Klassekampen.no
Fredag 27. oktober 2017
Norsk matproduksjon har ikkje så mykje å gå på dersom ei krise inntreff.
Bakkar og berg

Me har vel alle ei førestilling om at Noreg er eit steinut land av fjordar og fjell? Men det er ikkje alle som har ei like klar førestilling om korleis dette legg føringar for matproduksjonen vår.

For brorparten av den norske folkesetnaden – dei som bur i byane i dei flataste matfata våre – kan det nok sjå ut som at det finst rikeleg med matjord i landet vårt. Slik er det ikkje. Det er berre to prosent av arealet som er fulldyrka jord. Noreg ligg på 173 plass av 210, om ein set alle land og område opp mot kvarandre. Høgast oppe på lista ligg Bangladesh, Danmark og Ukraina – alle med over 55 prosent av arealet som fulldyrka mark.

I Norge har kvar person 1,6 dekar (daa) dyrka mark til disposisjon. Dette plasserer Noreg på 90.-plass i verda. Store land som Canada, Kasakhstan og Australia toppar lista med opp til to daa per person. Av land det er naturleg å samanlikna med, ligg Danmark til dømes på ein 21.-plass, og Sverige på ein 44. Bangladesh, som har den største prosentdelen dyrka jord, ligg likevel på 160.-plass. Grunnen til at Noreg ligg såpass «midt på treet», er sjølvsagt den låge folkesetnaden. Men om prognosane er rette, kjem folketalet til å stiga mykje dei neste åra. Samstundes legg ein dyrka jord under asfalt – mellom 2005 og 2015 vart det årleg nedbygd 8000 daa dyrka jord i Noreg. I tillegg har jordbruksjord byrja gro att, den blir spist opp av skogen som langsamt tek landet tilbake.

Korn – som er sentralt for sjølvforsyninga, fordi det ligg til grunn for store delar av husdyrproduksjonen, og har stor nytteverdi som menneskeføde – utgjer berre ein tredjedel av den norske dyrka jorda. Klima og geografi gjer det ugunstig å dyrka korn andre stader enn på Austlandet og i Trøndelag. I 2016 importerte Noreg 30 prosent av karbohydratbehovet til kraftfôr, og om lag like mykje av matkornet.

På kaloribasis ligg den norske sjølvforsyninga på mellom 40 og 50 prosent i snitt, noko som plasserer Noreg heilt på botn i på verdsbasis, bak land som Syria og Somalia. Desse tala set norsk matproduksjon i perspektiv. Me har ikkje så mykje å gå på, og me må importera mykje av kaloriane. Direktoratet for Samfunnssikkerhet og beredskap kom med ein «risiko og sårbarhetsanalyse» i vår som understrekar at Noreg si matforsyning er avhengig av fungerande globale handelsruter.

Det er ikkje problemfritt. Nyleg gav den britiske tenketanken Chatham House ut rapporten «Chokepoints and vulnerabilities in global food trade». Her viser dei til at den globale kornhandelen, som står for 60 prosent av det globale energiinntaket, er avhengig av nokre fåe handels­knutepunkt, som lett kan bli sett ut av spel. I rapporten står det mellom anna: «Dersom ein orkan i same omfang som orkanen Kathrina i 2005 skulle setja ut den amerikanske eksporten frå Mexicogolfen, samstundes som store nedbørsmengder sett ut vegnettet i Brasil (dette skjedde i 2013), ville nær 50 prosent av verdas soyaeksport verta råka. Dersom dette skjedde samstundes med hetebølge ved Svartehavet slik som i 2010, ville 51 prosent av dei globale soyaeksporten, 41 prosent av maiseksporten og 18 prosent av kveiteeksporten verta råka.»

Ein kan legga til at berre 17 prosent av verdas korn vert handla over landegrenser, resten brukast nasjonalt. Scenarioet over er ekstremt, men om ei slik krise skulle inntreffa, er det altså ikkje for Noreg å forsyna seg fritt av eit enorm kornlager der ute, same kor rike me er.

Noreg bør, som eit minimum, ha eit mykje sterkare fokus på jordvern. Det held ikkje å ha mål om nedbygging av maks. 4000 daa i året, og så likevel byggja ned 8000 daa.

Kan hende er grunnlovsvern av matjorda vegen å gå? Ein bør også sørgja for at ein framleis held seg med eit jordbruk som fremmer dyrking av korn i områda som egnar seg til det, samstundes som ein stimulerer til beitebruk og dyrehald ute i distrikta. Slik kan ein basera produksjon i størst mogleg grad på norske ressursar. Me har ikkje hatt beredskapslager av matkorn i Noreg på nesten 20 år, og dei vart avvikla nett fordi ein meinte at det ville vera sikker, fri tilgang på korn i verdsmarknaden.

Torsdag var det høyring i Stortinget om mogleg oppstart av beredskapslagring att. Her bør dei folkevalde ta affære.

Me må tenkja oss nøye om korleis me forvaltar matjorda, jordbruket og matproduksjonen vårt. Det gror ting også mellom bakkar og berg, men det kjem ikkje av seg sjølv.

Eirik.Magnus.Fuglestad@fk.no

Øystein Heggdal, Stefan Sundström, Anna Blix og Frans-Jan Parmentier skriv om natur, miljø og landbruk i Klassekampen kvar fredag. Eirik Fuglestad er gjesteskribent.

Artikkelen er oppdatert: 6. desember 2017 kl. 11.17

Klassekampen benytter informasjons­kapsler (cookies) så vi kan gi deg bedre service, og for å holde styr på om du er logget inn på våre tjenester. Du kan lese mer om vår bruk av informasjons­kapsler her.

Lukk