Torsdag 12. oktober 2017
Nye Statoil

• Konsernsjef Eldar Sætre varsla denne veka at Statoil er i ferd med å bli omskapt frå eit oljeselskap til eit breitt energiselskap. No er det ikkje ein grøn revolusjon Sætre skildrar i ein kronikk i Aftenposten: Statoil skal framleis produsere olje og gass, men med stadig lågare klimagassutslepp. Statoil-sjefen signaliserer at ny utvinning skal skje særleg på norsk sokkel, og selskapet skal ikkje drive med tungolje og oljesand, som ein har gjort i utlandet. Samtidig gir Sætre klar beskjed om at Statoil skal vekse innanfor fornybar energi, slik ein i dag driv stort med havvind utanfor Skottland. No er målet å investere rundt 100 milliardar kroner på fornybar energi, til eit nivå på 15–20 prosent av dei samla investeringane til selskapet.

• Strategien til Eldar Sætre står i skarp kontrast til den forgjengaren Helge Lund følgde som Statoil-sjef. I Lunds tid vart Statoil reindyrka som ein olje- og gassprodusent. Sideverksemder som bensinstasjonane, vart selde ut. Tanken var at Statoil måtte utvide olje- og gassverksemda i utlandet etter kvart som det vart mindre ressursar på norsk sokkel. Dette førte til ei omstridd satsing på oljefelt i tvilsame regime, men også til konfliktfylte investeringar i skiferolje og oljesand. Fleire av dei store investeringane blei regelrette fiaskoar. Sjølv om Statoil også den gongen dreiv med fornybar energi, vart alle dei store pengane brukt på olje og gass. Så seint som i 2010 vekte Helge Lund oppsikt da han varsla at den grøne satsinga ikkje var lønnsam nok og at Statoil vurderte å vera eit reint olje- og gasselskap.

• Gjennom nesten 50 år har Statoil vore avgjerande i forvaltinga av den norske oljeformuen. Heldigvis eig staten framleis 67 prosent av selskapet, og mange av dei over 20.000 arbeidsplassane er i Norge. Når konsernsjefen no signaliserer ei sterkare satsing på norsk sokkel i petroleumsverksemda til «nye Statoil», er det i tråd med nasjonale interesser. Samtidig er det fornuftig og framtidsretta å gå tyngre inn i fornybar energi, og slik bruke dei store ressursane og kompetansen til å gjera Statoil til eit breiare energiselskap. Det er bra for Norge og for klimaet – og det er på høg tid.

Tirsdag 17. oktober 2017
• Det framlagte statsbudsjettet for 2018 legger opp til en massakre for Frivillighets-Norge. Kuttene skjer delvis ved redusert momskompensasjon for frivillige organisasjoner til tross for at et samlet storting så seint som i juni i år stilte...
Mandag 16. oktober 2017
• Etter at Høgre og Framstegspartiet kom til makta i 2013 starta dei ei såkalla avbyråkratiserings- og effektiviseringsreform (ABE-reforma). Reforma skulle innebera at offentlege verksemder får redusert løyvingane med 0,5 prosent kvart år,...
Lørdag 14. oktober 2017
• Det gikk et lettelsens sukk i en rekke europeiske hovedsteder i mars, da det nederlandske valget endte med seier for statsminister Mark Rutte og hans høyreliberale parti VVD. I mai fulgte Frankrike opp med seier for Emmanuel Macron i siste...
Fredag 13. oktober 2017
• USAs president Donald Trump vil i dag kunngjøre hva han vil gjøre med atomavtalen med Iran som han gjentatte ganger har kalt «den verste avtalen noensinne». Avtalen med Iran ble framforhandlet av USA, Russland, Kina, Storbritannia,...
Torsdag 12. oktober 2017
• Konsernsjef Eldar Sætre varsla denne veka at Statoil er i ferd med å bli omskapt frå eit oljeselskap til eit breitt energiselskap. No er det ikkje ein grøn revolusjon Sætre skildrar i ein kronikk i Aftenposten: Statoil skal framleis...
Onsdag 11. oktober 2017
• Laurdag avslørte Klassekampen at USA legg opp til at amerikanske soldatar skal vera på Værnes i Trøndelag i lang tid. Amerikanske dokument omtalar stasjoneringa av soldatar som «vedvarande». Måndag skreiv vi at USA også planlegg...
Tirsdag 10. oktober 2017
• Regjeringens forslag om å frata paraplyorganisasjonen Islamsk Råd Norge (IRN) driftstilskuddet er ubetenksomt. Det er liten tvil om at IRN har sine problemer, og mange har ønsket seg en mer offensiv brobyggerprofil fra organisasjonen. Ti...
Mandag 9. oktober 2017
• Nestleder i Arbeiderpartiet Hadia Tajik uttrykte forrige uke at partiet har forsømt seg i debattene om fri flyt av arbeidskraft. Hun sier i et intervju her i avisa at europeiske sosialdemokrater i årevis har tillatt et rammeverk som fører...
Lørdag 7. oktober 2017
• I uka som kommer markeres 200-årsjubileet for Marcus Thranes fødsel. Thrane var organisator av den første organiserte arbeiderbevegelsen i Norge, som også var den første politiske massebevegelsen i landet. Han ble i likhet med den 15-årige...
Fredag 6. oktober 2017
• Dere får ha oss unnskyldt, men i dag handler det om Grønland i Oslo, der Klassekampen selv har kontorer. Strøket er et svært livlig byområde, med et yrende folkeliv, butikker, serveringssteder og mye som skjer langt inn i de små timer. En...

Klassekampen benytter informasjons­kapsler (cookies) så vi kan gi deg bedre service, og for å holde styr på om du er logget inn på våre tjenester. Du kan lese mer om vår bruk av informasjons­kapsler her.

Lukk