Klassekampen.no
Onsdag 8. november 2017
Først ute: El-ferja Ampere er den første heilelektriske el-ferja.
El kan verte den nye olja
OVERBYGG: På Fjellstrand er dei i gang med overbygget til den andre el-ferje.
TRÅDLAUS: Asmund Aasheim ved Wärtzila på Stord har utvikla den første trådlause ladaren for ferjene.
PUSSAR: Håkon Nøstbakken pusser propellblad. Verdsleiande Servogear har levert 1800 propellsystem.
KRAV: Optimismen rår mellom dei mange verksemdene som satsar på elektrifisering av skipsfarten. Dei ber staten stille strengare klimakrav til skipsfarten.

miljø

– Omsetninga vår er venta å vekse frå 90 millionar i år til 270 millionar neste år, fortel Europasjef for Corvus, Willie Waagen.

Frå Bergen leverer dei batteripakkar til alle typar båtar. I fjor hadde verksemda tre tilsette, neste år minst 20 tilsette. Den teknologiske utviklinga forklarer det meste av framgangen.

Fakta:

Maritime Clean Tech:

• NCE Maritime CleanTech er ei maritim næringsklynge med 61 ulike verksemder, dei fleste frå Hordaland og Rogaland.

• Deltakarane i klynga representerer heile den maritime verdikjeda, leverandørar av fornybar energi, samt forskings- og utdannings­institusjonar.

• Klynga lanserer løysingar for energieffektive og klimavenlege maritime aktivitetar.

• Klynga produserer batteridrevne ferjer og skal produsere den første el-snøggbåten.

• Elektrifisering av ferje og snøggbåttrafikken kan redusere nasjonale CO2-utslepp lik 250.000 personbilar.

• Klassekampen ser i ein serie nærmare på norske elferjer.

Sparer drivstoff

– Prisen på batteria er halvert på eit og eit halvt år, det same er volumet. Vekta er redusert med 20 prosent, fortel europasjef for Corvus, Willie Waagen.

– Med desse prisane har marknaden opna seg. I åra som kjem, må vi halde kapasiteten oppe, meiner han.

Det er ikkje berre ferjer som treng batteripakker.

– Heilt nye fartøy vi trudde ikkje ville vere aktuelle, kjem for fullt. Det gjeld fiskefartøy, kjemikalietankarar og store produksjonsbåtar, seier Waagen.

Skipa har elmotor og får straum frå fleire dieselgeneratorar. Desse ladar også opp batteria som vert kopla inn når motoren har toppbelastning.

– Då kan ein spara 30–40 prosent på energibruken, fortel Jan Berg, administrerande direktør i Scandinavian Electric.

Åttedobling

Bergensselskapet hadde 80 prosent av omsetnaden på leveransar til oljeindustrien. To år med raude tal i rekneskapen er i 2017 snudd til pluss. Verksemda har ein ordre­reserve som svarer til tre år med produksjon.

– Vi skal levere motorar til sju elektriske ferjer, til fiskebåtar, båtar som set ut vindkraft og cruisebåtar som treng nye energikjelder. Vi har og fått tilskot frå Enova til å gjere det største bulkskipet i verda meir elektrisk. Det vil redusere klimagassutsleppa frå denne båten med mellom 30 og 40 prosent, seier Berg.

Marknaden verksemda opererer i har auka frå fem til 40 milliardar kroner på eit par år.

Grønt skifte

Propell- og girleverandøren Servogear på Bømlo er mellom verksemdene som satsar elektrisk.

– Vripropellar kunne ein her på Bømlo. Vi har i dei snart 50 åra vi har halde på utvikla propellar mot hurtigbåtmarkedet. Desse som reduserer drivstoffutgiftene kraftig samanlikna med andre tilgjengelege konsept opp mot 30 prosent, seier administrerande direktør Torleif Stokke.

Eit ror verksemda har utvikla bidreg til det same, gir båten et løft under fart og reduserer forbruket av drivstoff.

Servogear er mellom verksemdene som skal byggje den første batteridrivne snøggbåten.

– Verksemda har vore med på det grøne skiftet heilt sidan starten, sidan vårt viktigaste mål har vore å redusere drivstoffbruken.

Noreg først

Hege Økland, dagleg leiar i NCE Maritime Clean Tech (sjå faktaboks), trur på kraftig vekst.

– Alt det som har skjedd på ferjesida med dei nye miljøkrava har skapt mykje aktivitet i klynga vår. No må vi ta denne nye teknologien med oss ut i verda der dei ikkje er komne like langt som oss.

Økland meiner ferjene, snøggbåtane og offshoreflåten er gode døme på at utviklinga er på rett veg, men ho saknar press på skipsfarten.

– Den internasjonale skipsfarten er utan utsleppskrav utsleppsreguleringar for CO2. Oslo skal verte fossilfri innan 2020, Bergen innan 2030, men ingen har sagt at fjordane, og kystene skal vere fossilfri, heller ikkje hamnane. He er utsleppa store og fører til dårleg luftkvalitet, seier Økland.

Eit døme på at det er mogleg å gjere noko er Hurtigruten der NCE Maritime Clean Tech har vore med å greie ut fossilfri hurtigrute. Teknisk Ukeblad har presentert resultata som syner at ein kombinasjon av batteridrift og hydrogen kan vere løysinga.

– Pålegg og offentlege tilskot er naudsynt for å setje endå meir fart på det grøne skiftet.

Økland er uroleg over at regjeringa har gjort framlegg om å kutte 69 millionar kroner på utvikling av miljøteknologi. Ho set lit til at det nyoppretta Fornybarfondet skal investere i bedrifter med grøn teknologi for å få opp salet.

– Vi kan bruke mykje pengar på å utvikle teknologien, men vi treng bidrag til å få produkta ut. Her blir fondet viktig berre dei får pengar nok.

gunnarw@klassekampen.no

Artikkelen er oppdatert: 29. november 2017 kl. 09.02

Klassekampen benytter informasjons­kapsler (cookies) så vi kan gi deg bedre service, og for å holde styr på om du er logget inn på våre tjenester. Du kan lese mer om vår bruk av informasjons­kapsler her.

Lukk