Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Finland

  • Gratulerer med hundreårsdagen, gode nabo! I dag er det hundre år sidan Finland lausreiv seg frå Russland i skuggen av både revolusjon og verdskrig. Det blei ein nasjon fødd i strid: Kort tid etter lausrivinga gjekk landet gjennom ein borgarkrig vi ikkje har sett maken til i Norden. Kampen mellom dei raude og dei kvite sette logisk nok djupe spor i det finske folket.