Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Religiøse og sekulære einast i konspirasjonsteorien om at vitskapen lyg.

Der jorda er flat

Konspirasjonsteoriar er ikkje noko nytt, men innhaldet i dei vil naturleg variera over tid. Ein konspirasjonsteori er ein forklaringsmodell som seier at ei mektig gruppe eller grupper har bestemt seg for å halda noko viktig skjult for andre. Gjennom denne samansverjinga fremjar dei sin eigen, løynde agenda. På eit grunnleggande nivå kan det vera gode grunnar for å slutta seg til konspirasjonsteoriar – maktmisbruk er jo eit gjennomgåande trekk i historia. Konspirasjonsteoriar er imidlertid ikkje samanhengande ideologiar eller politiske handlingsprogram, men framstår meir fragmentariske og ad hoc, om enn dei kan inkludera eldre, eksisterande teoristrenger.