Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Sivilt X

  • Ja, då er vi komne til den tiande spalta der eg skriv om korleis livet er på sivilforsvarsøving. Til lukke med jubileum! Dette er tredje (og siste) spalte om øvinga sist onsdag, og no er vi ferdige med lønsjen. Dermed er det tid for å øve på motorbrannsprøyte. Det er den greia som pumpar vatn når Sivilforsvaret slukkar brannar og slikt. Eg får den greie instruktøren og klarer meg ganske fint. Sidekvinna møter ein instruktør som nektar å instruere. I staden seier han «det er du som skal vise meg», før ho svarer «men eg veit ikkje korleis ein gjer det», og sånn held dei på. Det er mogleg at det er dette som er trenden i pedagogikken, men det såg ikkje ut som ho lærte å bruke motorbrannsprøyta. Etterpå skal vi setje opp eit telt. Det vil seie, Sivilforsvaret har fått nye telt som blæs opp seg sjølve. Dermed er vår jobb å stå i ein ring og sjå på eit telt som reiser seg. Kollegaen min ringjer. «Eg kan ikkje prate no», tenkjer eg, «eg er oppteken med å stå stille og sjå på eit telt som opnar seg sjølv». På ein måte er det meditativt og sikkert sunt. Kor sakte kan tida gå?