Klassekampen.no
Onsdag 18. oktober 2017
Draumen om mykje og billig energi står i vegen for det grøne skiftet.
Energi i overflod

«The Energy Summit», eit energitoppmøte, vert arrangert i London 28. november i regi av tidsskriftet The Economist. Det vert, ganske sikkert, ein konferanse med god stemning og optimisme. I programmet er gode innspel om ny teknologi og framtidig teknologi, knytt til energi frå sol, vind og biomasse. «The Age of Abundance» er ei sentral overskrift: ein «tidsalder med overflod».

Det skjer mykje på energifronten. Her er landevinningar: Vi får tilgang til stadig meir ny energi, og den vert billegare. Den kan vera rein og fornybar. Den kan sikra oss ei grøn framtid ved at ny energi trengjer bort skitten og fossil. Og vi treng vel stadig meir energi? Som det står i ei sentral norsk stortingsmelding: Verden er umetteleg på energi!

Men er det så enkelt? Kva skjer i praksis? Kva har skjett i Noreg? Eit land med billeg energi, med mykje fornybar energi, ja med energi i overflod?

I dei tidlege etterkrigsåra hadde vi ei klippefast tru på at energi var ei drivkraft for utvikling. Mirakel kunne skje, om vi berre fekk nok energi. Mange ville satsa på atomkraft. I boka «Atomer og sunn fornuft» (1950) av Gunnar Randers finn vi ei futuristisk overskrift: «Mot syntetiske grønsaker». Det har ennå ikkje slått til. Heldigvis.

Noreg er fremst i verda når det gjeld tilgang på fornybar energi. Vår vasskraft står no for 67 prosent av vår energibruk. I Tyskland, som har satsa sterkt på si «Energiewende», står fornybar energi for 14 prosent. Eit fjernt mål, for år 2050, er 60 prosent.

Dei siste femti åra har tilgangen på fornybar vasskraft i Noreg auka dramatisk. Omrekna til oljeekvivalentar utgjorde den 11 million tonn i 1965. I 2015 var den på 31 million tonn. Nesten ei tredobling! Gav det eit «grønt skifte»? Nei, på ingen måte. Vår bruk av fossil energi auka i takt med auka tilgang på vasskraft: Frå nær seks million tonn i 1965 til over 15 million tonn oljeekvivalentar i 2015. I ein periode med tilgang på fornybar energi i overflod!

I vårt naboland, Danmark, skjedde det motsette. Forbruket av fossil energi har minska med 36 prosent dei siste femti åra, rekna per capita. Dei har ført ein annan politikk. Målet er å bruka mindre energi, med måtehald og energisparing. Eitt av deira slagord er: «Den grønneste energi er den, der ikke bruges».

Årleg brukar dei no energi som tilsvarar tre tonn oljeekvivalentar, rekna per capita. For Noreg er talet ni tonn. Det er vel difor det er så hyggeleg for oss å feriera i Danmark? Der dei legg stor vekt på vedlikehald av bygningar; medan vi knuser og byggjer nytt. Der er sykkel eit framkomstmiddel; medan den her til lands er eit symbol på fart og pengar. Og ein gangveg i Noreg vert gjerne bygt minst tre meter brei, med asfalt; i Danmark vert det også bygt små stiar.

Draumen om overflod av energi og om billig energi vil nok forføra mange. Det har skjett før. I si tid hadde Stalin ein draum om at billeg energi skulle vera eit lokomotiv for utvikling og vekst i Sovjet. Denne politikken vart vidareført av Breshnev og andre – i det meste av Aust-Europa. Det gav stor vekst i volum, men låg kvalitet. Og det gav ureining og eit dårleg livsmiljø.

I dag gjev billig energi oss ein ekspansiv livsstil, med auka fart, trafikk og mobilitet. Med breiare vegar og meir asfalt. Som Exxon i si tid sa, i ein reklame: «Take to the road for fun!». Den er eit viktig grunnlag for vår kjøp- og kast-kultur. Og vi får meir avfall. Billeg energi favoriserer store, bilbaserte kjøpesentra – medan nærbutikken vert lagt ned. Med høg energibruk treng vi meir plass. Vi får større båtar, tyngre bilar, større hytter og hus, og meir areal til parkering.

Billeg energi i kombinasjon med høg pris på arbeidskraft fremjar bruk av store, tunge og effektive maskiner. Vi ser skadeverknader av dette i jord- og skogbruk. Med køyreskadar, jordpakking og erosjon. Det er mest alvorleg i tropiske land, med urgamle og sårbare jordsmonn. Vi seier at vi vil «løfta opp dei fattige» med vår energi og med bruk av moderne maskiner. Men fattigfolk som er knytt til jorda treng mest enkle reiskap, gode såfrø og grøne fingrar.

I 1995 kom pamfletten «En ny miljøpolitikk», skriven av Kåre Willoch. I den argumenterte han for ein auke i skattar og avgifter på energi. Inntektene frå dette ville han bruka til redusert skatt på arbeid. Ja takk! Ei slik omlegging vil gje oss eit betre miljø på mange måtar. Ho vll gje mindre klimautslepp, mindre trafikk og mindre sentralisering, og ho ville styrkja det lokale og nærbutikken.

trefsdal@online.no

Økonomane Morten Jerven, Erik S. Reinert, Rune Skarstein, Camilla Øvald, Chr. Anton Smedshaug og Ebba Boye skriv onsdagar i Klassekampen.

Artikkelen er oppdatert: 20. november 2017 kl. 14.28

Klassekampen benytter informasjons­kapsler (cookies) så vi kan gi deg bedre service, og for å holde styr på om du er logget inn på våre tjenester. Du kan lese mer om vår bruk av informasjons­kapsler her.

Lukk