Klassekampen.no
Torsdag 19. oktober 2017
Kvifor godtek Norge at Kosovo reiv seg laus frå Serbia, mens Catalonia ikkje kan få sjølvstende frå Spania?
Kosovo, ja – Catalonia, nei?

Folkerøystinga i Catalonia sundag 1. oktober vart møtt med sabotasje og politivold frå styresmaktene i Madrid. Catalonia svara med generalstreik og lovnad om å erklæra sjølvstende om kort tid. Dette kunne utløyst full konstitusjonell krise og eskalert og låst fast konflikten, i verste fall ført til ein valdeleg konflikt med den spanske staten, som i siste instans kunne ha tydd til militær maktbruk. I siste lita bøygde Catalonias president av og sa han var villig til å utsette sjølvstendeerklæringa og forhandla med Madrid.

Debatten i fleire land kretsar no rundt spørsmålet: Har katalanarane rett til å erklæra sjølvstende og riva seg laus frå Spania? Eller er den spanske regjeringa i sin fulle rett når dei har freista å hindra både folkerøysting og sjølvstendeerklæringa med alle middel?

Problemstillinga er ikkje nett ny. Kosovo har nyleg avslutta kvalifiseringsrunden for fotball-VM i Russland neste sommar. Det gjekk ikkje så bra, dei stend att med ein uavgjort og ein haug tapte kampar. Kanskje ikkje så underleg om vi tenkjer på at Kosovo er den yngste staten med det yngste landslaget i verda.

Kosovo proklamerte sitt sjølvstende 2008, etter å ha vore eit protektorat under FN, militært støtta av Nato. Bakgrunnen var Serbias undertrykking av den albanske befolkninga i Kosovo og krigen mellom den kosovariske frigjeringshæren UCK og den serbiske hæren, og den internasjonale intervensjonen i konflikten. Kosovo kom under internasjonale vengjer etter og gjennom Natos såkalla humanitære bombing av Serbia i 1999. Sjølv om Kosovo de jure er ein uavhengig stat, er han de facto heilt avhengig av både internasjonal økonomisk og ikkje minst militær bistand for å overleva. Om han då er sjølvstendig, kan difor diskuterast.

Fakta:

Katalansk sjølvstende:

• Den 1. oktober vart det gjennomført ein folkerøysting i Catalonia om sjølvstende frå Spania. 90 prosent stemte for, men valdeltakinga var berre på 43 prosent.

• Den spanske grunnlovsdomstolen har erklært folkerøystinga som ugyldig, og spansk politi freista stoppa folkerøystinga.

• I denne teksten samanliknar Steingrímur Njálsson situasjonen i Catalonia med Kosovo, som reiv seg laus frå Serbia i 2008.

• Norge var eit av 77 land som stemte for at Kosovos lausriving var legalt då saka vart teke til FN. Kvifor støtter regjeringa då ikkje Catalonia no, spør Njálsson.

Om forfattaren:

• Steingrímur Njálsson er statsvitar og lektor i samfunnsfag og historie.

Det var altså med hjelp frå Nato at Kosovo kunne riva seg laus frå Serbia. Serbia protesterte naturlegvis, og tok saka til FN. Serbia oppmoda Generalforsamlinga om å be Den internasjonale domstolen i Haag (ICJ) vurdere legaliteten i Kosovos unilaterale erklæring. Generalforsamlinga stemte over saka, og då stemte eit simpelt fleirtal på 77 statar for (blant dei Norge), medan 74 statar avstod frå å stemma og seks stemte imot.

ICJ tok saka, og den fyrste desember 2009 inviterte domstolen til ei ope høyring. Der fekk Serbia og Kosovo tre timar kvar til å leggja fram si sak, og 27 andre statar fekk kvar 45 minutt til å komma med merknader. Serbias hovudargument var at sjølvstendeerklæringa var «eit brot på fundamentale prinsipp i internasjonal rett», mellom anna prinsippet om «suverenitet og territorial integritet».

