Torsdag 26. oktober 2017
Bond? Julian Assange forkler seg for å søka tilflukt i den ecuadorianske ambassade i London, etter at britisk rett har gjeve grønt lys for utlevering til Sverige. Foto: Tour de Force
«Risk» eksponerer både Julian Assanges hybris og kynisme overfor støttespelarar.
Ein risiko for andre
EGO: Dokumentaren viser Assange som ein mann med enorm tru på si eiga rolle i verdspolitikken.
Wikileaks-leiaren er ein mann det både er vanskeleg å lika og å lita på.

«Risk»

(Tyskland/ USA, 2017)

Regi og manus: Laura Poitras.

Med: Julian Assange, Sarah Harrison, Jacob Appelbaum, Daniel Ellsberg.

Lengde: 1 t. 31 min.

melding

HHHHII

I 2006 offentleggjorde Wikileaks 700.000 dokument frå USAs stats- og militærmakter. Dokument som varslarorganisasjonen hadde fått frå soldaten Chelsea (den gong kalla Bradley) Manning. Den omstridde offentleggjeringa vart viktig for verdsopinionens innsyn i og vurdering av Irak-krigen og den USA-leidde «krigen mot terror».

Sidan 2006 har Wikileaks’ renommé og rolle i verdspolitiske saker om overvaking og varsling endra seg mykje. Særleg på grunn av skuldingane om å ha late seg bruka av Russland gjennom lekkasjane om Hillary Clinton under presidentvalkampen i USA i 2016. Det kan difor vera greitt å minna om kva effekt Manning-varslinga i si tid hadde, og at Wikileaks var portalen som gjorde varslinga mogleg.

Laura Poitras kjende nok også at ho hadde samanfallande interesser med Wikileaks, då ho alt i 2006 kasta seg rundt og byrja å filma arbeidet deira innanfrå. Den amerikanske dokumentaristen lanserte same år den Oscar-nominerte filmen «My Country, My Country», som granska korleis USAs invasjon av Irak i 2003 hadde øydelagt og splitta landet. Dette var Poitras’ første film i ein trilogi om «krigen mot terror».

På det tidspunktet kunne ikkje Poitras vita at Edward Snowden i 2013 skulle setja si lit til nettopp henne, når han stod fram som varslar i NSA. Snowden mistrudde Wikileaks’ publiseringsstrategiar, som ikkje tar omsyn til konsekvensar av offentleggjering. Snowdens tankar kring «ansvarleg» bruk av lekkasjane blir tatt opp i Poitras’ dokumentar om varslaren, «Citizenfour» (2014). Denne siste filmen i trilogien hennar gav Poitras ein Oscar-statuett, men førte også til at ho måtte busetta seg i Tyskland.

Laura Poitras’ har i årevis vorte overvaka og truga av USAs og andre lands etter­retning, noko som har lagt sterke band på både livet og arbeidet hennar.

Filmen om Assange har på grunn av alt dette vorte liggjande til no. Han kan sjåast som ein parallell kommentar til trilogien. Det er opplagde svakheiter med den seine lanseringa, i første rekkje at eit interessert publikum kjenner historia godt frå før, men filmen får også nokre uventa styrkjer på grunn av tida som har gått.

På det enklaste nivået er «Risk» ei samanfatting av Assanges vekst og fall frå han vart verdskjent via Wikileaks’ Irak-lekkasjar til den svenske valdtektsetterforskinga førte han inn i eit seksårig asyl på den ecuadorianske ambassaden i London. Der ifrå kom han ikkje fullt så idealistisk ut på verdsarenaen igjen med Clinton-avsløringane. Desse drog vilkårslaust Wikileaks ned i eit politisk gjørmebad i USA og gav Assange ei klam omfamning frå Donald Trump. Mannen som tidlegare har ønskt livet av både Assange og organisasjonen hans.

I Laura Poitras film fungerer Clinton-lekkasjane i mindre grad til å fortelja om Wikileaks’ arbeid, men meir til å fylla ut bildet av Assange som ein mann med enorm tru på si eiga rolle i verdspolitikken og eit svært vanskeleg forhold til kvinner med makt.

Det er på portrettnivået at filmen har ein uventa subtil retorikk, der struktur, klipping og det tolsame, nærgåande fotoarbeidet til Kirsten Johnson («Cameraperson») gjev eit bilde av Assange som får oss til å grøssa.

Det er likevel ikkje slik at filmen berre insinuerer ting om Assange. Poitras konfronterer han direkte blant anna med spørsmål om han har eit «gudskompleks».

Laura Poitras er ein prinsippfast og modig filmskapar, og «Risk» viser ei anna side av desse eigenskapane. Ho bryt innimellom inn med ei forteljarrøyst, der ho lèt oss få innsyn i produksjonsnotata og vala sine, etter kvart som både historia og produksjonen tar uventa vendingar og Assange til slutt kjem med utilslørte trugsmål mot henne. Det er forbløffande å sjå korleis ein i utgangspunktet venlegsinna dokumentarist endar opp med å stadfesta det ganske fiendtlege bildet av Assange, som vart teikna i Bill Condons spelefilm «The Fifth Estate» (2013).

Poitras stiller seg spørsmålet kvifor Julian Assange i det heile har slept henne til. Ho får tydeleg inntrykk av at han ikkje liker henne, og han styrer dessutan Wikikeaks etter tryggingsprinsippa til ein etterretningsorganisasjon, så kvifor vil han ha eit kamera på seg?

Igjen ser Assanges ego ut til å spela inn, noko bilda av han omringa av kamera framfor rettssalen i London også vitnar om. Egoet går utover det politiske ønsket om å ha innverknad på toppnivå. Det einaste nivået som verkeleg tel for å skapa politisk endring, slik han ser det. Han ringjer med sjølvsagt mine USAs UD, i den tru at Hillary Clinton vil snakka med han.

Politikksynet hans gjer også Assange like kynisk som ein statsleiar. Medarbeidaren Jacob Appelbaum, som var aktiv under den arabiske våren, var lenge engasjert i krypteringsprosjektet Tor – heilt til han måtte trekka seg på grunn av sextrakassering. Før Snowden-avsløringane var Appelbaum uroa for at folk generelt, og arabiske aktivistar spesielt, ikkje forstod risikoen ved masseovervaking og lagring av data. Assange gjer det på si side klart at han alltid er klår til å ta risiko – òg på andre sine vegne – for å oppnå raske, politiske vinningar.

Valdtektssaka mot Assange har av mange blitt sett på som ei «honningfelle». «Risk» underbyggjer ikkje eit slikt syn. Ingen medarbeidar eller advokat er i stand til å stoppa Assange når han gong på gong slepp seg laus framfor kamera om den «dumme feministiske konspirasjonen» i Sverige. Saman kompromitterer Assange og Appelbaum Wikileaks arbeid og hånar straffa varslarar som Chelsea Manning.

guri.kulaas@klassekampen.no

Artikkelen er oppdatert: 27. oktober 2017 kl. 09.33
Torsdag 26. oktober 2017
Wikileaks-leiaren er ein mann det både er vanskeleg å lika og å lita på.
Torsdag 26. oktober 2017
Ikke overbevisende.
Tirsdag 17. oktober 2017
Solid og godt fortalt om vietnamkrigane.

Klassekampen benytter informasjons­kapsler (cookies) så vi kan gi deg bedre service, og for å holde styr på om du er logget inn på våre tjenester. Du kan lese mer om vår bruk av informasjons­kapsler her.

Lukk