Klassekampen.no
Lørdag 28. oktober 2017
Det er overalt. Du må berre opna sansane.
Sjå igjen

Vår utrøyttelege fridomskjempar Hege Storhaug har bede stor­samfunnet gå ut med kamera for å dokumentera korleis islam dominerer det offentlege rommet.

Snik­fotografering av muslimar, meiner hatarane. Kreativ by­vandring, seier eg.

Eit innsendt bidrag viser det me uopplyste menneske kallar betongklossar utanfor kjøpe­senteret Oslo City. Slike klossar som skal hindra bilar i å køyra inn, men som fotgjengarar kan gå forbi.

Men det er ikkje betongklossar. Sjå igjen. Det er koranklossar, seier Hege Storhaug. Koranklossane er plassert der for å beskytta mot islamistisk terror. Me veit jo frå norsk historie at all terror er utført av muslimar og frå religionslæra at muslimane si heilage bok er synonymt med islamisme.

Mange lo av Storhaug. Det gjorde eg også. Men så tok eg meg ein tur rundt i byen og la til meg eit kritisk blikk. Då såg eg det. Det er overalt.

Det første eg såg med nye auge, var naboblokka mi. Ho er dekt av ein stor presenning fordi ho skal pussast opp. Trudde eg. Sanninga er jo at mørkemenn vil dekka til dei yppige formene: svalgangen som minner om kvinnehofter; den kneisande profilen. Det er ikkje eit stillas på ei blokk. Sjå ein gong til. Det er ei burkablokk.

For å klarna hovudet tok eg turen til Vigelandsparken. Det er opp­byggeleg å sjå slik tidlaus kunst. Trudde eg. Så demra det: Dei nakne statuane er jo eit einaste kabaretfat av vestleg dekadanse, nakenskap og hedonisme. Eit symbol på vårt forfall. Sjå igjen. Det er ikkje Vigelandsparken. Det er haramparken.

Fortumla over den nye innsikta sette eg kursen heimover. Men ved Østbanehallen såg eg Osvald-monumentet, som heidrar norsk motstand mot nazistane, tilsølt av raud måling. Eg såg igjen. Det var ikkje måling. Det var ein protest mot det jødisk-bolsjevikske komplottet. Osvald-monumentet var dynka i griseblod.

Det var mørkt då eg kom heim. Eg drog for gardinene og skrudde på fjernsynet for å få noko anna å tenka på. På skjermen dukka det opp noko som vanskeleg kan skildrast med ord. Eit fallossymbol omkveila av groteske fasongar. Det var ikkje kunst. Det var ein kommentar på korleis postmodernismen har korrumpert vårt ugudelege Vesten.

Eg såg igjen og såg det klart: Det er komen til Kvam.

marial@klassekampen.no

Artikkelen er oppdatert: 21. november 2017 kl. 12.18

Klassekampen benytter informasjons­kapsler (cookies) så vi kan gi deg bedre service, og for å holde styr på om du er logget inn på våre tjenester. Du kan lese mer om vår bruk av informasjons­kapsler her.

Lukk