Kosovo hevda på si side at Serbia «etter å ha brote mot rettane til befolkninga» hadde mista «retten til kontroll over området». Kosovo vart støtta av Albania som hevda at «Det finst ingen regel i internasjonal rett som forbyr lausriving», noko fleire statar peika på.

På bakgrunn av denne høyringa slo Den internasjonale domstolen i 2010 fast at Kosovos sjølvstendeerklæring ikkje var eit brot på folkeretten av di «internasjonal rett ikkje inneheld noko forbod mot erklæringar om sjølvstende». Ein av dei statane som støtta Serbia var, ikkje overraskande, Spania. Dei var samd i den serbiske regjeringa sine påstandar om at Kosovo braut med prinsippet om statens suverenitet og territoriale integritet, som staten har rett til å forsvara dersom han er truga, også der trugsmålet kjem frå grupper innan staten.

No ser vi enda tydelegare kvifor Spania støtta Serbia: Å kjempe mot terroristiske baskarar er ein legitim og legal kamp, men det ikkje like lett å argumentera mot fredelig katalansk forsøk på lausriving.

Norge er ein av statane som har anerkjent Kosovo, og då vert spørsmålet: Kvifor godtek vi at Kosovo vart rive laus frå Serbia, men ikkje at Catalonia kan få sjølvstende frå Spania? Er det av di Serbia har undertrykka kosovoalbanarane? I så fall kan ein argumentera for autonomi, slik Serbia hadde tilbydd, men som kosovoalbanarane avslo. Treng ein nasjon sjølvstyre for å kunna forsvara seg? Handlar det altså handlar om tryggleik? I så fall har Catalonia eit dårleg utgangspunkt, sjølv om ein del hevdar dei vert undertrykt av eit fascistisk Spania; til dømes er politivolden som vart brukt for å forhindra folkerøystinga noko ein har sett i andre delar av Spania også, i samband med demonstrasjonar, så katalanarane vart ikkje diskriminert i så måte, «berre» mishandla som alle andre som politiet meiner trugar offentleg tryggleik og ro og orden.

I sitt innlegg i ICJ i 2009 kom leiar for UDs juridiske avdeling, Rolf Einar Fife, med to oppsiktsvekkjande påstandar. For det fyrste hevda han at «einingar innanfor statar ikkje er bundne av prinsippet om vern om den territoriale integriteten.» Dersom fleirtalet i til dømes ein region, eller ei etnisk gruppe innan staten, ynskjer sjølvstende, så har dei er betre sak enn styresmaktane som ynskjer å halda staten intakt. For det andre hevda han at «Kosovos sjølvstende vil ikkje skapa ein farleg presedens i internasjonale tilhøve av di Kosovo er ei spesiell sak.»

Er dette framleis UD og dimed den norske stats synspunkt? I så fall – burde ikkje det same gjelda for Catalonia? Er ikkje dei ein slik eining innan ein stat som ikkje trong kjenna seg bundne av statens ynskje om territorial integritet? Og kvifor er Kosovos sak si særeiga? Er det ikkje Nato som gjorde Kosovos sak spesiell og viktigare enn andre liknande saker, då dei tok side og let bomber regna over Beograd, for så å frata Serbia kontrollen med «den serbiske kulturs vogge»?

På botnen, under både Kosovo-saka og Catalonia-saka, lurer spørsmålet: Kva skal til for å erklæra ein eigen, suveren stat, anna enn at folkeretten ikkje har eit forbod mot det? Eit nødvendig, men ikkje tilstrekkeleg kriterium for sjølvstende er at befolkninga i området definerer seg sjølv som ein nasjon, og lever innan eit klart avgrense område. Catalonia er utan tvil eit klart avgrensa område, men om dei er ein nasjon, er ikkje like krystallklart. Kva ein nasjon er, er eit gamalt spørsmål. Ernest Renan svara at «ein nasjon er ei dagleg folkerøysting», det vil seia ein levande fellesskap som folk aktivt tek del i. Eit anna kjent svar kjem frå Benedict Anderson: Nasjonar er førestilte fellesskap. Dei er konstruerte og finnes ikkje i eitt og alt, men lever mest i felles symbol og institusjonar som forvaltar både disse symbola og dimed òg tanken og prinsippet om nasjonen.

