GRØNT: I løpet av fire år skal alle dei fylkeskommunale ferjene i Hordaland over på straum. Den første elferja i landet har i over to år kryssa Sognefjorden.
Først er ho ein lysande prikk på ein kveldssvart fjord. Når ho kjem nærare, får ho ferjeform, men ikkje heilt, for ferja har to skrog i staden for eit og manglar skorstein.