Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Bygg- og anleggsbransjen opererer med doble standardar der utanlandske arbeidarar blir utsette for risiko.

Innleigd til farleg arbeid

På ein byggjeplass i ein bygdeby i Hallingdal i januar dreiv to karar frå Aust-Europa med asbestsanering. Dei var innleigde til eit godkjent saneringsfirma og kunne leggje fram dokumentasjon på opplæring i asbestsanering. Frå utsida såg det greitt ut, med verneutstyr og masker. Problemet var at ingen av dei kritiske rutinane vart følgt. Asbeststøv kom inn i kvilebrakka, toalett, arbeidsbil og private klede. Asbeststøv er svært farleg og risikoen ved asbestsanering burde vore godt kjent. Årsaka til at desse karane i dette tilfellet vart utsette for risiko ved handtering av kreftframkallande asbest kan ligge i at arbeidstakarane ikkje var fast tilsette, at dei ikkje kunne språket rutinane var skrivne på, eller at verksemda ikkje sytte for at arbeidstakarane forstod rutinane ved asbestsanering.