Onsdag 11. oktober 2017
Basepolitikk

• Laurdag avslørte Klassekampen at USA legg opp til at amerikanske soldatar skal vera på Værnes i Trøndelag i lang tid. Amerikanske dokument omtalar stasjoneringa av soldatar som «vedvarande». Måndag skreiv vi at USA også planlegg storinnrykk av troppar på Setermoen i Troms, noko også avisa Nordlys har meldt. No blir det jobba for å få på plass bygningar og anlegg til amerikanske soldatar fleire stader. USAs auka interesse for Norge blir stadfesta av at både sjefen for marinekorpset og USAs forsvarssjef har vore på besøk dei siste vekene. I eit amerikansk notat Klassekampen har fått tilgang til, blir det slått fast at Norge blir stadig viktigare i den militære planlegginga deira. I det amerikanske marinekorpsets eige magasin har det vorte skrive at «Norge er slagmarka i ein potensiell framtidig konflikt med Russland».

• Dette viser at Norsk tryggingspolitikk er i tydeleg endring. Vi deltar no i ei opprusting som aukar spenninga i nord, skjerpar motsetningane til Russland og bind oss enda tettare til USA. Stasjonering av amerikanske soldatar i Norge er eit brot på den norske basepolitikken, som sidan 1949 har gått ut på at framande land ikkje skal ha basar i Norge så lenge vi ikkje blir angripe eller trua av angrep. Regjeringa har insistert på at Værnes ikkje er nokon amerikansk militærbase, fordi soldatane er her mellombels og mannskapet roterer. Argumentasjonen til forsvarsministeren er ikkje truverdig. Avtalen om Værnes er allereie forlengt, og i interne amerikanske dokument blir basen omtala som «vedvarande». Sam­tidig planlegg altså USA enda større militær verksemd i Norge.

• Opprettinga av amerikanske militærbasar i Norge er særleg kritikkverdig av to grunnar: For det første blir basar oppretta utan offentleg debatt, utan open drøfting og vedtak i Stortinget – og utan at regjeringa i det heile vedgår at dette er militære basar. Dei reelle avgjerdene ser ut til å bli fatta i det skjulte. For det andre er denne styrkinga av amerikansk militær verksemd i Norge farleg. Faren aukar for at Norge nettopp skal bli slagmarka i ein potensiell framtidig konflikt mellom Russland og USA.

Tirsdag 17. oktober 2017
• Det framlagte statsbudsjettet for 2018 legger opp til en massakre for Frivillighets-Norge. Kuttene skjer delvis ved redusert momskompensasjon for frivillige organisasjoner til tross for at et samlet storting så seint som i juni i år stilte...
Mandag 16. oktober 2017
• Etter at Høgre og Framstegspartiet kom til makta i 2013 starta dei ei såkalla avbyråkratiserings- og effektiviseringsreform (ABE-reforma). Reforma skulle innebera at offentlege verksemder får redusert løyvingane med 0,5 prosent kvart år,...
Lørdag 14. oktober 2017
• Det gikk et lettelsens sukk i en rekke europeiske hovedsteder i mars, da det nederlandske valget endte med seier for statsminister Mark Rutte og hans høyreliberale parti VVD. I mai fulgte Frankrike opp med seier for Emmanuel Macron i siste...
Fredag 13. oktober 2017
• USAs president Donald Trump vil i dag kunngjøre hva han vil gjøre med atomavtalen med Iran som han gjentatte ganger har kalt «den verste avtalen noensinne». Avtalen med Iran ble framforhandlet av USA, Russland, Kina, Storbritannia,...
Torsdag 12. oktober 2017
• Konsernsjef Eldar Sætre varsla denne veka at Statoil er i ferd med å bli omskapt frå eit oljeselskap til eit breitt energiselskap. No er det ikkje ein grøn revolusjon Sætre skildrar i ein kronikk i Aftenposten: Statoil skal framleis...
Onsdag 11. oktober 2017
• Laurdag avslørte Klassekampen at USA legg opp til at amerikanske soldatar skal vera på Værnes i Trøndelag i lang tid. Amerikanske dokument omtalar stasjoneringa av soldatar som «vedvarande». Måndag skreiv vi at USA også planlegg...
Tirsdag 10. oktober 2017
• Regjeringens forslag om å frata paraplyorganisasjonen Islamsk Råd Norge (IRN) driftstilskuddet er ubetenksomt. Det er liten tvil om at IRN har sine problemer, og mange har ønsket seg en mer offensiv brobyggerprofil fra organisasjonen. Ti...
Mandag 9. oktober 2017
• Nestleder i Arbeiderpartiet Hadia Tajik uttrykte forrige uke at partiet har forsømt seg i debattene om fri flyt av arbeidskraft. Hun sier i et intervju her i avisa at europeiske sosialdemokrater i årevis har tillatt et rammeverk som fører...
Lørdag 7. oktober 2017
• I uka som kommer markeres 200-årsjubileet for Marcus Thranes fødsel. Thrane var organisator av den første organiserte arbeiderbevegelsen i Norge, som også var den første politiske massebevegelsen i landet. Han ble i likhet med den 15-årige...
Fredag 6. oktober 2017
• Dere får ha oss unnskyldt, men i dag handler det om Grønland i Oslo, der Klassekampen selv har kontorer. Strøket er et svært livlig byområde, med et yrende folkeliv, butikker, serveringssteder og mye som skjer langt inn i de små timer. En...

Klassekampen benytter informasjons­kapsler (cookies) så vi kan gi deg bedre service, og for å holde styr på om du er logget inn på våre tjenester. Du kan lese mer om vår bruk av informasjons­kapsler her.

Lukk