Tirsdag 7. november 2017
Menneskerettar kostar: Den tyrkiske forfattaren Asli Erdogan framfor Henrik Wergelands Grotten i Oslo. Ho betalar prisen for å stø menneskerettar for kurdarar med å vera tiltala som statsfiende i Tyrkia.
Vi må slutta å tenkja på Tyrkia som eit demokratisk land, seier den noregsaktuelle forfattaren Asli Erdogan:
Politikk trumfar lov og rett
Fri: Asli Erdogan etter lauslatinga frå fengslet 29. desember 2016. Foto: OZAN KOSE, AFP/NTB SCANPIX
Asli Erdogan har lært ei hard lekse i fengsel: Du styrer ikkje over ditt eige liv i Tyrkia.

BØKER

– De gjer den feilen at de trur det går an å sjå på Tyrkia som om landet var eit fungerande demokrati, seier Asli Erdogan då Klassekampen ber henne vurdera den tyrkiske opposisjonens sjansar.

Tyrkia har hatt unntakstilstand sidan kuppforsøket 15. juli i fjor. Jakta på kuppmakarane sklei raskt over i politisk forfølging av all opposisjon, med massearrestasjonar av offiserar, offentleg tilsette, politikarar og journalistar. I april i år fekk president Recep Tayyip Erdogan utvida fullmakter. Eit mandat han har brukt til å stramma inn det politiske handlingsrommet.

– Korleis vil vala i framtida bli? Valresultat kan bli tukla med, og veljarar kan blir pressa, som vi alt har sett døme på. Og ein telefonsamtale frå presidentkontora er alt som skal til for å hindra følgjene av eit valtap.

Fakta

Asli Erdogan:

• Tyrkisk forfattar og menneskerettsaktivist (f. 1967).

• Kjent for mellom anna romanane «Byen med den røde kappa» (1998, norsk utgåve 2004) og «Steinbygningen» (2013).

• Tiltala for medlemskap i terrororganisasjon og trugsmål mot staten og nasjonens einskap i Tyrkia. Risikerer livstidsdom.

• Aktuell med essaysamlinga «Nå er ikke engang stillheten din» (Gyldendal).

Heidra og fengsla

Forfattaren har fått kjenna den utanomrettslege makta på kroppen. Så seint som i 2013 vart ho heidra med den prestisjetunge Sait Faik-prisen i Tyrkia for romanen «Steinbygningen», som òg vart rosa i utlandet. Men Asli Erdogan er også ein uredd menneskerettsaktivist, som bruker ord til å kjempa for borgarrettane til kvinner så vel som til kurdarar. Det siste har gjort henne til ein torn i kjøtet på den tyrkiske presidenten. Ho kastar ikkje bort høvet til å snakka politikk når ho no er på boklansering i Europa. I verste fall kan det bli lenge til ho kan snakka att.

Ei lita stund gløymer vi nesten at den openhjartige kvinna i hotellsofaen berre er på «permisjon» i den frie kvardagen. I Tyrkia heng trugsmål om livsvarig fengsel over henne. I fjor haust sat ho internert i fire og ein halv månad utan heimel i tyrkisk straffelov. Passet fekk ho først att no i september.

Likevel sit Asli Erdogan og fortel galgenhumoristiske anekdotar om livet i dagens paranoide Tyrkia.

– Ein journalist som var tiltala for å ha samarbeidd med den kurdiske geriljaen PKK fekk vita at han hadde avslørt seg ved å notera ned namna til PKK-medlemmar: Baruch Spinoza og Albert Camus. Dei ikkje-tyrkiske namna måtte vera kurdiske, ifølgje påtalemakta.

Asli Erdogan ler. Ho har mengder av liknande historier. Ho vart fengsla 16. august 2016, same dag som politiet stengde avisa ho var spaltist i, Özgür Gündem (Open dagsorden). Den tyrkiskspråklege avisa blir gjerne kalla kurdiskvenleg, fordi ho i årevis har dekt kurdarane sin situasjon og den de facto borgarkrigen. Asli Erdogan, som ikkje talar eit ord kurdisk, vart sjølv tiltala for medlemskap i PKK.

