- Valnederlaget til Ap har denne veka vorte diskutert av toppane i partiet og i LO på kartellkonferansen til LO Stat på Gol. Samtidig har statsvitaren Tor Bjørklund lagt fram tal som viser noko av kva som har gått gale for Ap, iallfall over tid. Bjørklund fekk i haust stilt eit meiningsmålingsspørsmål om kva klasse folk sjølve reknar seg til, over-, middel- eller arbeidarklassen. Det same spørsmålet har vorte stilt i ei rekke valundersøkingar sidan 1965 og gir interessante svar: Langt færre ser seg no som ein del av arbeidarklassen enn for 50 år sidan, sjølv om dette har vore ganske stabilt etter 2001. Dessutan har venstresida mista grep om dei som meiner dei tilhøyrer arbeidarklassen, mens fleire no stør høgrepartia. To tredelar av Ap-veljarane sa i 1965 at dei høyrer til arbeidarklassen, mot ein tredel i dag.
Klasse og val
Leder