Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Våpen til Emirata

I 1991 fann eg enno varme tomhylser etter norskprodusert fleirbruksammunisjon kaliber 12.7 mm i ei veggrøft i Sør-Libanon, avfyrde frå ein israelsk tank mot ein terroristmistenkt sivil bil. Det heile var ei mistyding. I bilen sat to fredelege drusarar på veg til kjenningar. I den blodstenka grøfta drog den eldste sitt siste sukk med venstre arm og skulder avskotne. Den andre av i live, men hadde fått rive vekk eit stort stykke av halsen og kjeven. Strupehovudet låg ope i krateret. Då samanhengen gjekk opp for den unge soldaten som fyrde av salva, måtte han hindrast i å ta sitt eige liv.