Til nyttår i fjor slapp ho ut av kvinnefengselet Bakirköy. Opphaldet tæra hardt på den frå før dårlege helsa til hennar, men enno ventar ho på den endelege rettssaka, som skulle ha komme opp i heimbyen Istanbul 31. oktober i år. Den mest alvorlege tiltalen gjeld trugsmål mot statens og nasjonens einskap.

«Alle er terroristar»

Prova mot henne? At ho har sete i redaksjonsrådet til Özgür Gündem. Nokre av hennar avisspalter er òg nemnde i tiltalen. To av artiklane vart trykte i Klassekampen i fjor. No har fleire av dei vorte omsette i den nye essaysamlinga «Nå er ikke engang stillheten din» (Gyldendal). Den mest sentrale av artiklane som er nemnd i tiltalen, er seinare trekt som prov av tiltalemakta. Det skjedde etter at FN stadfesta innhaldet.

– Spalta var berre sitat frå graffiti og avisnotisar i det søraustlege Tyrkia [dei kurdiske områda, red.anm.]. Det provoserande var at sitata refererte til hendingane i Cizre.

Cizre er byen der den tyrkiske hæren i 2015 brende kurdarar levande i ein kjellar. Dei innestengde freista å ringa Europaparlamentet om hjelp. FN har seinare slått fast at totalt 2000 sivile vart drepne i krigshandlingane i byen.

– Nokre seier det var terroristar i kjellaren. Eg veit ikkje om det er sant, men vi veit at eit forkola kjevebein i ruinane har høyrt til ein tolvåring. Om dei var terroristar eller sivile, er uvedkommande. Å brenna levande menneske er eit brotsverk, men i Tyrkia er alle andre enn staten terroristar.

Fascisme i utvikling

Forfattaren meiner rettsprosessen mot henne har vore absurd sidan dag ein. Det finst ikkje presedens for tiltalen mot henne. Ifølgje tyrkisk lov er heller ikkje redaksjonsråd juridisk ansvarlege for føretaka dei gjev råd – korkje i pressa eller næringslivet elles.

– Av rådsmedlemmane vart også berre to tiltalte og fengsla, eg og den 70-årige lingvisten Necmiye Alpay.

I den nye essaysamlinga dreg Asli Erdogan både litterære og politiske trådar gjennom verdshistoria. Hitler-Tyskland dukkar fleire gongar opp i form av slåande apropos til dagens Tyrkia.

– Eg dreg ingen direkte parallellar. Eit kvart fascistisk styre er unikt, og ikkje alle fascistar tar politikken til si yttergrense, men fascistiske styre har også nokre samnemnarar. Slik kan vi læra av historia. I eit demokrati kan berre ein uavhengig domstol ta frå deg fridomen. Dei nazistiske konsentrasjonsleirane oppstod då politiet fekk lov til å fengsla folk direkte. Eg vart arrestert og sett i varetekt etter direkte ordre frå statsmakta, ingen dommar var involvert, difor kan eg kalla fengsel for konsentrasjonsleir. I 1939 sat under 40.000 i slike tyske leirar. I Tyrkia har 100.000 vorte arresterte på eitt år.

Forfattaren minner også om lagnaden til Enis Berberoglu, leiande politikar i CHP, landsfaren Atatürks parti.

– Berberoglu vart gripen heime, ført direkte til rettssalen og skulda for å ha lekka statsløyndomar til avisa Cumhuriyet. Berberoglu fekk ikkje høve til å forsvara seg, og i løpet av 15 minutt vart han dømt til 25 års fengsel.

«Statsløyndomane» var den offentleg tilgjengelege, men pinlege informasjonen om at tyrkiske lastebilar hadde frakta våpen til syriske opprørarar.

Statskollaps?

Kor mange kan mista jobbane sine og bli arresterte, før statsapparatet kollapsar? Mangelen på dommarar har lenge vore akutt som følgje av jakta på femtekolonnistar i statsapparatet. Mannen som leia rettsavhøyra av Asli Erdogan var 25 år gamal.

