Klassekampen.no
Onsdag 8. november 2017
INGEN EINSKAP: Det norske og britiske pronomensystemet.
Det er ugreie i pronomena.
Pronomen

Spalta førre veka om De og de reiser ytterlegare spørsmål. Lat oss først kvittera ut ordet pronomen. Pro- er «i staden for». Nomen er «substantiv; namnord». Så eit pronomen er ein ordtype som står i staden for eit substantiv; «han» står for mannen eller bilen, «ho» står for dama eller boka.

Men – det er ugreie i pronomena. På nynorsk er både me og vi korrekt. Dei to liknar jo ikkje på kvarandre! Forklaring: Det gamle norrøne ordet var vér, noko me skulle venta, i og med at det heiter wir på tysk, we på engelsk, vi på dansk. «Vi er» heitte på norrønt vér erum. No er det slik at omvend ordstilling er kurant på norsk, ikkje minst på norrønt. Der vart det då erum vér. I seinare norrøn tid skjedde så det som av og til skjer, at ein lyd frå eitt ord blir trekt over på det påfølgjande ordet. Våre forfedrar vest og sør i landet tok til å seia erum mér.

Så me oppstod rett og slett ved at m-en i verbet hoppa over til pronomenet som følgde etter. Som me kan observera i dagens norsk, skjedde denne «hektinga» berre i ein del av landet; dei fleste nordmenn held seg stødig og lydig til den opphavlege forma «vi».

Som nydanning er ikkje dette fenomenet noko særsyn. Vår moderne preposisjon på er danna på same vis. På fanst ikkje i klassisk norrønt, dei hadde «upp» og dei hadde «à». Det siste tydde «på»; jf. at «på Island» den dag i dag heiter «à Islandi» der vest.

Men etter kvart vart det vanleg over heile det skandinaviske språkområdet å hekta p-en over til à-en. Dermed såg denne nye «bastard»-preposisjonen dagsens ljos, og den nye på erstatta fullt og heilt den gamle à-en. Men altså ikkje på Island!

Svensk kan oppvisa ein parallell til vårt fenomen me. Svenskane hadde naturleg nok same pronomensystemet i fleirtal som resten av Skandinavia, altså I(i) og Eder(eder), der I svarar direkte til ér på norrønt og ihr på tysk. På 1600-talet vart n-en i eit verb som kallen dregen over på pronomenet i («de»). Kallen i vart til «kallen ni». Svensk ni er altså, som me, eit resultat av at ein har tulla med stavingsgrensa mellom to ord.

Vårt moderne pronomensystem er såleis prega av fleire feilkoplingar mellom verbformer og pronomen. Mange av dykk lesarar har vel no forstått at same fenomen ligg til grunn for den initiale d-en i de og dere, dykk og dykkar. Andre person fleirtal i verba enda i norrønt på bokstaven d. Èr erud vart med omvend ordstilling erud ér; i dag «er de». Og erud ykkr vart til «er dykk».

I ljos av dette blir det forståeleg at me ikkje finst i islandsk, endå dét språket har røtene sine på Vestlandet, for utviklinga av norsk me skjedde ein god del seinare enn landnåmet på Island. For over tusen år sidan var det tydelege formelle samband mellom pronomena i engelsk, tysk og skandinavisk. (Andre person fleirtal heitte såleis ye på gamalt engelsk og ér på norrønt.)

Då surret i stavingsgrensene oppstod her i Skandinavia, brotna sambandet. Difor ser språkbrukarane av engelsk og skandinavisk i dag ingen einskap i pronomensystema.

sylfest.lomheim@gmail.com

Sylfest Lomheim skriv om språk i Klassekampen kvar onsdag.

«Svensk kan oppvisa ein parallell til vårt fenomen ‘me’»

Artikkelen er oppdatert: 29. november 2017 kl. 09.28
Onsdag 28. februar 2018
Ein opprådd lærar i grunnskulen tok kontakt; eit kvikt hovud i klassen hadde lurt på kvifor me seier at det er saft på termosen. Saften er då i termosen, eller...
Onsdag 21. februar 2018
No i februar kom det ei bok med tittelen «Psykisk helsearbeid». Me forstår at boka må handla om arbeid med psykisk helse. Men tittelen er ikkje uproblematisk. Han representerer det same uføret som Dagsavisen kom i den...
Onsdag 14. februar 2018
Korleis det går med Lula da Silva og presidentvalet i Brasil, er vanskeleg å seia. Derimot er det lett å seia at nasjonalspråket hans er portugisisk. Like lett å seia som at hans språk er større enn russisk. Det siste...
Onsdag 7. februar 2018
Alle lyg. Dei som seier dei aldri lyg, lyg iallfall.Dessutan er det slik at me lyg mindre om føremiddagen enn om kvelden. Så snakk med Siv Jensen før klokka ti. Det er skilnad på kor grovt folk lyg. Trur du eg...
Onsdag 10. januar 2018
Dagsrevyen har ikkje høve til å skriva Kongen om Harald.Dagsrevyen er pålagd å følgja norsk rettskriving. Punktum. Kongen med stor k er berre eit organ som held møte på Slottet om...
Onsdag 3. januar 2018
«Sexy spisesteder» var Aftenposten-overskrift i november 2017.Dei refererte ikkje til noko kjønnsleg; det var noko spennande og attraktivt. Liknande bruk av sexy såg eg i Dagsavisen.
Onsdag 6. desember 2017
Me var innom menneskespråk og biologi den 22. november. For å gjera rettferd skriv eg i dag om dyr som kommuniserer. Først den kvalitative og prinsipielle språkskilnaden mellom menneske og dyr: Viss me definerer...
Onsdag 29. november 2017
Me treng den blåsvarte Blåmann til å lysa opp no i november. For temaet er namn på husdyr. Stutane Balder og Odin har levd godt på...

Klassekampen benytter informasjons­kapsler (cookies) så vi kan gi deg bedre service, og for å holde styr på om du er logget inn på våre tjenester. Du kan lese mer om vår bruk av informasjons­kapsler her.

Lukk