Klassekampen.no
Fredag 27. oktober 2017
Sjukepleie
Ein gløymd grunnleggar
Livet

Vi tar for oss moderne fenomener, historie og vitenskap.

Rikke Nissen revolusjonerte sjukepleia og skreiv akademiske tekstar lenge før kvinner fikk ta høgare utdanning.

Berre éin av tre søkjarar fekk plass på sjukepleiarutdanninga under årets opptak. Yrket som på 1800-talet var atterhaldt arbeidarklassens kvinner og menn, har blitt eitt av Noregs mest populære.

Sjukepleias nyvunne attraktivitet hadde nok gleda den norske pleieutdanningas gudmor, Rikke Nissen. Med Bibelen i handa tok ho fatt på eit kunnskapssulta arbeidsfelt. Det å pleie sjuke var på denne tida sett på som noko av det simplaste ein kunne gjere. Men gjennom ei sterk tru på Gud fann Nissen kallet sitt i omsorg for menneske. Diakoni vart vegen.

Nissen var oppteken av at kropp, sinn og sjel var tett bundne til kvarandre. Nestekjærleiken skulle drive omsorga – i følge med forsking og kunnskap. På dette grunnlaget etablerte Nissen Noregs første undervisning for sjukepleiarar, ved diakonissehuset i Kristiania i 1870. No, 125 år etter at ho døyde, har Rikke Nissen fått biografien sin.

Fakta:

• Ulrikke Eleonore Nissen.

• Sjukepleiepionér og -lærar.

• Fødd 1834 i Trondheim, oppvaksen i Romedalen i Hedmark, og døydde 1892 i Oslo.

• Forfatta fire bøker og om lag 50 artiklar, mellom anna om diakoni, kyrkjehistorie og sjukepleiaryrket.

• I haust har Kitt Austgard og Berit Hovland gjeve ut biografien «Rikke Nissen. I kamp og kjærlighet».

Eigen sjukdom gjorde andre friske

Nissen var tidleg omgjeven av sjukdom. Kanskje det var då ho ein lang periode fekk ansvar for si sengeliggjande mor at pleiegnista vart tent. Heile livet sleit Rikke Nissen sjølv med helseplager: hovudpine, tyfus, øyrebyllar og giktanfall. I 1862 vart ho innlagd på Rikshospitalet med tyfoidfeber. Møtet med dei ufaglærte pleiekonene gjorde sterkt inntrykk på henne. Sjukepleiaryrket trong kunnskap, og Nissen ville leie an.

Det var både uhøyrt og utenkjeleg at jenter skulle opp og fram på denne tida. 20 år før kvinner i det heile tatt hadde tilgang på høgare utdanning, forfatta Nissen akademiske artiklar. Og det provoserte. Ho var ei kvinne som skreiv om tema som rørte ved teologi og medisin, disiplinar menn hadde einerett på.

I møte med autoritetar og etablerte normer var Rikke Nissen fryktlaus. Allereie i 1965 fekk ho publisert ein artikkel om kyrkjehistorie, utan noko formell utdanning.

– Tenkte ho ikkje på at dette var heilt hinsides å gjere? ler Kitt Austgard.

Ho er ein av forfattarane bak den nye biografien om Rikke Nissen og tilknytta Lovisenberg Diakonale Høgskole. Austgard meiner at borgarskapets boble, og omgangen med intellektuelle som Hartvig Nissen og Eilert Sundt, gjorde den uredde haldninga til Nissen mogleg.

– Men ho kan nok ikkje ha vore heilt enkel å ha med å gjere. Truleg var ho litt snobbete, og ho visste veldig godt at ho hadde gode evner.

Boka som revolusjonerte

Idealet til diakonissene var å vere sjølvutslettande audmjuke og tause, fortel forskaren. Dette var personlegdomstrekk ein ikkje fann hos Rikke Nissen. Mot slutten av livet reflekterer ho over dette i eit brev:

«Har min iver gått på bekostning av livet med Gud?».

Året 1877, som skulle vise seg å bli avgjerande for Rikke Nissen, starta tungt. Ho hadde lenge vore svært sjuk, ut og inn av badeanstaltar. Men i inngangen til sommaren 1877 stod ho omsider med 285 innbundne, illustrerte sider i hendene: Noregs første lærebok i sjukepleie. «Lærebog i Sygepleie» var også tittelen, signert med pseudonymet R.N.