– Du kan ikkje ein gong vera ferdig utdanna advokat ved den alderen. No blir studentar med kort kursing gjeve dommarstillingar i domstolane som handsamar dei tyngste sakene, der tiltalte risikerer livstid. Ein slik dommar har ikkje har mykje fagleg integritet jamført med ein dommar på 60 år som har gått gradane i rettssystemet, jamvel om han måtte vera aldri så mykje AKP-medlem.

Det er dette Asli Erdogan vil stå overfor i Tyrkia.

– Kva kan omverda gjera?

– Lite. Ein gyllen sjanse gjekk tapt då EU ikkje tok inn Tyrkia som medlem saman med Bulgaria og Romania i 2007. AKP sin første regjeringsperiode gav oss dei største demokratiske reformane eg har opplevd. Bulgaria og Romania var ikkje betre skikka til EU-medlemskap enn Tyrkia, men dei var ikkje muslimar. Europa har også stått stille på nokre felt. Om Tyrkia hadde vorte EU-medlem, hadde vi kanskje ikkje fått krigen i Syria heller, men dette blir berre spekulasjonar.

Asli Erdogan er blant dei som meiner Recep Tayyip Erdogan har vendt ryggen mot Europa for godt. Han vil no i staden gjera Tyrkia til ei leiande makt i Midtausten. Mange tyrkarar sluttar opp om presidentens nasjonalistiske retorikk, som lyd som ekko av osmansk stordom. Andre er lojale fordi dei har blitt ein del av den nye og stadig rikare borgarklassen, som Recep Tayyip Erdogan har skapt rundt seg gjennom korrupsjon.

– Det beste Noreg og EU kan gjera er å innsjå realitetane og handla deretter: Tyrkia er ikkje lenger eit demokrati, og dei tyrkiske leiarane har ingen ønske om at landet skal bli eit demokrati i overskodeleg framtid.

guri.kulaas@klassekampen.no

Tirsdag 19. juni 2018
Opposisjonen på Stortinget er kritiske til at Lovdata tar 12.500 kroner for tilgang til alle høyesterettsdommer på nett. – Vi ber regjeringen utrede hva det vil koste å få tjenesten gratis, sier Jenny Klinge (Sp).
Mandag 18. juni 2018
Litteratur- og ­kulturdelen i engelskfaget skal reduseres. Professor Aud Solbjørg Skulstad frykter at tanken om engelsk som et dannelsesfag er i ferd med å forsvinne.
Lørdag 16. juni 2018
Jakob Weidemann lot seg tydelig begeistre av modernismens helter. I en ny utstilling følger vi hans reise fra prøvende aktmaler til abstraksjonens pioner.
Fredag 15. juni 2018
Skal Høyesteretts avgjørelser være gratis tilgjengelig på nett? Det er kjernen i en konflikt mellom Lovdata og ytringsfrihetsaktivister.
Torsdag 14. juni 2018
Frustrasjonen over de store forlagenes markedsmakt vokser. Arve Juritzen og flere andre mindre forleggere opplever at det ikke er likebehandling.
Onsdag 13. juni 2018
Nesten halvparten av barne- og ungdomsbøkene som løftes fram som nye og populære på Ark.no, kommer fra eierforlaget Gyldendal.
Tirsdag 12. juni 2018
Ark bruker nettbokhandelen sin til å profilere feelgood-satsingen Lesetid fra eierforlaget Gyldendal. Nok et tegn på at bokhandlene flytter grensene for skikk og bruk, mener bransjefolk.
Mandag 11. juni 2018
Tv-seriene får lengre og lengre episoder. Det risikerer å spenne bein for serienes suksess.
Lørdag 9. juni 2018
Folk er villige til å betale 125 kroner for å se ferske filmer på nett, viser Nettkinos første tester. Men de store kinokjedene nekter å bli med.
Fredag 8. juni 2018
Sendingene til Radio Latin-Amerika blir forstyrret av kanaler fra Sverige. Men staten vil ikke gjøre noe med det.

Klassekampen benytter informasjons­kapsler (cookies) så vi kan gi deg bedre service, og for å holde styr på om du er logget inn på våre tjenester. Du kan lese mer om vår bruk av informasjons­kapsler her.

Lukk