Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Uttrykkskraft: I Hannah Arendts politiske filosofi låg den kritiske viljen og evna til grunn.

Kven er vi til å dømme?

Etter at Donald Trump blei vald til president i USA i november 2016, var det nokre bøker som byksa til toppen av salslistene til Amazon. Jamsides dystopiske klassikarar som George Orwells «1984» og heilt ferske bøker om den kvite, amerikanske underklassa, som J. D. Vances «Hillbilly Elegy» og Nancy Isenbergs «White Trash», var det fleire som lét seg overraske av at den politiske filosofien til Hannah Arendt skulle få ein ny vår midt i denne kalde hausten: «The Origins of Totalitarianism» er ei lang og tettpakka framstilling av opphavet til og mekanikken i det Arendt meinte var dei store totalitære ideologiane, nazisme og stalinisme. Boka kom ut i 1951 og var utseld frå Amazon i januar 2017.