Fredag 27. oktober 2017
FOLKELEG: Unicef-representantane Danny Kaye og Josephine Baker var gjestar i tv-showet til Erik Bye. Han var ein virvelvind i det pertentlege NRK, seier biografen hans. Foto: Svein Hammerstad, NTB Scanpix
Erik Bye fornya norsk tv-underhaldning med å ta inn vanlege folk og med å ta opp aktuelle stridstema:
Skapte ein eigen sjanger
Undersak

Støtta mange

Svein Inge Olsen,

Leiar av Protestfestivalen i Kristiansand.

– Han var alt frå 1970-talet ein helt for meg, som for så mange andre. Like mykje som menneske som programleiar. Eg var så heldig at eg fekk skriva eit hyllingsdikt til han, som takk for alle han hadde løfta fram. Då gret han og sende eit takkebrev. Eg møtte han ofte på Theatercaféen i Oslo, der debatten gjekk friskt om politikk. Dei seinare åra gjorde han mykje for Protestfestivalen. Han opna nye dører for oss, og då han gjekk bort, fekk vi familiens løyve til å omdøypa festivalens ærespris til Erik Byes minnepris.

Boye Ullmann,

Fagrørsletillitsvald, Nei til EU-aktivist og Raudt-politikar.

– Erik Bye er ein så samansett folkeeigedom, at alle vil gje sitt bilde av han. Ei viktig side var Erik som solid politisk aktør med integritet så det heldt. Han var internasjonalist, og vi vart personleg kjende under ei høyring om EU/EØS i 1993. Seinare arbeidde vi saman mot norsk Schengen-medlemskap og i saker om krig og fred. Han var ein fullstendig ujålete person, som var vâr for å bli framstilt med kjendisstempel.

Yasir Arafat slapp først til på NRK i Erik Byes «Lørdagsredaksjonen», fortel ny biografi.

bøker

«Jeg vet ikke riktig hvem som kuppet hvem, men Yasir Arafat må i dag være en av de få som trykker Erik Byes ‘Lørdagsredaksjon’ til sitt bryst».

Det skreiv Aftenpostens Peter Beck i 1981, etter at Erik Bye hadde intervjua den då svært kontroversielle PLO-leiaren i beste sendetid på laurdagskvelden. NRK hadde framleis fjernsynsmonopol og det var enno meir enn ti år til Arafat skulle få Nobels fredspris. No fekk han uimotsagt fortelja norske tv-sjåarar at det var Israel som stod for terror. Aftenposten var ikkje aleine om å vera opprørt.

– På 1980-talet gav Erik Bye laurdagskosen ein springskalle med programmet «Lørdagsredaksjonen»: Laurdagen var ikkje berre til for å lena seg bakover med helgedrinken, fortel Asbjørn Bakke.

Aftenposten-journalisten har brukt dei siste sju åra på å skriva biografi om Erik Bye. Der blir det tydeleg at den folkekjære programleiaren, visediktaren og artisten ikkje slo seg til tols med å stryka sitt store publikum medhårs.

Fakta

Erik Bye:

• Erik Erikssøn Bye (1926–2004).

• NRK-programleiar og programskapar, journalist, visediktar, komponist og songar.

• Aktuell med biografien «Erik Bye» (Aschehoug forlag), skrive av Aftenposten-journalist Asbjørn Bakke.

Erik Bye – eigen kategori

– På 1970-talet hadde Erik Bye vore «laurdagsunderhaldningskongen» på fjernsyn. Då han ved tiårsskiftet greidde å provosera dei som elska han, var det ein medviten strategi. Bye var redd for å bli korrumpert av popularitet. Samstundes har nok ingen hatt eit så stort handlingsrom i NRK som det Erik Bye både tok og fekk, seier Bakke.

I 1980 vart Bye likevel instruert om å liggja unna den betente striden om utbygging av Alta-vassdraget. Då laga han i staden eit innslag om sivil ulydnad mot lagring av atomavfall i Kynnefjäll i Sverige, etterfølgt av samisk salmesong av ein songar i samedrakt. «Alta ble ikke nevnt med ett ord i programmet, som ble sendt like før 600 politifolk ryddet demonstrantenes leir», skriv Bakke i boka. Både Ap-politikarar og pressekommentatorar reagerte.

– Erik Bye hadde stort, og med alderen veksande, samfunnsengasjement.

Atomfrykt og kald krig

I jula 1982 fekk han mujahedin-krigaren Zarin Kahn frå Afghanistan til Oslo, for å fortelja om forsvarskampen mot Sovjetunionen eitt år etter invasjonen. Også det under vignetten laurdagsunderhaldning. Utover 80-talet tok Bye særleg for seg atomfrykt og kaldkrigsspenning, noko som vart møtt med jamn kritikk frå dåtida si borgarlege presse.

Det var også vanlege sjåarar som kravde «atomfri» laurdag. Bye svarte med å skriva viser, som «Hersker og narr», som så vart framførte på tv av Rolf Just Nilsen.

