Ein ambulanse køyrer forbi utanfor, og ei kort lita stund set ambulanselysa farge på dei våte og mørke gatene. Sirena trenger gjennom husveggane i hovudstaden. Han kryssar Rådhusgata, passerer Legenes hus. Kanskje er det ei fødande kvinne som er på veg til eit av sjukehusa i hovudstaden, kanskje er det ei overdose. Kanskje er det hjerneslag, psykiatri eller eit hjarta som er i ferd med å svikta.
Eit langt virke som fastlege har lært Marit Hermansen at byrdene ikkje er likt fordelt. Difor brenn ho for eit godt offentleg helsevesen.
På liv og død
Portrett