Klassekampen.no
Lørdag 4. november 2017
Ikkje til hjelp: Heksemor. Foto: Frå «Snow White» (1916)
Det er opp til dei eldre kvinnene å hjelpa dei yngre ut or avmakta.
Eventyrjentene

Feminismen byggjer på at alle kvinner er i same båt, dersom dei kjenner skikkeleg etter og er ærlege mot seg sjølve. Denne båten er mennene òg om bord i, enten dei har forstått det eller ikkje, for alle saman treng me rettferd, tryggleik og fred.

Men alle ismar har svake punkt, og feminismen reknar ikkje med at kvinnene har høgst reelle konfliktar seg imellom. Sjølv om menn kranglar minst like mykje og slår kvarandre i hel langt oftare, er det uforsvarleg å oversjå det. Kvinner seglar i mange slags båtar, og renner kvarandre i senk på grunn av djupe interessemotsetnader. Feminist­ikonet Simone de Beauvoir tok det livslange nederlaget med Jean Paul Sartre ut på tillitsfulle unge veninner som trudde at ho berre ville deira eige beste.

Strid mellom eldre og yngre kvinner er tema i mange gamle forteljingar. I eventyret om «Snøkvit og dei sju dvergane» er den heks­aktige stemora så sjalu på den blømande stedottera at ho prøver å drepa henne. I «Askepott» er det meir innvikla, der kjempar stemora for døtrene sine, og nøyer seg med å utnytta Askepott som ubetalt hushjelp samtidig som ho gjer henne usynleg. Denne stemora får konkurranse frå ei anna moden kvinne, den gode gudmora, som dukkar opp på overnaturleg vis i den grøne vegetasjonen uti hagen, og utrustar Askepott med nye klede og skor slik at ho kan fara på slottsball og vinna prinsen og heile kongeriket.

Stesøstrene utgjer eit fjerde hjørne i denne interessekonflikten. I den klassiske Disney-teiknefilmen frå tidleg femtital er dei berre dumme og sjofle, og får ikkje anna straff enn at dei ikkje blir gifte med prinsen. Det Grimm-eventyret som filmen byggjer på, går mykje blodigare til verks. Først lokkar mora dei til å skjera av seg hæl og tå for å få på seg glas­skoen, og etterpå hakkar fuglane til Askepott ut auga på dei.

Heltinna i det norske folkeeventyret om manndottera og kjerringdottera har òg eit sterkt samband til naturen. I tillegg til dei rettferdselskande fuglane er der ei ku, ein vêr, eit epletre og endåtil eit risgjerde som hjelper henne til å halda undergangskreftene frå livet. Det kan visseleg trengast, for i denne historia er det både ei vanleg og ei underjordisk trollkjerring, attåt den vemmelege stesøstera, som blir straffa med at det veltar ut ormar og padder kvar gong ho opnar munnen.

«Manndottera og kjerringdottera» utmerkjer seg elles med ein surrealistisk topografi, der heltinna blir kasta ned i ein brønn og fell ned på ei grøn eng. Mot slutten av eventyret kjem ho gåande heim utan å ha måtta klatra opp att først. I den tyske versjonen, «Mor Holle», endar nedkastinga i brønnen endåtil oppe i himmelen, der den guddomlege gudmora gjev den unge jenta alt ho treng for å hevda seg i kampen for tilværet.

I samband med #MeToo-kampanjen har unge kvinner etterlyst støtte frå dei eldre. Det er eit krav som bør takast på yttarste alvor. Å kle på Askepott er å investera i seg sjølv.

s.skjold@online.no

Ikkje søtt, ikkje surt, ikkje bittert – men salt. Solveig Aareskjold skriv om det ho sjølv vil i Klassekampen kvar laurdag.

«Kvinner seglar i mange slags båtar, og renner kvarandre i senk»

Artikkelen er oppdatert: 30. november 2017 kl. 14.46

Klassekampen benytter informasjons­kapsler (cookies) så vi kan gi deg bedre service, og for å holde styr på om du er logget inn på våre tjenester. Du kan lese mer om vår bruk av informasjons­kapsler her.

Lukk