Fredag 6. oktober 2017
OPTIMIST: Fransk-norske Eva Joly håpar på gjennombrot i kampen mot skatteunndraging med nye EU-reglar. – Dette vil vera ein djuptgåande reform, seier Joly om arbeidet som pågår i EU. Foto: Marthe Amanda Vannebo
Norske Eva Joly og Nobel-prisvinnar Joseph Stiglitz i front mot multinasjonale selskaps aggressive skatteplanlegging:
Slik skal skatteflukta stoppast
LEX JOLY: I EUs arbeid med nye skattereglar tar EU-parlamentarikar Eva Joly grep for at digitale gigantar som Google og Amazon ikkje får smotthol. Joly ber Norge ta ei aktiv rolle.

Skatt

Milliardar av inntekter går tapt i skattekasser verda over, som ei direkte følge av at store multinasjonale selskap organiserer seg unna skatten.

Denne veka blei det kjent at EU-kommissæren for konkurranse, danske Margrethe Vestager, sende ei skatterekning til Amazon på 2,4 milliardar kroner. Vestager meiner IT-giganten har fått ulovlege skattefordelar frå Luxembourg over ei årrekke.

Samstundes pågår det eit arbeid i EU for å endra regelverket slik at multinasjonale selskap ikkje lengre skal kunna organisera seg unna skatten.

Norske Eva Joly, som sit i EU-parlamentet for Dei Grønne, har ei sentral rolle i arbeidet.

– Dette vil vera ei veldig djuptgripande reform. Klarer me dette, så har me løyst det største finansielle problemet som statskassane står over, seier Joly til Klassekampen.

Fakta

Kamp mot skatteflukt:

• EU jobbar for å hindra multinasjonale selskap å organisera seg unna nasjonale skattekasser.

• Norskfranske Eva Joly representerer De Grøne i Europaparlamentet og er sentral i arbeidet med nye skattereglar.

• Joly håpar EU-parlamentet vedtar nye reglar før jul.

• Også OECD jobbar for å hindra multinasjonale selskap å organisera seg unna skatt.

• OECD meiner internasjonale selskaps skatteunndraging årleg kostar verda rundt 1000 milliardar norske korner, ifølge E24.

Foreslår IT-reglar

– Kva land kjem skatteinntektene til å komma inn i?

– Ideen er at dei multinasjonale selskapa ikkje lengre skal ha noko med fordelinga av skatteproduktet. Eit norsk multinasjonalt selskap som Statoil vil betala skatt til Norge. Skatteproduktet vil deretter bli fordelt mellom forskjellige land etter kriterium som ein bestemmer på førehand, som talet på tilsette og investeringar, seier ho.

Men Joly meiner forslaget som ligg i bordet ikkje er godt tilpassa digitale selskap som Amazon, Google og Facebook, der det i større grad enn anna industri og tenesteproduksjon ikkje er openbart kvar inntektene blir genererte.

– Her har vi, eg, skrive eit forslag til endring på teksten til kommisjonen som vil fanga opp og skattlegga dei elektroniske tenestene, seier Joly.

Joly meiner skattekravet som kommissæren sende til Amazon, skulle vore langt høgare.

– Det er eit lite beløp. EU-kommissæren har ikkje sett på det store bildet i Amazon-saka. Ho har berre sett på ein pengestraum. Det ønsker me å gjera med nye bokføringsreglar og skattereglar for multinasjonale selskap, seier Joly.

Joly håpar vegen no er kort til eit vedtak i EU-parlamentet.

– Me håpar dei nye reglane skal bli vedtatt av parlamentet før jul, seier ho.

Joly har også jobba med skattlegging av multinasjonale selskap i tenketanken Icrits, saman med blant andre Nobelprisvinnar i økonomi Joseph E. Stiglitz, som ho seier er ein viktig støttespelar i arbeidet som no pågår i EU.

– Stiglitz har også vore her i EU-parlamentet og snakka om kor viktig dette er.

Skal eliminera triks

Det sentrale i lovforslaget som EU-parlamentet jobbar med er at multinasjonale selskap skal skattleggast som ei eining.

– Då vil alle triksa i boka som går ut på at ein overfører overskott frå eit høgskattland til eit lågskattland bli eliminert, seier Joly.

Ho seier det finst «hundre forskjellige teknikkar» for å organisera seg vekk frå skatten.

– Det går på alt frå for høge lån og for høge renter til kunstige betalingar til filialar for bestyring av kundekartoteket, seier ho.

Men lovforslaget slik det er utforma i dag er altså ikkje godt nok for å møta digitale selskapa, ifølge Joly.

Utover å skattlegga dei multinasjonale selskapa som ei eining, for deretter å fordela skatteproduktet til ulike land basert på ei rekke kriterium, som talet på tilsette i ulike land, har Joly eit ekstra forslag: Å legga til «digitale kriterium» som blant anna talet på klikk på plattforma i eit gitt land, talet på opplysningar som er samla inn frå selskapa og talet på abonnement.

– Det betyr at Norge får sin del av skatten frå Google, seier ho.

Ifølge kommisjonens forslag vil dei nye reglane gjelda alle selskap med over 700 millionar euro i omsetning. Joly ønsker dei skal nå endå fleire selskap med dette regel­verket.

– Det er kommisjonens forslag. Eg har forslått å setta grensa ned til 40 millionar euro, seier ho.

Også i OECD går det føre seg eit arbeid for å tetta skatte­smotthol, men regelendringane i EU går mykje lengre, ifølge Joly.