Kva som skal til for at ei folkegruppe kan kalla seg ein nasjon, er ikkje berre eit akademisk, eventuelt eit emosjonelt identitetsspørsmål; det er òg eit juridisk spørsmål, regulert i folkeretten. Folkerettsleg sett er det subjektive kriteriet avgjerande: at folket sjølv definerer seg som ein nasjon og uttrykker eit ynskje om å styre seg sjølv. Styrken i dette argumentet kjem av at det er eit demokratisk «urargument»: Ingen stat har vel rett til å styra over andre mot deira eigen vilje?

Då støyter ein på spørsmålet om kva som er «folkets vilje» og korleis han kjem til uttrykk. Formålet med den katalanske folkerøystinga var nett å visa kva som er folkets vilje. Hadde røystinga vore gjennomført på ein plettfri måte, med høgare deltaking, ville Catalonia hatt ei sterkare sak. Dette visste regjeringa i Madrid sjølvsagt godt, og det er ein grunn til at dei freista sabotera røystinga og skremma folk frå å delta.

Eit problem for Catalonia er at det katalanske folket er delt: Av dei 7,5 millionane som bur i regionen er det mange som ikkje er etniske katalanarar, og mange av dei ynskjer ikkje lausriving. Og så finst det òg katalanarar som meiner autonomi innanfor den spanske staten er godt nok. Å ta omsyn til minoriteter er viktig for å gjennomføre ein legitim prosess – katalanarane er jo sjølve ein minoritet som ber den spanske majoriteten respektera deira preferansar, og då må dei gjera det same overfor andre minoriteter. Eit anna problem er tvilsame motiv for å riva seg laus. Om økonomien i regionen hadde vore dårleg, hadde dei da ynskt sjølvstende? Neppe, meiner mange. Dette ser ein ander stader også, til dømes på Færøyene, der dei massive pengeoverføringane frå den danske stat er til eit hinder for sjølvstendeinitiativ.

Catalonia har ikkje fått mye støtte, anna enn frå ikkje-statlege grupper. Når det kjem til stykket, er dei fleste statar glad i sin rett til å forsvara den heilage territoriale integriteten; den har ofte synt seg viktigare enn menneskeliv. Og dei fleste statar meiner antakeleg at om Catalonia fær støtte til sitt sjølvstende, vil dette skapa «ein farleg internasjonal presedens», slik Serbia, med større frå Spania, Kina, Russland, Brasil og fleire store statar hevda då Kosovo reiv seg laus frå Serbia.

Det skulle vore interessant å høyra kva Den internasjonale domstolen meiner om saka til Catalonia: Har konklusjonen deira om Kosovo relevans for Catalonia? Her er vi i ein catch 22-situasjon, for dersom Kosovo-avgjerda kan nyttast som legalt argument for katalansk sjølvstende hadde Serbia rett i at den saka skapa ein presedens for lausriving. Dersom saka til Catalonia ein gong kjem opp i Haag, kva vil Noreg seia? Vil norske styresmakter vera konsistente og peika på dei same prinsippa som i Kosovo-saka? Eller vil dei nytta den reservasjonsretten dei sneik inn den gongen då dei hevda at Kosovo var «ei spesiell sak»? Er ikkje Catalonia òg ei spesiell sak?

Artikkelen er oppdatert: 20. november 2017 kl. 14.49

Klassekampen benytter informasjons­kapsler (cookies) så vi kan gi deg bedre service, og for å holde styr på om du er logget inn på våre tjenester. Du kan lese mer om vår bruk av informasjons­kapsler her.

Lukk