Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Tigerstaden i transe: Dekonstruert dansemusikk frå Smerz og SASSY 009.

Elektronisk blåst

Gruppene Smerz og SASSY 009 har blitt hylla internasjonalt, før me i det heile rakk å sjekke vêrvarslinga her heime.

For Smerz var det singelen «Because» frå tidleg 2016 som sette det store i gong. Sidan har den københavnbaserte Oslo-duoen, beståande av Henriette Motzfeld og Catharina Stoltenberg (ja, ho er dotter til Jens), vore ei kraft å rekne med. Dei har fått Roskilde, Primavera og neste sommars Øya på festival-CV-en, og månadleg snurrar dei plater på premissleverandøren NTS Radio. Når dei no snart slepp ep-en «Have Fun» er det i selskap med Radiohead, Adele og M.I.A. på prestisjefylte XL Recordings. Trass i dette, er kanskje likevel ikkje Smerz namnet som ligg fremst på tunga når ein for tida snakkar om norsk musikk si storleikstid.