Klassekampen.no
Tirsdag 7. november 2017
TYN: Fylkesordførarane Jenny Følling (Sp) (t.h.) og Anne Gine Hestetun (Ap), får kjeft for «Vestlandet». Foto: Gunnar Wiederstrøm
Namnet «Vestlandet» haustar storm.
Namnebråk i vest

Først då fylkestinga i Hordaland og Sogn og Fjordane rådde til å velje «Vestlandet» som namn på den nye regionen, fekk ein det første bredt engasjerte ordskiftet om regionreforma her vest. Både frå Møre og Romsdal og Rogaland kom protestane.

Forsvaret frå dei som valde å gjere berre ein del av Vestlandet til «Vestlandet», er at Rogaland og Møre og Romsdal takka nei til det store fellesskapet. Ikkje rart ei slik grunngjeving provoserte.

No har det ikkje vore enkelt å finne namn. Det er så mange omsyn. Ta til dømes framlegget Bergenhus. Berre det å ta med Bergen i namnet er for mange frå Sogn og Fjordane ein provokasjon. Historisk har dei alltid kjent seg tråkka på av arrogante bergensarar.

Sogn og Fjordane har heilt sidan 1500-talet vore styrt frå Bergen først som del av Bergenhus amt, sidan som Nordre Bergenhus amt med ein amtmann i Bergen. Først i 1840 fekk amtmannen sete i Sogn. Framleis finn ein bergensarar som kallar Sogn og Fjordane for nordfylket, noko som seier sitt om den vidgjetne bergenske arrogansen. Det er noko av det same som gjer at heller ikkje Bjørgvin, det gamle namnet på Bergen vinn åtgaum hjå sogningar og fjordingar.

Namnevalet vart teke i Gulen kommune. Her låg Gulating, sete for styringsverket på Vestlandet frå år 800 til 1200. Språkrådet er mellom dei som meiner at eit namn som ber Gulen i seg, høver langt betre enn Vestlandet, men også dette namnet har geografiske utfordringar. Gulating strekte seg på sitt største heilt frå Lyngør i sør til og med Møre i nord. Med tanke på dei sterke reaksjonane namnevalet Vestlandet har vekt hos kjenslevare politikarar i Rogaland, er truleg også namn som kan knytast til Gulating ekskludert.

Ikkje alle som er på bana med kritikk, kan seiast å vere særleg opptekne av framtida til regionen. Når senterpartistar på Stortinget frå Vestlandet går ut mot namnet, er det lett å mistenkje dei for å vere opptekne av å stogge reforma. Då kan det vere verd å nemne at alle senterpartistar i dei to fylkestinga som gjorda namnevalet, sa ja til «Vestlandet».

Ein av stortingsrepresentantane, Geir Pollestad (Sp) frå Rogaland, tek rett nok ein humoristisk vri: «Namnet er ikkje dekkande og i samsvar med geografien. Ein pusekatt vert ikkje tiger om du gjev han namnet Tiger.»

Frå kollega Aleksander Stokkebø (H) kjem framlegget Midt-Vestlandet. Dette vart utvikla til Midtvesten av ei vittig sjel. Då Vestlandskontoret til Klassekampen vart opna i Bergen torsdag, kunne ikkje Olav Terje Bergo, tidlegare redaktør i Bergensavisen dy seg. Skulle Vestlandet heite Midtvesten, måtte Midtausten vere det perfekte namnet på den nye regionen Viken, fødd i strid som denne regionen er.

Kvar kan denne striden ende? Løysinga kan liggje i det fylkesordførar Jenny Følling (Sp) har lansert som eit kompromiss nemleg «Vestland». Det er uansett betre enn Fjordland som ei humoristisk sjel lanserte her om dagen, for ikkje å snakke om Sogn og Puddefjorden som kom frå ein såra rogalending.

gunnarw@klassekampen.no

«Historisk har dei alltid kjent seg tråkka på av arrogante bergensarar»

Artikkelen er oppdatert: 28. november 2017 kl. 10.12