Klassekampen.no
Lørdag 2. desember 2017
Lys i mørket: For meg eller deg?
Egoismen sviktar ofte nett i det han trengst aller mest.
Vinterlys

Når eg går forbi ein vakker hage, er det første som fell meg inn, at alle desse blomane rett attmed vegen er her for at eg skal bli glad.

Ved nærare ettertanke skjønar eg at dei som bur der inne, har planta dei for seg sjølve. Dersom hagen er svært stor, med høge tre og flotte roser, er det rimeleg å gå ut ifrå at dei er så rike at dei har fått nokon til å gjera det for seg. Hagen er ein demonstrasjon på kor urettvist det gode og vakre er fordelt.

Men det første inntrykket, den spontane koplinga mellom sanseinntrykk og magekjensle, er at han er her berre for meg.

Slike kortslutningar er kanskje grunnen til at så mange beundrar dei rike så høgt at dei legg makta i hendene på menn som ikkje duger til anna enn å mjøla si eiga kake. Så lenge dei trur at det på eitt eller anna vis skal dryssa over på dei personleg og gje dei løn for lojaliteten, er det jo rimeleg nok. Og når dei held fram trass i at det berre fører til tap, er det vel fordi ingen liker å halda rekneskap over dei dårlege investeringane sine. Det er det ein kallar å kasta gode pengar etter dårlege pengar.

Men når underskotet har blitt så grotesk at det ikkje lenger kan dekkjast over, måtte vel reine skire sjølvopphaldingsdrifta pressa fram eit anna reaksjonsmønster. Kvifor får diktatoren støtte av veljarane lenge etter at han har plyndra dei langt inn i neste generasjon?

Det må vera noko grunnleggjande gale med egoismen til folk, som gjer at han sviktar nett i det han trengst mest. Sjølvoppofringa tek overhand, stikk i strid med det egoistiske DNA-et inni kroppscellene våre.

Dette er baksida av ein eigenskap som i andre samanhengar har vore avgjerande for at menneskeslekta skulle kunna overleva. Evolusjonsbiologien David Sloan Wilson har i fleire tiår forska på genetisk nedarva nestekjærleik, og kom sist veke eins ærend frå USA til Stavanger for å fortelja om det. Han la fram omfattande dokumentasjon for at mennesket slett ikkje er så styrt av eigennytte at det er dømt til å øydeleggja sitt eige livsgrunnlag, sjølv om altruisme, eller prososialitet som han helst vil kalla det, er mest vanleg i mindre grupper, og vanskeleg å få spreidd til heile verda.

Mest forvitneleg var det å få eit biologisk perspektiv på samanhengen mellom kultur og åtferd. Til dømes vil studentar som flyttar inn i eit hjelpsamt nabolag, raskt bli meir interesserte i andre. Like raskt lærer dei å passa sine eigne saker dersom dei hamnar i ein biotop der alle er seg sjølve nærast.

Då eg eit par dagar seinare hengde opp lyslenker i dei vintergrøne buskane ved inngangsdøra, hugsa eg at han hadde sagt at dei som pyntar husa sine til jul, er meir prososiale enn dei som ikkje gjer det. Eg har no alltid trudd at eg gjorde det for meg sjølv, for å kunna gle meg over glitringa i barlindene når eg kom heim på mørke kveldar. Men eg kjenner den same gleda når eg ser det i dei andre sine hagar. Og dei som joggar og syklar forbi, smiler som om lysa var der for deira skuld.

s.skjold@online.no

Ikkje søtt, ikkje surt, ikkje bittert – men salt. Solveig Aareskjold skriv om det ho sjølv vil i Klassekampen kvar laurdag.

«Det må vera noko gale med egoismen til folk»

Artikkelen er oppdatert: 29. desember 2017 kl. 13.23

Klassekampen benytter informasjons­kapsler (cookies) så vi kan gi deg bedre service, og for å holde styr på om du er logget inn på våre tjenester. Du kan lese mer om vår bruk av informasjons­kapsler her.

Lukk