Klassekampen.no
Mandag 6. november 2017
Ei lita kjerring får gjort mykje medan ei stor snur seg.
Smådriftsfordelar

500 år attende i tid var Kina verdas mest teknisk utvikla land. Når det i desse jubileumstider står i aviser at Martin Luther var den første som tok i bruk trykkjekunsten, fortel det at skribentane har eit snevert, europeisk perspektiv. Medan våre forfedrar laga jern­gryter og koppar og kar av tre, produserte og eksporterte kinesar­ane porselen av leire og knust kvartsstein. Medan våre skaut med pil og boge og nytta primitive rambukkar, hadde dei krut og støypte jernkanonar, ein enorm flåte og ein endå større hær.

Kvifor kom då industrien, opplysnings- og demokratitenkinga i europeiske land og ikkje i Kina? Forklaringa er ikkje at kinesarar intellektuelt stod tilbake for europearar, ingen ting tyder på det. I staden har det å gjere med at det veldige landet med nisifra folketal var tungrodd og toppstyrt. Oppstod ein ny idé eller ein ny tenkjemåte i Ming-dynastiet, vart han lagt vekk om ikkje keisaren gav grønt lys. Kom ein ny idé eller tenkjemåte til europearar, fanst fleire utvegar om den første ikkje førde fram.

Italienske Kristoffer Columbus prøvde først å få hjelp frå Frankrike og dinest Portugal til ekspedisjonen for å finne sjøvegen til India, og fekk, etter avslag frå begge, spansk støtte.

Kvifor kom det svenske oppfinnar­eventyret i tida rundt førre hundreårsskifte, med røyrtong, skiftenøkkel, loddelampe, primus, separator, mjølkemaskin og mykje meir? Hadde det ikkje vore meir sannsynleg med desse nyvinningane i den tids store industrimiljø i England eller Frankrike? Svaret, iallfall ein del av svaret, er at dei svenske oppfinnarane opererte i små miljø, med allsidig arbeid, nær brukarane og utan mektige folk over seg. Dei hadde smådrifts­fordelar.

For nokre tiår sidan hadde me i Norge store skipsverft i mange byar, Nylands mekaniske verksted, Akers mek., Tønsberg mek., Bergen mek. og mange fleire. Desse bedriftene og miljøa med titusentals tilsette er borte eller blir drivne på sparebluss. Men i små bedrifter i fjordbygder i vest og nord har ny, høgteknologisk industri knytt til skipsfart og fiskeoppdrett vakse fram, ofte med initiativtakarar med oppvekst på småbruk eller med fiskebåt eller småindustri. Igjen har det å gjere med smådriftsfordelar.

Korleis har det seg at skuleelevar i Sogn og Fjordane alltid er blant dei som skårar høgast på nasjonale elevprøver? Noko av forklaringa er at den enkelte eleven syner betre og får prøvt seg meir, dei yngre lærer av dei eldre, og den vesle skulen kan langt meir enn dei store elevfabrikkane bruke nærmiljøet som kjelde til kunn­skapar.

Kvifor har vesle Island, med eit innbyggjartal mellom Buskerud og Rogaland, vorte eit av Europas fremste fotball-land, jamgodt med land med femti eller hundre gonger så mange innbyggjarar og hundre års fotballtradisjonar? Og blant dei fremste i verda når det gjeld levealder og sysselsetjing og med ein litteratur i europeisk toppklasse? Igjen er ein del av svaret at dei på mange område meir enn andre evnar å utnytte sine smådriftsfordelar.

Sjølvsagt finst stordriftsfordelar, men altså også smådriftsfordelar. I ei god samfunnsstyring er det om å gjere å utnytte begge slaga fordelar. Då trengst ein tankesnunad i eit land som vårt. Pensumet på BI og Handelshøgskulen, tenkinga i Innovasjon Norge og i departementa og i landets politiske leiing må moderniserast dit at det inkluderer temaet smådriftsfordelar.

Mottoet for tankesnunaden kan vere ordtaket om at ei lita kjerring får gjort mykje medan ei stor snur seg.

boksmia@online.no

Artikkelen er oppdatert: 28. november 2017 kl. 09.54

Klassekampen benytter informasjons­kapsler (cookies) så vi kan gi deg bedre service, og for å holde styr på om du er logget inn på våre tjenester. Du kan lese mer om vår bruk av informasjons­kapsler her.

Lukk