Boka var eksklusiv og berre berekna på fagutdanna sjukepleiarar. I forordet oppfordra Nissen til å passe godt på boka – og for all del ikkje la ho bli lese av pasientane.

Med denne utgjevnaden markerte Nissen starten på sjukepleia som disiplin i Noreg. Yrkets eigenart skulle ligge i relasjonen med pasienten, observasjon, lindring, gode handlingar og ikkje minst dokumentasjon. Nissen argumenterte for at diakonissene ikkje skulle utdannast til halve legar, men til «hele Sygepleiersker».

– Eg har studentar som brukar læreboka hennar i dag. Ho er framleis aktuell, seier Austgard.

Lærar utan utdanning

«Det er hos vor Tids Kvinder vaagnet en sterk Tørst efter Kundskaber», skreiv Rikke Nissen i 1884. Sjølv hadde ho inga formell utdanning, men fråværet av skulering stoppa henne ikkje i å etablere den første sjukepleiarundervisninga i Noreg. Reiser til diakonissehus i Tyskland og Sverige vart heller ein del av skulegangen hennar.

– Ho var autodidakt, men ikkje ulærd. Nissen forska kontinuerleg, las litteratur og abonnerte på utanlandske tidsskrift, fortel Austgard.

Mange av dei første sjukepleiarstudentane hennar kom frå lågare sosiale lag, og det var ikkje uvanleg at kvinner korkje kunne lese eller skrive på denne tida. Det var kvinnene i arbeidarklassen som skulle pleie dei sjuke. Nissen ønskte at sjukepleiaryrket skulle bestå av meir kunnskap og få høgare status.

Umedviten kvinnesakskvinne

Rikke Nissen var kritisk og meiningssterk og utfordra den mannlege styringa. Pioneren meinte at utdanna kvinner burde ha rett til å leie sitt eige fag og sin eigen organisasjon. Det vanlege var at kvinnelege pleiarar måtte underordne seg det mannlege diakonistyret.

Dette viste seg vanskeleg, sjølv for Rikke Nissen, å endre på. Likevel heldt ho fram idealet om eit rådande søsterfellesskap gjennom heile karriera si.

– Ho var ikkje noko uttalt kvinnesakskvinne – men sjå på kva ho gjorde! Allereie på 1880-talet oppmoda ho kvinner til å skaffe seg utdanning, eit yrke og ein heim, seier Austgard.

Ho karakteriserer Nissen som grensesprengande. Men korleis blei dette mogleg på denne tida?

– Nissen vaks opp i eit miljø som stimulerte henne, og som anerkjende at ho var over gjennomsnittet intelligent. Ho hadde også eit nettverk av opplysningsfolk som representerte henne, fortel Kitt Austgard.

Marginalisert pioner

Rikke Nissen døyde i 1892, berre 57 år gammal. Etter eit liv fylt av sjukdom blei lungebetennelsen avslutninga. Idet ho anda ut, skal ho ha vore omgjeve av diakonissesøstre som «lot Salmetoner følge den flyktende Aand».

Trass i at Nissen etablerte eit fagområde med svært lite kunnskap, fekk ho aldri noko stor hyllest for bidraget sitt. I staden har Cathinka Guldberg blitt ståande som symbolet på den første sjukepleia her til lands – kanskje fordi ho hadde ei høgare stilling enn Nissen ved diakonissehuset.

Forfattar Kitt Austgard meiner også at Nissens posisjon som «lærarinne» kan ha marginalisert henne i historia.

– Læreboka og undervisninga ho bidrog med, var sjølvsagt viktig. Men det tidleg grensesprengande som gjorde dette mogleg, har blitt oversett.

ruthn@klassekampen.no

Artikkelen er oppdatert: 6. desember 2017 kl. 11.14

Klassekampen benytter informasjons­kapsler (cookies) så vi kan gi deg bedre service, og for å holde styr på om du er logget inn på våre tjenester. Du kan lese mer om vår bruk av informasjons­kapsler her.

Lukk