Klassekampen.no
Mandag 30. oktober 2017
Kvifor har ikkje Ap meistra ordskiftet om arbeidsinnvandring?
Den frie flyten

Når nestleiaren i Arbeidarpartiet, Hadia Tajik, i Klassekampen tidlegare denne månaden seier at Arbeidarpartiet må våga å ta debatten om den frie flyten av arbeidskraft, og at partiet «ikkje kan overlata til ytre venstre å vera kritiske til konsekvensane av fri flyt av arbeidskraft», er det ei viktig påminning som både folk i Arbeidarpartiet og andre må merka seg. Det er viktig med ei tydeleg erkjenning av at dette er eit tema som treng meir kritisk debatt.

Men i kjølvatnet av eit valresultat som ikkje gav regjeringsskifte, er det lett å verta for sjølvkritisk. Arbeidarpartiet har lite å skamma seg over når det gjeld tiltak mot de negative effektar av arbeidsinnvandringa, korkje i posisjon eller opposisjon.

Eg minnest 2004 like i forkant av EU-utvidinga austover. Bondevik-II regjeringa fremja melding til Stortinget som omhandla utvidinga. Regjeringa skreiv at ho ville følgja utviklinga nøye, og omtala ein overvakingsmekanisme. Det var alt. Arbeidarpartiet handla raskt og laga ein tiltaksplan for å motverka negative følgjer av den «frie flyten» som ville koma. SV, Senterpartiet og til dels Frp var einige i forslaga, og dermed var det fleirtal for tiltaka.

Sidan har Arbeidarpartiet fremja og gjennomført fleire handlingsplanar, og seinast i juni i år fremja partiet forslag med 30 ulike tiltak. I valkampen gjekk Jonas Gahr Støre enno lenger og sa at Arbeidarpartiet under visse høve ville kunna gå inn for forbod mot innleige frå bemanningsbransjen. Det har ikkje mangla på tiltak for å regulera flyten. Ja, både SV og Raudt har få forslag å visa til som ikkje også Ap har vore for.

Det er ingen tvil om, som Tajik påpeikar, at Arbeidarpartiet ikkje har nådd skikkeleg igjennom i ordskiftet om arbeidsinnvandring. For mange arbeidsfolk opplever det som om flyten er fri, sjølv om den er regulert. Dei forventar derfor at særleg Ap «gjer noko med problemet», sjølv om det er det Ap faktisk har gjort.

Så er det to viktige grunnar til for at Arbeidarpartiet ikkje har meistra debatten «fri flyt». For det første føreset ein god debatt at ein har nokon å debattera mot. I valkampen var det å diskutera temaet sosial dumping med høgresida, som å debattera med ein vegg. Sjølv når partileiaren fremja eit så radikalt forslag som å forby innleige frå bemannings­selskap, nærast teia dei ansvarlege i regjeringspartia.

Den andre grunnen er at på mange område har regjeringspartia snudd 180 grader. Dei er mellom anna for å vidareføra allmenngjering av tariffavtalar, ei ordning dei tidlegare har vore sterkt imot. Og arbeidsministeren sendte rett før valkampen ei sak på høyring om å endra arbeidsmiljølova for mellom anna å fjerna grunnlaget for såkalla nulltimarskontraktar. Forgjengaren hennar, Robert Eriksson, ville ikkje vita av noko slikt. I tillegg har regjeringa tatt tak i problemet med arbeidslivskriminalitet og gjennomført tiltak godt forankra i samarbeid med partane i arbeidslivet og som alle har vore for. Slikt blir det naturleg nok ikkje så stor debatt i valkampen om.

Utfordringa for Arbeidarpartiet framover er ikkje å finna på nye verkemiddel. Dei tiltaka som er nødvendig for å fornya og forsterka politikken har partiet. Utfordringa er å få vekka heile partiorganisasjonen og alle medlemene, ja folk flest, til å bli meir opptekne av temaet, og forstå nødvendigheita av regulering. Det er ei utfordrande oppgåve, fordi det store fleirtalet av oss arbeider i eit arbeidsliv som ikkje er negativt råka av flyten. Her har partiet i lag med andre ei stor informasjons- og oppdragarrolle.

norvald.mo@fellesforbundet.no

Artikkelen er oppdatert: 4. desember 2017 kl. 18.20

Klassekampen benytter informasjons­kapsler (cookies) så vi kan gi deg bedre service, og for å holde styr på om du er logget inn på våre tjenester. Du kan lese mer om vår bruk av informasjons­kapsler her.

Lukk