Klassekampen.no
Lørdag 4. november 2017
USKRIVEN REGELl: «Ikkje eit vondt ord um president Nursultan Nazarbajev». FOTO: STANISLAV FILIPPOV, afp/ntb scanpix
Beint i augnesyn på stormaktene ligg Kasakhstan.
Kasakhstan kjem fyrst

Eit vêrsliti skilt fortel at den gråe steinbygningen på ein nakjen fjellovergang nørdst i Armenia er freda av staten. Det er eit karavanserai på det som eingong var Silkevegen frå Kina mot Europa. Difor er det lengje sidan at dette seraiet hyste kamelar og drivarar, handelsmennar og vaktarar. Bygdafolk har gløymt denne soga so grundigt at dei tenner ljos inne i seraiet av di dei er vane ved at steinbygningar i øydemarki anten er kloster eller kyrkjor.

Men presidenten i Kina, Xi Jinping, har ikkje gløymt, han vil nye upp att Silkevegen med ein firefelts motorveg frå Kina gjennom Kasakhstan, Usbekistan, Iran og Tyrkia og inn i Europa.

Fyrst kjem altso Kasakhstan, landet med den niande største flateviddi i verdi og med rikdomar av olje og gass, men med berre 16–17 millionar ibuarar, og med berre 25 års sjølvstende. Kasakhstan har lang grense mot Kina og Russland, og kulturelle band både til Russland og Tyrkia. Endringar i stoda for pressa gjenom den stutte bolken med sjølvstende fortel mykje um landet.

Dei fyrste åri vart pressa halden i fast grep av styresmaktene. Ein årsak var at dei ottast for strid millom dei heimlege russarane med slavisk språk og ortodoks kristendom, og kasakharane med tyrkisk språk og islamsk tru. I dag er 63 prosent av folket kasakharar og 24 prosent russarar. Eit av mange mindretal er uighurar. Uighurane er muslimar, og dei med talar eit språk ut or den store tyrkiske sekken og skulde solein finne seg vel til rettes i Kasakhstan.

Frå 1996 og nokre år fram­etter var den glade tidi for kasakhisk presse. Nye tiltak vart skipa, og pressa baud folk innsyn i styre og stell, og folk fekk sjølvsagt tiltru til pressa. Etter nokre år tok gleda slutt. Styresmaktene fann det naudsynt å stogge fleire pressetiltak og bruka lovverket på strengaste vis eller kneip att for pengehjelpi åt uynskt presse.

Dette syner att i lista over pressefridom frå Reportarar utan grensor der Kasakhstan fall frå nummer128 i 2006 til nummer 180 i 2015. Pressa skulde rett nok upplyse folk, men samstundes gå god for dei styrande og vera ein reiskap for dei styrande til å leide folkemeiningi dit dei vilde. Ogso store selskap innan olje og gass eigna åt seg avisor og tv-kanalar for å kunne føre fram sitt syn utan atterhald. Det svekka trui på pressa i folket.

I 2006 var 2763 medium innmelde i Kasakhstan. Av dei var 606 berre på kasakhisk og 861 berre på russisk og mange var tvo- eller fleirspråklege, og alle ser seg nøydde til å fylgje den uskrivne regelen «ikkje eit vondt ord um president Nursultan Nazarbajev.» Han har vore president i Kasakhstan gjennom heile sjølvstendetidi.

Attum lange grensor og med store naturrikdomar ligg Kasakhstan beint i augnesyn på stormakter. Til å styrkje staten vilde det vera ei hjelp um styresmaktene ikkje berre tala nedetter til folket, men at ogso meiningar kom upp hin vegen. Til det trengst ei friare presse som vil vera i stand til å meistre pårøyningar og store voner når Xi Jinping for ålvor kjem med Silkevegen.

ran-arn@online.no

Artikkelen er oppdatert: 30. november 2017 kl. 14.46

Klassekampen benytter informasjons­kapsler (cookies) så vi kan gi deg bedre service, og for å holde styr på om du er logget inn på våre tjenester. Du kan lese mer om vår bruk av informasjons­kapsler her.

Lukk