Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Identitet og politikkKven vinn når me importerer akademiske låneord frå USA?

Ny tids tale

NYE ORD: Ein finansminister med lånte fjør var det som skulle til for at «kulturell appropriasjon» vart daglegtale. Men har me godt av denne debatten?

Eg var kanskje aldri meir lukkeleg enn i Legoland 1987. Tenk deg ein unge frå slapsete Vestlandet som kunne springe rundt i dansk godvarm sol, ete honnikorn til frukost og spagetti til middag kvar einaste dag. Og med eit klart høgdepunkt: besøket i indianarleiren. Eg hadde gledd meg i månadsvis. Heime sprang eg rundt med pil og boge inspirert av Sølvpilen-blada eg hadde arva frå far min. Som toåring skamklipte eg meg sjølv for eg trudde det skulle gjera at eg likna meir på ein indianar. Dei hadde så flotte drakter, og dei var dei snille. Cowboyane var dei slemme og endå verre: Dei var feige. Kven heiar vel på dei som har skytevåpen?