Tirsdag 17. oktober 2017
Storserien om Vietnamkrigen
Solid og godt fortalt om vietnamkrigane.

«Vietnam»

(The Vietnam War, USA 2017)

Produsent: Sarah Botstein/PBS.

Regi: Ken Burns og Lynn Novick.

Manus: Geoffrey Ward.

Lengde: Ti 55 minutt lange episodar.

Vist på: NRK2 på tysdagar.

melding

HHHHHI

NRK byrjar i kveld å visa Ken Burns og Lynn Novicks ti timar lange og alt varmt kritikarroste PBS-dokumentar om Vietnamkrigen.

Ei faktaorientert forteljarrøyst dreg dei store linene gjennom hendingane vi ser i eit svært rikt bildemateriale (blant anna 25.000 historiske foto), fylt ut av personlege vitnemål i nær 80 intervju med tidlegare tilsette i CIA, Pentagon, veteranar frå den amerikanske og den nord­vietnamesiske hæren, FNL og vietnamesiske diplomatar – mellom andre. Nokre av intervjua byr sjølvsagt på etterpåklokskapens kostnadsfrie og verdilause innsikt, men alt i alt er dei redigerte på eit vis som yter til sakas opplysing. Og regissørane, saman med manusansvarleg Geoffrey Ward, anstrengjer seg for å løfta blikket frå eit USA-internt perspektiv.

PBS (USAs allmennkringkastar) har spesialisert seg på folkeopplysande, historiske dokumentarseriar. Ken Burns og Lynn Novick er blant dei beste i faget, og dei har lagt ti års arbeid i «Vietnam». Dei har ikkje kasta bort tida. Dette er velkjent arkivdokumentar på sitt mest ambisiøse. Blant anna fungerer eit fantastisk musikkspor som ein sjølvstendig kommentar til handling og tidsånd. Serien er pedagogisk utan å bli keisam eller plagsamt reduksjonistisk. «Vietnam» er særleg tilrådeleg for ungdom som berre kjenner krigen frå Hollywood-film.

Vietnamkrigen er eit vass­skilje i etterkrigshistoria. Mange unge i Vesten utvikla ei djup mistru til eigne styresmakter og fekk eit nytt syn på krig og politikk. Nokon vil sakna utelatne perspektiv i «Vietnam». Nick Turse, forfattar av «Kill Anything That Moves», har skrive ei kritisk melding av serien for The Intercept, der han etterlyser følgjene for sivile vietnamesarar, sidan sivile er dei fremste offera i moderne krigføring.

Likevel er «Vietnam» eit kjærkomme, detaljert og breittfemnande bidrag til den populære historieskrivinga om krigen.

Første episode, «Vietnam – Déjà Vu (1858–1961)» «spolar seg» bokstavleg tala tilbake til start, til slutten på fransk kolonistyre og USAs skifte frå å støtta Ho Chi Minhs frigjeringskrig til å satsa på Ngo Dinh Diems regime, etter at stormaktene pressa fram ei «mellombels» deling av landet.

Serien nyttar effektivt frampeik som viser korleis den amerikansk-vietnamesiske krigen spegla seg i den fransk-vietnamesiske.

Når norske samtidsregjeringar av ulik kulør har vist seg ivrige etter å følgja USA i nye åtakskrigar, er «Vietnam» også ei viktig påminning om kva politiske og menneskelege kostnader imperialistiske krigar har, og kva valdelege domino­effektar ein skapar i framtida.

guri.kulaas@klassekampen.no

Artikkelen er oppdatert: 20. november 2017 kl. 14.14
Torsdag 26. oktober 2017
Wikileaks-leiaren er ein mann det både er vanskeleg å lika og å lita på.
Torsdag 26. oktober 2017
Ikke overbevisende.
Tirsdag 17. oktober 2017
Solid og godt fortalt om vietnamkrigane.

Klassekampen benytter informasjons­kapsler (cookies) så vi kan gi deg bedre service, og for å holde styr på om du er logget inn på våre tjenester. Du kan lese mer om vår bruk av informasjons­kapsler her.

Lukk