– Dette hadde ikkje passert dagens habilitetsreglar, men Erik Bye tenkte nok ikkje på visene som lansering av kommande plater. Han var ein eigen kategori, på tvers av sjangrar og programavdelingar. Han var «Erik Bye» 24 timar i døgnet. Rekneskapsavdelinga i NRK hadde ein tung jobb, men NRKs tv-sjef Otto Nes forstod fort at om dei skulle få mykje ut av Erik Bye, måtte han få fri taumar.

Publikum såg også ut til å stø særreglane for denne unike kombinasjonen av talent.

Heller ikkje politisk var det lett å setja Erik Bye i bås:

– På 80-talet vart du stempla som kommunist om du kom med atomkritikk mot USA, men Erik Bye var både kjent USA-ven og forsvarsven. Det var kynismen han reagerte på, alt som reduserte menneskeverdet og gjorde individ til system.

Aldri er mennesket meir sårbart enn i krig. Det hadde han sjølv sannkjent.

– Erik Bye vaks opp under andre verdskrig. Huset han budde i, vart okkupert av tysk befal. At heimen og landet vart hærteke med vald, provoserte han. Det sette seg i kroppen og tok frå han nattesvevnen langt inn i alderdommen. Difor vart han også så sterk kritikar av norsk deltaking i krigane på Balkan, i Irak og Afghanistan. Det å kunne bomba seg til fred, eller å kriga mot terror, som om «terror» var ein stad, meinte han var galskap.

Skapte eigne sjangrar

Bruduljane på 80-talet og dei politiske markeringane i pensjonisttida hadde også eit forspel. Det er i haust 60 år sidan Erik Bye kom til NRK frå norskavdelinga i BBC.

– Han var ein virvelvind i det pertentlege og hovudsakleg opplesande NRK, som hadde tatt ei folkeopplysande foredragsrolle, seier Bakke.

Bye sprengte straks alle rammer, han var dus, tok med mikrofonen ut, laga reportasjar og snakka med vanlege folk.

– Særleg med kystfolk og sjøfolk, som ikkje hadde nokon status i samtida.

Han var også tidleg ute med å utvida repertoaret av programgjester til å omfatta både yrkeskvinner, husmødrer, barn og unge.

– Då utvida han også målgruppene for programma sine, og husmødrer våga seg frampå som innringjarar.

I radiodebattar Bye arrangerte på tampen av det mannsdominerte 50-talet, kunne to av fire ekspertar vera kvinner.

– Også då Erik Bye byrja å reisa til Afrika, India og USA i fjernsynsprogram, var det vanlege folk han snakka med. Det medan norske vitseteiknarar framleis tydde til kannibalgryta. Erik Bye var både heime og ute med på å modernisera Noreg og forma norske haldningar, seier Asbjørn Bakke.

guri.kulaas@klassekampen.no

Lørdag 18. november 2017
Ansatte i akademia får ingen spørsmål om seksuell trakassering i arbeids­miljøundersøkelse. Det kan bidra til at slike saker går under radaren, frykter fagforeningsleder Ellen Dalen.
Fredag 17. november 2017
For ett år siden varslet en rapport at flere ansatte skal ha sluttet ved Det juridiske fakultet i Oslo som følge av seksuell trakassering. Dekanen vil heller «se framover» enn å granske saken.
Torsdag 16. november 2017
Midlertidig ansatte er mer utsatt for seksuell trakassering enn faste, viser rapport. I NRK opplever klubbleder Richard Aune at det spesielt er vikarene som vegrer seg for å melde fra.
Onsdag 15. november 2017
«Smålig.» «Kulturfiendtlig.» Det er noen av reaksjonene på at kulturminister Linda Hofstad Helleland (H) ikke vil dele ut et eneste stats­stipend i år.
Tirsdag 14. november 2017
I september i år hadde ikke VG og Dagbladet en eneste kunstanmeldelse på trykk. – Det svekker refleksjonen rundt kunst, advarer Hilde Tørdal i Norske Billedkunstnere.
Mandag 13. november 2017
EUs personvern­lov er godt nytt for den enkeltes personvern, sier Attac-leder Petter S. Titland. Men han frykter at Tisa-avtalen kan komme i veien for loven.
Lørdag 11. november 2017
Antallet anmeldelser i norske aviser er mer enn halvert på ti år. – Et demokratisk problem, mener lederen av Kritikerlaget.
Fredag 10. november 2017
I en ny søknad foreslår arkitektfirmaet Snøhetta en rekke endringer for å få det omdiskuterte prosjektet «A House to Die In» godkjent. Byantikvaren i Oslo er positiv til endringene.
Torsdag 9. november 2017
EUs nye regelverk for personvern vil gi Datatilsynet tilgang til intern informasjon i redaksjonene. Det kan føre til at kilder blåses, varsler presseorganisasjonene.
Onsdag 8. november 2017
Videooverføring av teater er ikke nevnt med ett ord i regjeringens kultur­budsjett. – Vi er dramatisk akterutseilt, sier Riksteatrets sjef Tom Remlov.

Klassekampen benytter informasjons­kapsler (cookies) så vi kan gi deg bedre service, og for å holde styr på om du er logget inn på våre tjenester. Du kan lese mer om vår bruk av informasjons­kapsler her.

Lukk