller opp. Men eg melder eit sakn: Eitt ord var mykje fråverande i talane i går,...
Onsdag 25. april 2018
«Wara for Listhaug» var Klassekampens kreative overskrift i byrjinga av månaden. Den nye ministeren kom som vara for den tidlegare ministeren... Ein desktiar og blink me ikkje ser kvar dag. Etternamnet til...
Onsdag 18. april 2018
Aker og Acer, fru Blom? Acer er, dessverre, i ferd med å bli eit av årets ord. Kva tyder det eigentleg, dette som også går under omtalen «den tredje...
Onsdag 11. april 2018
Livet vaknar i april. Latin aprilis er «den som opnar (året)», opplyser norske ordbøker. Den autoritative franske Grand Robert skriv derimot at april har kome frå gresk
Onsdag 4. april 2018
Turid Farestvedt (og nokre til) lurer på dette med aksentar. Ho ser eg skriv òg (også), for å skilja det frå bindeordet og. Uttalen er jo den same – /åg/. Eit betimeleg spørsmål.
Onsdag 28. mars 2018
Eg vil på ingen måte vera respektlaus i påskeveka. Men det er så mykje påskestoff i dei fleste aviser at eg i dag vel å skriva om noko så aktualitetsuavhengig som ‘skål’. Eg presiserer igjen, for å møta all eventuell...
Onsdag 21. mars 2018
Ein vaken lesar, Tore Været, gjorde merksam på at i same nummer av Klassekampen som eg skreiv om forleddstilknyting, stod det, tre sider lenger bak, om ferjefri E39 på Vestlandet. SV ville slå eit slag for

Klassekampen benytter informasjons­kapsler (cookies) så vi kan gi deg bedre service, og for å holde styr på om du er logget inn på våre tjenester. Du kan lese mer om vår bruk av informasjons­kapsler her.

Lukk