Klassekampen.no
Onsdag 25. oktober 2017
Språklege haldningar og språklege handlingar heng tett saman.
Morsmålspolitikk

Før i år vart spørsmålet stilt om me treng språkpolitikk. Kor djupt i medvitsløysa går det an å søkkja? Kor langt frå andre kulturland skal me fjerna oss? To nasjonar i verda drøftar sjeldan språkpolitikk, USA og Storbritannia. Det har sin grunn; engelsk «holds the whole world in its hand».

Eit land utan språkpolitikk er tilbakeståande. For språk er politikk. Det er alltid nokon som styrer språket. Difor er ikkje spørsmålet om språk skal styrast eller ei. Kun snakk om kven og korleis.

Det pussige i den debatten eg sjølv stod i for femten år sidan, var at sentrale filologar (eg siterer ingen; nemner ingen) såg optimistisk på framtida. «Peace in our time»-haldninga stod sterkt blant professorane. Det var andre som ropte varsku: sentrale samfunnsforskarar (Øyvind Østerud), teknologiekspertar (Jon Bing), erfarne journalistar (NRK-veteranen Bjørn Tore Bryn), aviser: «Det norske språk er truet. And that’s a fact». (Dagbladet). Ottar Brox sa: «Jeg er et reflektert menneske; derfor er jeg pessimist».

No har Språkrådet sett ned eit utval som skal sjå på situasjonen igjen. Det er bra! For spelet om det norske språket må vera forankra i ein systematisk politikk som Stortinget kjenner ansvar for. NHO-sjefen Finn Bergersen jr. formulerte i 2009 si rettesnor for næringslivet: Norsk når du kan, engelsk når du må. Dei landa som i den globaliserte konkurransen held oppe sitt eige mål og samstundes er best mogeleg i engelsk (og andre språk), får eit overtak på dei landa som anten er – eller på veg til å bli – engelsk einspråklege. Fordi? Så lenge det finst meir enn eitt språk på jorda, vil det alltid vera ein fordel å meistra to språk eller meir!

Kulturministeren bør synleggjera at språkpolitikk har prioritet. At lover og retningslinjer for våre to likestilte skriftformer skal handhevast og praktiserast. At me skal snakka ofte og høgt om språkkvalitet i skulen, avisene, offentleg styring. (Dei som produserer møblar og bilar, snakkar jo faktisk om kvalitet!)

Korleis skal norsk skrift overleva i overskodeleg framtid? Språket må halda oppe

prestisje på sentrale samfunnsområde

verdi i yrkeslivet

interesse hos dei unge

Om det så berre sviktar på eitt av desse områda, lever me farleg. Sambandet er nemleg tett mellom språklege haldningar og språklege handlingar. Ei haldningsundersøking for vel ti år sidan viste at 20 prosent av nordmenn er positive til språkskifte (= engelsk). Og i dag ... ? Då Bergen kommune for nokre år sidan inviterte til informasjonsmøte om bybanen, nytta dei orda «Bergen light rail system».

Orda Itj no’ kjæm tå sæ sjøl er like sanne no som før. I andre land manglar dei så visst ikkje debatt om å ta vare på nasjonalspråket. Kvart år i Frankrike blir det sendt ei «stortingsmelding» til nasjonalforsamlinga om franskens stilling. Skulle me her i landet heva buksebaken og bestemma at me gjer det same, til dømes kvart fjerde år, altså ein gong kvar stortingsperiode?

Morsmålet ber oppe mennesket, og morsmålet ber oppe samfunnet. Ikkje noko mindre.

sylfest.lomheim@gmail.com

Sylfest Lomheim skriv om språk i Klassekampen kvar onsdag.

«Spelet om det norske språket må vera forankra i politikk»

Artikkelen er oppdatert: 30. november 2017 kl. 11.38
Onsdag 28. februar 2018
Ein opprådd lærar i grunnskulen tok kontakt; eit kvikt hovud i klassen hadde lurt på kvifor me seier at det er saft på termosen. Saften er då i termosen, eller...
Onsdag 21. februar 2018
No i februar kom det ei bok med tittelen «Psykisk helsearbeid». Me forstår at boka må handla om arbeid med psykisk helse. Men tittelen er ikkje uproblematisk. Han representerer det same uføret som Dagsavisen kom i den...
Onsdag 14. februar 2018
Korleis det går med Lula da Silva og presidentvalet i Brasil, er vanskeleg å seia. Derimot er det lett å seia at nasjonalspråket hans er portugisisk. Like lett å seia som at hans språk er større enn russisk. Det siste...
Onsdag 7. februar 2018
Alle lyg. Dei som seier dei aldri lyg, lyg iallfall.Dessutan er det slik at me lyg mindre om føremiddagen enn om kvelden. Så snakk med Siv Jensen før klokka ti. Det er skilnad på kor grovt folk lyg. Trur du eg...
Onsdag 10. januar 2018
Dagsrevyen har ikkje høve til å skriva Kongen om Harald.Dagsrevyen er pålagd å følgja norsk rettskriving. Punktum. Kongen med stor k er berre eit organ som held møte på Slottet om...
Onsdag 3. januar 2018
«Sexy spisesteder» var Aftenposten-overskrift i november 2017.Dei refererte ikkje til noko kjønnsleg; det var noko spennande og attraktivt. Liknande bruk av sexy såg eg i Dagsavisen.
Onsdag 6. desember 2017
Me var innom menneskespråk og biologi den 22. november. For å gjera rettferd skriv eg i dag om dyr som kommuniserer. Først den kvalitative og prinsipielle språkskilnaden mellom menneske og dyr: Viss me definerer...
Onsdag 29. november 2017
Me treng den blåsvarte Blåmann til å lysa opp no i november. For temaet er namn på husdyr. Stutane Balder og Odin har levd godt på...

Klassekampen benytter informasjons­kapsler (cookies) så vi kan gi deg bedre service, og for å holde styr på om du er logget inn på våre tjenester. Du kan lese mer om vår bruk av informasjons­kapsler her.

Lukk