Klassekampen.no
Fredag 10. november 2017
Lesarane har fått meir journalistikk på nynorsk i riksavisene våre.
Mål og meining

«Du kommer aldri til å få skrive nynorsk i denne avisen», var den klare beskjeden eg fekk frå redaktøren i Arbeiderbladet for tjue år sidan. Det var min første arbeidsdag som journalist i avisa som seinare same året skifta namn til Dagsavisen (Arbeiderbladet).

På den tida var det yrkesforbod for praktiserande nynorskjournalistar i dei store riksavisene. Berre eitt og anna lesarinnlegg på landsmålet, og kanskje ei bokmelding, nådde fram til trykkpressa. Mindre riksaviser som Vårt Land, Nationen og Klassekampen, var språklege motkrefter i bokmålslandet ved å tillate saker på nynorsk.

Når redaktørane nektar folk å lesa språket sitt, viser dei manglande respekt for lesarane. Dei svekker den norske kulturarven og bidrar til å presse nynorsken tilbake til kjerneområda vest i landet. Fleire av dei har snakka med store ord for ytringsfridom og toleranse, samtidig som dei har undertrykt ein viktig del av identiteten til fleire av sine eigne tilsette.

I norske aviser er den ansvarlege redaktøren allmektig, og steintavlene hans var skrive på bokmål. I tillegg har han argumentert praktisk, ved å seie at manglande nynorskkunnskap på desken gjer det vanskeleg å redigere tekstane. Kronargumentet mot nynorsken var kronene: Det vart sagt at avisa ville tape både lesarar og pengar.

Redaktøren tok feil om framtida til meg og nynorsken i Dagsavisen. Da avisa fekk ny sjef nokre år seinare, fekk eg lov til å bruke hovudmålet, men berre i kommentarar, ikkje på nyheitsplass.

Sidan har det skjedd mykje med mediespråket. Dagens redaktør seier Dagsavisen no er open for nynorsk også på nyheitsplass. Bergens Tidende og andre viktige aviser likestiller nynorsk og bokmål, utan kaos på desken. Klassekampen har bevist at nynorsk ikkje skremmer lesarar. Tvert om har avisa vakse, samtidig som vi har fått fleire journalistar og skribentar som nyttar nynorsk. Dessutan har den digitale revolusjonen ført til at vi møter nynorsk skrift langt oftare enn tidlegare.

Storavisene Aftenposten, VG og Dagens Næringsliv, – ja, sjølv kulturavisa Dagbladet, har derimot halde på nynorskforbodet. Dei har gjort unntak med enkeltståande kommentarar og forfattarintervju. Likevel har vi sett at Aftenposten jamvel omsett artiklar frå nynorsk til bokmål før dei blir trykte.

«Nynorsk er ikkje eit nyheitsspråk», sa den politiske redaktøren i VG for ti år sidan. Vi som meiner alt kan skrivast på nynorsk, hadde nok aldri venta det ville skje i den store tabloidavisa. Der tok vi feil.

I dag og i morgon skin sola i sør, medan det i nord kan henda det snør. Pass på å ikkje bli sjuk, dersom du tar deg eit bad på Huk, skreiv journalist Jostein Matre i ein ingress i VG i mai 2017.

Nynorsk vart nemleg gjort til nyheitsspråk også i VG, da Gard Steiro vart ny redaktør i år. Derfor fekk Steiro Nynorsk redaktørpris frå Mediemållaget i førre veke.

Da Steiro tok imot prisen, sa han at det slett ikkje var press frå målrørsla som fekk han til å fjerne forbodet, men respekt for nynorskbrukarane som les VG. «Dessutan syns eg det er vulgært å intervjue Jon Fosse på riksmål», sa han.

Det er ei historisk vending at VG opnar for nynorsk, slik Berit Rekve i Mediemållaget sa da ho overrekte prisen på eit møte i Norsk redaktørforeining. Langvarig mas frå nynorskbrukarar og målrørsla har bidratt til at folk møter meir nynorsk i media, også i riksaviser.

For målfolk er det eit mål å få viktige aviser som Aftenposten og Dagbladet til å komma etter. Meininga må vera at media skal nytte målet i kvardagen, ikkje berre pynte seg med Jon Fosse på nynorsk. For dagen er ikkje heilt den same utan nynorsk.

kallset@klassekampen.no

Artikkelen er oppdatert: 29. november 2017 kl. 09.49

Klassekampen benytter informasjons­kapsler (cookies) så vi kan gi deg bedre service, og for å holde styr på om du er logget inn på våre tjenester. Du kan lese mer om vår bruk av informasjons­kapsler her.

Lukk