Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Fråvær: Kven har svikta når ei bok om dikt nesten ikkje inneheld lyrikk?

Varmestafetten

ELSKA: Inger Hagerup er breiast representert, med fem av bokas 57 dikt. Foto: Ivar Aaserud, Aktuell/NTB Scanpix

Pute-tv har eg høyrt at ein kallar det, slike tv-program der ein sit med ei pute i fanget, klar til å gøyma ansiktet når dei på skjermen oppfører seg så pinleg at ein ikkje orkar å sjå på. Nyleg kom det ut ei bok som for mange nok vil aspirera til å vera ei pute-bok. «Ord som får voksne menn til å gråte» er tittelen, og nett det er det ein har sett seg føre å gje oss: Vel eit dikt som får deg til å gråta, og gje ei forklaring! Denne invitasjonen har gått ut til 71 leiande menn i det norske samfunnet, frå konsernleiarar og toppbyråkratar til mediefolk og romanforfattarar. Resultatet er som ei coffee table-bok i lite format, med dikt ledsaga av korte, personlege presentasjonar skrivne av personar folk veit kven er.