Klassekampen.no
Torsdag 12. oktober 2017
UNGE OFFER: Evgeny Afineevsky freistar å skape folkeleg engasjement for å få slutt på Syria-krigen. Foto: Tour de Force
Syrias krigsbarn
Syria sett frå éin part.

film

«Cries form Syria»

(Tsjekkia/USA, 2017)

Regi og manus: Evgeny Afineevsky.

Lengde: 1 t. 51 min.

melding

HHHHII

Evgeny Afineevsky fortvilar over kynismen i og konsekvensane av Syria-krigen, så vel som over den vestlege opinionens apati. I Europa når berre dei mest sjokkerande krigsbrotsverka opp i nyhenda saman med dei individuelle tragediane, som lagnaden til Alan Kurdî. Bilda av den drukna barnekroppen opnar også «Cries From Syria».

Filmen går så tilbake til start, til Daraa under den arabiske våren i 2011, og rekapitulerer korleis skolegutar ned i tolvårsalderen vart arresterte og grovt torturerte for å ha utfordra augelegen Assad med slagord som «din tur, doktor» på skoleveggen. Alle opplysingar i «Cries form Syria» er kjende, men ved å appellera til omverdas medkjensle med dei yngste krigsoffera, freistar Afineevsky å skapa folkeleg engasjement for å få slutt på krigen. På pedagogisk vis førebur fortekstane deg med eit oversyn over syrisk (og russisk-syrisk) historie. Handlinga går så kronologisk gjennom krigen med eit noko selektivt perspektiv.

Det er lett å stø krav om krigsslutt og internasjonal innsats for flyktningane. Ein kan så vera samd eller usamd når regissøren tar ukritisk stilling for den frie syriske hæren og kategorisk stemplar Assad/Russland som hovudskurkane i stedfortrederkrigen. Det er som venta frå mannen bak «Winter on Fire – Ukraine’s Fight for Freedom». Posisjonen er delt av mange og kjent frå andre Syria-dokumentarar som har fått vestleg distribusjon, som Obaidah Zytoons og Andreas Dalsgaards «The War Show» (2016).

Det som er utfordrande med den HBO-produserte «Cries from Syria», er kombinasjonen av sterke visuelle verkemiddel, ein suggestiv retorikk og ugjennomtrengjeleg kjeldebruk. Mange amatørar har vorte reporterar i Syria for å få ut krigsdokumentasjon. «The War Show» var ei slik personleg videodagbok.

Filmens styrke låg i at han ikkje gav seg ut for å vera noko anna enn subjektiv, og observasjonane var mangesidige. Afineevsky har samla 20 terabytes(!) med amatøropptak. Han har redigert saman eit utval av desse til éin tydeleg bodskap.

Forteljarrøysta koplar bilde av ymse slag saman på meiningsberande vis, utan at vi får dokumentert når og kor bilda kjem frå, eller kva opphav dei har. Afineevsky har sjølv intervjua vitne, men elles blir berre glimt av attkjennelege mediebilde brukt som ei assosiativ «verifisering» av heilskapen. Dette er ekstra problematisk med tanke på propagandakrigen i Syria.

guri.kulaas@klassekampen.no

Klassekampen benytter informasjons­kapsler (cookies) så vi kan gi deg bedre service, og for å holde styr på om du er logget inn på våre tjenester. Du kan lese mer om vår bruk av informasjons­kapsler her.

Lukk