Klassekampen.no
Mandag 4. desember 2017
Siste sortering? Auking i talet på barnlause blir forklart med at kvinner vel bort menn utan utdanning. Det er ikkje heile bildet, skriv forfattaren. Her frå Bø i Telemark i 1950. Foto: NTB Scanpix
Dei blir arbeidsledige, barnlause og døyr først. Er det feministane sin feil?
Menn som ingen treng

På den internasjonale mannedagen 19. november skreiv forfattaren Maria Kjos Fonn ein Facebook-status som samanfattar fleire av menns kampar. «Menn», skriv ho, «møter mange problemer, som topping av selvmordsstatistikker, å tape de fleste barnefordelingssaker, harde og skadelige fysiske yrker, at overgrep mot menn ofte ikke tas på alvor». Fonn er ei av fleire som dei siste åra har retta fokus på område der menn som gruppe ser ut til å kome kollektivt dårleg ut.

Tidlegare i år starta Camilla Stoltenberg, direktør i Folkehelseinstituttet, den store «guttedebatten», då ho i Morgenbladet 10. februar ropte varsku om gutar som fell frå: «Vi har skapt et nytt kjønnsgap før vi har rukket å kvitte oss med det gamle.» Sentralt i debatten stod fråfall i vidaregåande skule og kvinnedominans i høgare utdanning – men også i arbeidslivet kan ting sjå ut til å gå kvinnene sin veg, iallfall om ein ser på korleis tradisjonelle mannsarbeidsplassar er blitt ramma av konjunktursvingingar, endra global arbeids­­deling og rivande teknologisk utvikling.

Når robotane kjem i framtida, vil arbeidsledige industri- og oljearbeidarar kunne få følgje av seljarar og tømrarar. Vi risikerer å få ein arbeidarklasse utan arbeid.

På toppen av alt kunne NRK nyleg rapportere om ei «dramatisk øking i barnløse». Ei av seks kvinner og ein av fire menn er barnlause ved fylte 45 år, og det er særskilt blant mennene det aukar. Om vi skal tru ingressen til saka, så er ein av grunnane til gapet mellom kjønna at kvinner vel bort menn utan utdanning til fordel for «pent brukte» middelklassemenn.

Heilt ny er ikkje denne nyheita, som har dukka opp med jamne mellomrom sidan 2004, då forskar Kari Skrede først skildra fenomenet, men pytt sann: Ein av fire menn er eit høgt og urovekkande tal, ikkje minst når ein tar inn over seg at menn (i motsetnad til kvinner) har stor helsegevinst av å leve i parforhold og med barn.

Ein kan, slik Camilla Stoltenberg og andre har gjort, tolke desse tala som eit indisium på at kvinner er i ferd med å få for mykje makt: No vil dei ikkje ha barn med vanlege menn ein gong! Ein kan også sjå det som eit indisium på dei store og vedvarande ulikskapane menn imellom: Ser ein på statistikken, ser ein at ulikskapane mellom menn og kvinner har blitt mindre på mange område, men at forskjellane mellom menn er store. I leveår tyder det at kvinner gjennomsnittleg lever 3,6 år lengre enn menn, som er nesten ei halvering av forskjellen sidan 1980-talet, men at menn med høgare utdanning lever sju år lengre enn menn som berre har grunnskule. Ser ein på fråfall, tyder det at 80 prosent av gutane gjennomfører studiespesialiserande på fem år, mot berre 56 prosent av gutane som fullfører yrkesfag (mot 88 og 64 prosent av jentene).

Ser ein på høgare utdanning, er bilete meir nyansert enn ein kunne få inntrykk av: Kvinner tok litt fleire doktorgradar enn menn i 2014–2015, men i 2016 var menn igjen på topp. Kvinner dominerer på lågare nivå, men gjennomsnittleg tar menn framleis lengre utdanning enn kvinner. I politikk, næringsliv og finans dominerer menn framleis. I sum er det eit større problem at både utdanningsløp, arbeidsmarknad og busetnadsmønster framleis er så kjønnsdelte, enn at kvinner dominerer. Dessutan er ulikskapen mellom menn er ei større utfordring for menn, enn ulikskapen mellom menn og kvinner. Og kva med påstanden om at kvinner vel bort menn utan utdanning?

Sjølv er eg doktorgradsstipendiat og forlova med verdas finaste mann (29), som er bartender. Bestevenane hans, tømrarlærlingen (29) og sykkelreparatøren (31), er så vidt eg kan sjå damemagnetar av dimensjonar. Alle bur i Oslo. Kanskje er det viktigare at barna er nære, enn at dei er like, om dei skal leike godt? Er du høgt utdanna bykvinne, er ikkje sannsynet stort for at du korkje møter eller får barn med ein bygdebusett handverkar.

Strukturane speler kanskje større rolle enn enkeltkvinners val, og dei er iallfall lettare å gjere noko med. Vi kan trass alt ikkje pålegge kvinner å få barn med visse menn, men vi kan arbeide for at alle skal få likare sjansar til trygt arbeid, god helse og familieliv. Ein mindre kjønnsdelt arbeidsmarknad og eit løft for arbeidarklassa er ein stad å starte, med fleire heile, faste stillingar, tryggare arbeid og betre løn. Det vil også kome kvinner til gode.

kristina.leganger.iversen@gmail.com

Feministane Bodil Stenseth, Wencke Mühleisen, Asta Beate Håland, Stephen Walton, Kristina Leganger Iversen og Sumaya Jirde Ali skriv i Klassekampen måndagar.

Artikkelen er oppdatert: 21. desember 2017 kl. 13.23

Klassekampen benytter informasjons­kapsler (cookies) så vi kan gi deg bedre service, og for å holde styr på om du er logget inn på våre tjenester. Du kan lese mer om vår bruk av informasjons­kapsler her.

Lukk