Klassekampen.no
Onsdag 1. november 2017
Des: I gamle dager, då me skulle vera høflege.
Å vera høfleg er ikkje berre lett i desse dagar.
De og de

«Kunne De vera vennleg og smaka på denne vinen?»

Eg har fått spørsmål om pronomenet når me skal vera høflege. Helst burde eg ha skrive «når me skulle vera høflege». I praksis er det jo slutt med De.

Kva er problemet? Enklare ord finst jo knapt. Det blir til og med skrive likt på nynorsk og bokmål. Ja, ordet blir skrive likt, men er ikkje det same. Det er ulike ord, og dei skal difor heller ikkje uttalast likt.

Då tenkjer eg du er passeleg mør, så eg startar: Bokmål De er identisk med de, tredje person fleirtal. Så uttalen er di, anten ein snakkar høfleg eller berre snakkar om personar i tredje person. Å bruka tredje person fleirtal som høfleg tiltale er på ingen måte rart. Den praksisen har me frå dansk, og dansk har han frå tysk. Der heiter det «Können Sie hier warten?» (Kan De venta her?) At tredje person blir valt når ein skal vera høfleg, er ganske logisk; det er lengre avtand frå første til tredje person enn frå første til andre. Ein viss avstand er å vera høfleg.

Også nynorsk De er identisk med de. Det er berre dét at «de» på nynorsk ikkje er tredje person, det er andre person fleirtal. Og andre person fleirtal på nynorsk skal uttalast de!

Konklusjon: For det første skal uttalen av De på bokmål og nynorsk vera ulik, for det andre dreiar det seg om to ulike høflegheits-konvensjonar – tredje person fleirtal, på bokmål, og andre person fleirtal, på nynorsk. Er det andre enn nynorsk som bruker andre person slik, som høfleg tiltale? Ja. Det er faktisk det vanlegaste, internasjonalt sett. Engelsk nyttar you (andre person fleirtal); det same gjer fransk, med vous. Nynorsken er i bra selskap.

I eldre dansk brukte dei I og Eder. Der har me òg systemet med andre person fleirtal som høfleg tiltale, som i nynorsk. Det er interessant at det gamle danske I og dagens engelske you har sams opphav, viss me søkjer langt nok attende i fellesgermansk.

Dessutan er det slik at fleirtalsforma you faktisk har erstatta den gamle eintalsforma thou (vårt «du»). Konsekvensen har vorte at skilnaden i engelsk mellom høfleg De og du ikkje lenger er synleg. Mot denne bakgrunnen blir den klassiske Wesenlund-replikken ekstra morosam: «You see, in Norway we say you to everybody!»

Som me har nemnt før her i spalta, har omsetjing av høfleg tiltale vorte ganske komplisert siste mannsalderen. Fransk vous og tysk Sie er høgst levande i talen. I ein roman på norsk må difor desse to pronomena i dag stort sett omsetjast med du. Er det derimot ein roman frå før krigen, kan det absolutt vera på sin plass med De.

Ved omsetjing av det engelske you er i prinsippet både De og du aktuelt, sjølv om det vanlegvis må bli du. Kort sagt, omsetjarar som vandrar mellom tysk, fransk, engelsk og norsk må stadig vurdera situasjon og samanheng. Vanskeleg – og interessant!

Men for å slutta der eg starta: Eg tippar Ola E. Bøe på Det Norske Teatret har gitt skodespelarane myndig beskjed om å ikkje bruka «bokmålsuttale» av De når dei skal vera høflege på scenen!

sylfest.lomheim@gmail.com

Sylfest Lomheim skriv om språk i Klassekampen kvar onsdag.

«Omsetjing av høfleg tiltale har vorte ganske komplisert»

Artikkelen er oppdatert: 28. desember 2017 kl. 15.24

Klassekampen benytter informasjons­kapsler (cookies) så vi kan gi deg bedre service, og for å holde styr på om du er logget inn på våre tjenester. Du kan lese mer om vår bruk av informasjons­kapsler her.

Lukk