Klassekampen.no
Torsdag 2. november 2017
Aleine: Luna (Julia Jedlikowska) forsvinn inn i fantasien, når kjærasten blir kidnappa av mafiaen. Foto: Fidalgo
Mot mafiaen – aleine mot alle
Verkeleg skrekk blir til mytisk fantasi på Sicilia.

FILM

«Sicilian Ghost Story»

(Italia, 2017)

Regi og manus: Fabio Grassadonia og Antonio Piazza.

Med: Julia Jedlikowska, Gaetano Fernandez, Vincenzo Amato, Corinne Musallari.

Lengde: 2 t. 2 min.

MELDING

HHHHII

Spøkjelseshistorier har ofte eit tragisk opphav. Slik er det òg med «Sicilian Ghost Story». Forteljinga byggjer på den lange mafiakidnappinga og til sist drapet på ein tenåring i 1993 året etter at to kjende dommarar vart myrda på øya.

Vi får indirekte fortalt Guiseppes historie gjennom kjærasten og klassekameraten Luna. Ho får livet øydelagt når Guiseppe forsvinn, utan at nokon andre ser ut til å bry seg. Far til guten har gjort seg til paria i den mafiakontrollerte landsbyen ved å bli politi­informant. Dei gamle «venene» har ikkje gjeve opp å stoppa munnen på avhopparen. Dei kidnappar sonen, for å få faren til å teia. Om presset fungerer, får vi ikkje endeleg svar på i filmen, som er opptatt av andre spørsmål.

Vaksensamfunnet avskriv guten, men Luna nektar å gje opp å finna Guiseppe. Aleine mot eit samfunn styrt av taus frykt og synleg vald, konfronterer Luna foreldre, vener, skole og politi: «Guiseppe er borte. Kva gjer du?» Avmakta driv henne frå forstanden.

Filmduoen Fabio Grassadonia og Antonio Piazza har vunne brei festivalheider for portrettet av den sjølvgranskande mafiosoen «Salvo» (2013). Når dei no ser mafiaen frå offera og dei pårørande si side, har dei tydd til verkemiddel vi kjenner frå fantastisk film. Ikkje for å nærma seg utoleleg reell vald, men for å nærma seg utoleleg sorg og smerte. Her er nokre slåande scener, men både fantasien og realismen lid av ein ubalanse mellom medvitsplana og uklåre band mellom dei. Vi skal føla på lidinga til begge ungdommar, men speletida blir for lang, slik filmen er strukturert.

Gjennom antikke, mytiske referansar og dyresymbolikk fungerer likevel Lunas kjærleiksfantasi som ei forløysing av den lidande Guiseppe og på eit overordna plan som ein sørgjesong for Sicilias barn. Dei lever ikkje i det botnlause napolitanske elendet som Matteo Garrone skildra i «Gomorra» (2008), men dei erfarer lik sosial kontroll, føydale strukturar og fråvær av reelle livsval, eller rett til liv i det heile. Trass i døden ligg vona i filmen i obsternasige unge, som bryt med foreldra sine og elskar kvarandre på tvers av familieskilja.

guri.kulaas@klassekampen.no

Artikkelen er oppdatert: 28. desember 2017 kl. 16.20

Klassekampen benytter informasjons­kapsler (cookies) så vi kan gi deg bedre service, og for å holde styr på om du er logget inn på våre tjenester. Du kan lese mer om vår bruk av informasjons­kapsler her.

Lukk