Klassekampen.no
Lørdag 2. desember 2017
Jubilant: Freddy Fjellheim feirar 60 år med å gje ut tre tidlegare romanar. Foto: Maja Hattvang
Språklivleg: Freddy Fjellheims bøker er ein fabulerandre trilogi over sjølvet.
Overskridande tvisyn

Når forfattaren Freddy Fjellheim fyller 60 år i haust, blir det feira med boka «3 bøker». Det er ei samlebok beståande av tre tidlegare utgjevingar frå Fjellheims hand: «1.Olsens Bok» (1983), «Smaragden» (1989) og «Rov» (1995).

Dei tre bøkene utgjer eit tverr- og lengdesnitt i eit mangfelt forfattarskap. Det fremste kjenneteiknet på Fjellheims litterære stil, er at bøkene hans ikkje dyrkar éin bestemt stil, men fleire stilregistre samstundes. Sjangeroverskridinga, eller hybridiseringa, synest å vere implementert som ufråvikeleg prinsipp i skrivinga hans.

Kjærleiksforteljinga «Smaragden» er den av dei tre bøkene der sjangermangfaldet er mest iaugefallande, med tydelege oppdelte sekvensar i fiksjonsprosa, sakprosa, sakprosadikt, prosalyrikk og dikt. Likevel går ikkje den streitaste prosaboka blant dei tre, «Rov», med sine sju noveller skrivne i sosialrealistisk stil, fri: Lyriske passasjar blir sprengd inn i prosaen, eller så tværar forfattaren ut den realistiske skrivemåten slik at teksten formeleg byrjar å vri seg or sjangeren. «Konvensjonens språk er voldelig, med et ferniss av mild, sunn fornuft», reflekterer protagonisten i sistenovella ‘Blod’.

I debutboka «1.Olsens Bok» er den retoriske interessa heller ingen løyndom. I eit mellomord listar den pseudonyme forfattaren opp «novelle, skisse, fortelling (…) hån, lyrikk, belæring». Og eg kan for eigen rekning leggje til fabel, eventyr, segn, myte, parabel og ordspråk. Fordi dei 22 biografiane som utgjer hovudtekstane i debuten er omgitt av andre tekstar – titlar forord, mellomord, etterord og sitat frå ei ikkje-eksisterande «2.Olsens Bok» – kan ein lett gå seg vill i den litterære konstruksjonen, og gløyme å lese dei 22 biografiane nøye. Dei er fabulerande gravsongar over den ukompliserte, naive identiteten. I biografiane blir nidstenger reist og forfattaren kombinerer satire, skjemt og alvor. Han skriv bibelske parablar/likningar over ulike fenomen som seksuell overskriding, konformisme og korleis møte og handtere det framande. I det ytre er Fjellheims debutbok eit oppgjer med varesamfunnet og boka som vare, i det indre er det ei bok om overgangen til ei ny identitetsforståing.

Fakta:

roman

Freddy Fjellheim

3 bøker

Cappelen Damm 2017, 424 sider

Kva er den edle kjernen i sjangerkonglomeratet «Smaragden»? Edelsteinen smaragd er jo slett ikkje ein blanda, samansett bergart. Rammeforteljinga, som handlar om lengta og jakta etter kjærasten Gabrielle i Palermo, vekslar med sakprosa-, dikt- og prosadiktsekvensar som har ulikt innhald, men kan relaterast til hovudforteljinga. Undertittelen på boka er «Sekvenser». Lesaren får i «Smaragden» altså ei rekkje av tekstar eller steinar, som til saman dannar eit kjede eller eit smykke. Om smykket er ei rekkje eller blir ein ring og bit seg sjølv i halen, skal her vere usagt. Uansett så held «Smaragden» fram og peikar mot det uendelege. Rammeforteljinga blir etter kvart heimsøkt av ein aukande tvil om Gabrielle faktisk eksisterer, eller berre er ein emosjonell og språkleg fiksering hos eg-et. «Smaragden» framstår meir og meir som ei undersøking av kjærleikens, lengtas og forføringas språk.

«Rov», med undertittelen «Folkelivsskildring», inneheld sju forteljingar eller noveller. Ordet «rov» tydar å røve eller å bli bytte for nokon, og Fjellheims skrivemåte verkar her å ha blitt eit bytte for realismens framstillingsform, samstundes som personane i forteljingane i ulik grad er fanga og røva av dei sosiale og språklege spela. I opningsforteljinga ‘Kino’ forelskar den unge eg-personen seg i ei med ein annan klassebakgrunn og matrest av klassesviket. I fleire forteljingar blir lesaren vitne til dei falske fasadane i den utdanna middelklassen. I andre får ein ta del i klassereisa og oppbrotet frå familiebakgrunnen. Det går sjølvsagt ei utydeleg line frå den første forteljinga til den siste, der hovudpersonen blir innlagd på psykiatrisk sjukehus, og tonar ut i eit krast og treffande politisk testament over vår tid: «Mennesker vil oppdra barn, uten å oppdra seg selv. Vil hjelpe andre uten å tilintetgjøre seg selv. Vil kjenne behag, uten å anerkjenne ubehagets skyggeside».

Folkelivsskildringa er eit barn av romantikken. Og romantikken fann opp individet. Fjellheims folkelivsskildringar demonstrerer det som verkar sjølvsagt, men er eit paradoks: at det individuelle finst i alle. Og når det individuelle blir opphøgd til allmenn politikk, blir det også, slik Fjellheim syner, til ei sosial og politisk tvangs-trøye.

«1.Olsens bok» er også oppteken av det som openbert modererer sjølvets suverenitet, som gjer at alle menneske finst i mennesket. Slik går det både ei og fleire felles liner gjennom desse tre bøkene. Sjølvsagt vil nokon irritere seg over den sjølvrefleksive skrifta, språkkonstruksjonen, det metalitterære preget, alt dette som høyrer åttitalslitteraturen til. På meg verkar det derimot frigjerande å oppleve litteratur som er driven fram av oppdagingstrong og erkjenningsvilje. Eg les «3 bøker» av Freddy Fjellheim som ein fabulerande og språklivleg trilogi over sjølvet, individet og den problematiske identiteten. Blikkar ein ut i verda, eller rettare, inn i skjermen, er det jo berre det konstruerte og isolerte individet ein ser, likevel.

bokmagasinet@klassekampen.no

Artikkelen er oppdatert: 29. desember 2017 kl. 14.07

Klassekampen benytter informasjons­kapsler (cookies) så vi kan gi deg bedre service, og for å holde styr på om du er logget inn på våre tjenester. Du kan lese mer om vår bruk av informasjons­kapsler her.

Lukk