Vil møta motstand

Joly er sikker på at dei nye reglane vil møta motstand, både frå multinasjonale selskap og EUs eigne skatteparadis.

Luxembourg, Irland, Malta og Nederland vil kjempa mot endringar når lovforslaget kjem til EU-rådet, meiner Joly.

– Dei lever blant anna av å stela andre lands skatteproveny. Luxembourg har blokkert all utvikling på denne fronten i 30 år, men eg trur at det no er stemning for at me ikkje vil finna oss i det lengre, seier Joly.

Ifølge Joly opnar blant anna Lisboa-traktaten for ein veg forbi dei små landa i EU-rådet som ho trur vil kjempa imot nye skattereglar.

Forslaget Joly legg fram, er framleis ikkje diskutert i dei store parlamentariske blokkene i EU, men ho er optimist.

– Eg trur dette er mogleg fordi me har vunne den kulturelle kampen. Det er ikkje berre dei små grøne som kjempar. I dag er dette blitt mainstream i dei politiske gruppene, seier ho.

Joly håpar det europeiske regelverket etter kvart kan bli dominerande i heile verda.

– Ideen er at det europeiske system skal nå ut, seier ho.

– Kva kan eit land som Norge gjera?

– Norge kunne gått i spissen og implementert dette med ein gang. Men det trur eg ikkje Finansdepartementet vil gå med på. Dei ønsker ikkje at Norge skal ha andre vilkår enn andre land.

Joly meiner Norge likevel kan ta ei aktiv rolle.

– Det beste Norge kan gjera er å støtta forslaget, både i Norge og i dei nordiske samarbeidsfora gjennom å be Sverige og Danmark støtta det, seier Joly.

Til EU-domstolen

Skatterekninga til Amazon var ikkje det einaste som vekte merksemd i EU denne veka.

I fjor sende EU-kommissæren eit tilsvarande krav til Apple og Irland, som var på heile 13 milliardar euro, ein sum som svarar til rundt 122 milliardar kroner.

Men lite er skjedd, og no har EU-kommisjonen sendt saka til EU-domstolen.

– Vil Irland bli dømt?

– Det er eg ganske sikker på. Irland vil få ei bot fordi dei ikkje har gjort det dei er pålagt. Det er jo ikkje ein spøk når konkurransekommisæren seier at dei har vridd konkurransen. Dei kan ikkje vri seg unna. Me har domstolar for det. Dette kjem til å enda med at Irland for ei ganske høg bot, seier Joly.

Ho meiner det var viktig at saka blei sendt over til EU-domstolen. Ho meiner det sender signal til Amazon og Luxembourg.

– Dette er å visa tenner. Det er å forlanga at reglane skal overhaldast. Det er også ein beskjed til Amazon og Luxembourg. Dei har ikkje noko val, seier ho.

Amazon har sendt ut ein kommentar om skattekravet frå EU-kommissæren, der det går fram at Amazon meiner dei ikkje har fått særbehandling av Luxembourg og verken brote nasjonale eller internasjonale skattereglar, ifølge nyheitsbyrået AFP.

annekarih@klassekampen.no

Tirsdag 12. desember 2017
SPLITTA HERSK: Frps landsstyre er meir samla om at Venstre skal gå i regjeringsforhandlingar enn kva Venstres landsstyre er.
Mandag 11. desember 2017
JA OG NEI: Halvparten av ordførarane til Venstre seier ja til regjering. Fleire meiner det er ein myte at Distrikts-Venstre er regjeringsmotstandarar.
Lørdag 9. desember 2017
VI SEI NEI, NEI, NEI: Sp er heilt imot å opne den raudgrøne alliansen for Raudt og MDG. Torbjørn Røe Isaksen meiner Aps MDG-flørt gjer jobben lettare for Høgre.
Fredag 8. desember 2017
ALLIANSE: Ap-leder Jonas Gahr Støre må ta Rødt og MDG og bygge en ny allianse, mener Raymond Johansen. Han ønsker Martin Kolbergs oppgjør med partiet velkommen.
Torsdag 7. desember 2017
NERVEKRIG: Stadig færre norske krigsveteraner får erstatning for psykiske lidelser påført i utenlandstjeneste. I flere av sakene velger statens byråkrater å se bort ifra medisinske erklæringer om psykologiske krigsskader.
Onsdag 6. desember 2017
GENTABBE: Oslo universitetssykehus får refs for gentesting i en ekstern rapport. Samtidig viser det seg at flere enn 21 kvinner er rammet av skandalen.
Tirsdag 5. desember 2017
VIKTIG VEKE: Denne veka landar Venstre på om dei skal gå i regjeringsforhandlingar. Ingen av fylkesleiarane seier nei til å gå vidare med regjerings­praten.
Mandag 4. desember 2017
ULIKHET: Klasseskiller henger sammen med hva du bekymrer deg for, og hvor mye. Arbeiderklassen er de som har flest bekymringer.
Lørdag 2. desember 2017
PRESS: Sykehuslegene har ikke tid til å spise eller gå på do og føler ofte de skulle vært flere steder på en gang. Dette kommer fram i en ny stor undersøkelse.
Fredag 1. desember 2017
LEX HAGEN: Frp vil besvare «Lex Hagen» med et forslag myntet på tidligere Ap-leder Thorbjørn Jaglands dobbeltrolle i Nobelkomiteen.

Klassekampen benytter informasjons­kapsler (cookies) så vi kan gi deg bedre service, og for å holde styr på om du er logget inn på våre tjenester. Du kan lese mer om vår bruk av informasjons­kapsler her.

Lukk