Klassekampen.no
Onsdag 29. november 2017
Fyrste minne

Som sikkert mange andre, lurar eg støtt på korleis eg har blitt som eg har blitt. Eg trur eg er litt rar. Men i ein alder som nærmar seg tretti, er ikkje det lengre naudsynt negativt. Eg undrar på om mitt fyrste barndomsminne har noko med saka å gjere. Det at eg sat i eit gult barnesete bakpå ein sykkel. På familieferie. Som ved fyrste stopp, ved kaia, viste seg å ikkje vera festa godt nok. Og at eg plutseleg hang i barnesete, vippa ned langs bakhjulet. Barnesetet med meg opp-ned, og mest sannsynleg nokre forskrekka hyl frå foreldra mine.

Eg er litt usikker på om dette minnet er heilt autentisk. Eller om fargen på barnesetet har lurt seg inn i medvitet mitt frå eit gamalt fotografi i eit gamalt fotoalbum. Eg veit jo at eg ikkje hugsar den gyngehesten på hotellet på den ferien, som eg måtte leike med medan systrene mine fekk vere ute å ri på ordentlege hestar. Eg var minst, og dette veit eg berre ut frå forteljingar og bilete i albuma.

Vi snakkar om bilete som må vere 25 år gamle. Det er faktisk nesten heile livet mitt. Fotografia har byrja å gulne. Slik som farfar sine røykefingre. Slik som minna mistar litt av klarheita si, etter kvart som tida går.

Eg har ofte høyrd at eg har eit merkverdig godt minne. Bestevenninna mi måtte ringe meg i forkant av eit intervju, fordi journalisten ville høyre ei historie om noko av det dummaste ho hadde gjort. Eg hadde fleire morosamheiter på lager.

Men kva med alle dei minna som får detaljane revidert, fordi vi får så mange sanseinntrykk kvar einaste dag, slik at hjernen ikkje klarar gjenskape originalen korrekt? Eg har lest om konstruerte minne. Ein kan visst få folk til å tru at det meste er eit reelt minne, så lenge ein veit korleis ein skal gå fram. Søvn er viktig for minnet, for å hugse. Og eg har slite med søvn fleire år av vaksen livet mitt.

Så kanskje hukommelsen min ikkje alltid er på topp. Kanskje hjernen har vore så sliten at den har blingsa på detaljane og summert saman det eg hugsar og det eg har vorte fortald. Slik at eg ikkje eigentleg har dette merkverdig gode minne, men berre er ekstra flink til å snakke og skape dei gode forteljingane. Kanskje eg ikkje eigentleg hugsar det gule barnesetet på sykkelen. Kanskje eg ikkje hugsar den ferien i det heile. Då har eg ikkje lengre ei forklaring på kvifor eg kjenner meg litt spesiell. Eller kanskje eg ikkje er rar i det heile?

solheim.mailiss@gmail.com

Teksten er skrevet i regi av Klassekampen- akademiet.

Artikkelen er oppdatert: 29. desember 2017 kl. 10.26

Klassekampen benytter informasjons­kapsler (cookies) så vi kan gi deg bedre service, og for å holde styr på om du er logget inn på våre tjenester. Du kan lese mer om vår bruk av informasjons­kapsler her.

Lukk