Klassekampen.no
Mandag 16. oktober 2017
Palestinsk mosaikk

Eg kom nett heim frå Palestina. Det er ikkje noko dramatisk i og for seg. I arbeidet med internasjonale relasjonar i fagrørsla har eg ofte hatt oppdrag i Midtausten, Palestina (og Israel) inkludert. Første gongen var meir enn sjokkerande. Eg kom med bibelsogas bilete av Jesus i kvit flagrande kjortel. Då eg kom første gongen, var temperaturen under null om kveldane, og eg fraus meir enn eg nokonsinne hadde gjort før. Kjortlar var utelukka.

Tilbake til notid. Vi køyrer frå Ramallah til Hebron, der vi skal møta leiaren for hovedorganisasjonen for universitetstilsette. Likestilling i fagforeiningar er temaet for møtet. «Vi» er underteikna og tolken Rima. Vi har arbeidd saman i mange år. Ho har nett fødd ein bitte liten gutt. Ho er tilsett på eit universitet, og mannen hennar er journalist. Eg tvilar på at ho kan reisa til Hebron, det er fleire timars køyring, og den vesle nyfødde treng mor. Mannen og ho bestemmer at saka er så viktig at ho skal reisa med barnet, mannen skal ta seg fri frå arbeid og køyra oss. Dei er bestemte. Dette skal gå bra. Dei har seks barn, dette kan dei.

Rima er fødd i ein palestinsk flyktningleir i Syria, familien er frå Gaza. I løpet av barndommen hamnar ho via Gaza til Ramallah, der ho har levd utan identitetspapir fram til for to år sidan. Ho har no høve til å reisa til tre-fire andre palestinske byar, men ikkje til Jerusalem. Brørne og onklane hennar har site årevis i israelske fengsel. Mannen hennar er frå Ramallah, deltok som 16–17-åring i den første intifadaen og vart sett i israelsk fengsel. Han sat fleire månader i eit bur. Ute i fridommen att vart han overvåka tett, fram til 2008, då han vart definert som ikkje lenger terrorist.

Begge er liberale, fredselskande, regimekritiske menneske. Dei er klåre i sin kritikk av Israel, men også av eigne styresmakter, som har tillete framveksten av eit gjennomkorrupt palestinsk samfunn. Dei er overtydde om at ei akseptabel framtid for det palestinske samfunnet er tett knytt til ei akseptabel framtid for det israelske. Mine venner elskar fred og fridom, men dei vert dagleg utsette for drapstruslar frå sine eigne.

På vegen heim til Ramallah såg vi ei kvinne dansa i vegkanten. Ho minte meg om Isadora Duncan, rørslene hennar var frie og inntakande. Ho var kledd uvanleg til ei palestinsk kvinne å vera, i ei slags treningsbukse med ei laus t-skjorte over. Ho verka lykkeleg. Rimas ektemann sa: «Eg kjenner henne, ho var pasient på det psykiatriske sjukehuset samstundes med med meg for eitt år sidan». På mitt forsiktige spørsmål fortalde han at han byrja få gruelege mareritt frå tida i fengsel, og måtte til behandling.

Dette er nokre bitar i kvardagen i Palestina i 2017. Det er fullt av andre også, fargerike, negative, oppmuntrande, mørke.

lajla.blom@gmail.com

Artikkelen er oppdatert: 20. november 2017 kl. 13.59

Klassekampen benytter informasjons­kapsler (cookies) så vi kan gi deg bedre service, og for å holde styr på om du er logget inn på våre tjenester. Du kan lese mer om vår bruk av informasjons­kapsler her.

Lukk