Klassekampen.no
Torsdag 5. oktober 2017
På rømmen: Robert Pattinson. Foto: Europafilm
Desperat brorskap
«Good Time» for sjåarane, ikkje for rollene.

film

«Good Time»

(USA, 2017)

Regi: Josh Safdie, Benny Safdie.

Manus: Ronald Bronstein, Josh Safdie.

Med: Robert Pattinson, Benny Safdie, Buddy Duress, Taliah Webster, Barkhad Abdi, Jennifer Jason Leigh.

Lengde: 1 t. 41 min.

melding

HHHHHI

Den lett utviklingshemma Nicholas Nikis (Benny Safdie) endar på sjukehus med politivakt etter å ha vore med på eit mislukka ran. Utan å forstå kva som skjer, blir Nick dregen ned i ein valdeleg malstraum som raskt fører han mot botn av tilværet. Mannen som skapar malstraumen er broren Connie Nikis (Robert Pattinson). Ein gatesmart og omsynslaus mann, som freistar å «fiksa» livet til seg sjølv og broren på det einaste viset han kan.

Connie er ein av dei mest reindyrka egoistane som har fått ei hovudrolle på film, men han er bunden til Nick som om det var dei to mot verda. Slik var det truleg i oppveksten deira, men i det filmen byrjar, er sosialtenesta i ferd med å bryta brorsbandet. Det er når Nick blir utgreidd for institusjon at Connie riv broren ut frå psykologen og inn i banken.

Etter den innleiande fiaskoen følgjer vi Connie gjennom eit desperat døgn i New York. Han vil få Nick ut frå sjukehuset, men gjer berre situasjonen stadig meir utoleleg både for seg sjølv og alle han utnyttar på sin veg. Utelukkande kolsvart komikk lettar handlinga.

Bak den ironisk titulerte «Good Time» står også to brør. Skodespelaren Benny Safdie har regissert i lag med broren og manusforfattaren Josh Safdie. Saman med musikkartisten Oneohtrix Point Never har dei skapt ei ekspressiv bildeforteljing i pulserande fargar og rytmar.

«Good Time» er ikkje elegant slik som Sebastian Schippers «En natt i Berlin» (2015), men filmane har noko sams i stemninga: Storbynatta, den rå, negative energien i ungdomsliv utan framtidsutsikter og den lagnadstunge kjedereaksjonen av dårlege val. Midt i det velregisserte kaoset har også begge filmar ein svært karismatisk skodespelarprestasjon.

Det kan bli påtatt med filmstjerner som gjer seg «stygge» for å spela karakterroller, men Robert Pattinson får vist kva han dug til som Connie. Bak bleika hår og ukledeleg skjegg er det ein villskap og eit sinne som lyser ut gjennom augo. Kameraet er tett på og gjev oss kjensla av ikkje å kunne sleppa ut av Connies oppjaga og klaustrofobiske univers. Sjåaren blir pressa til urovekkjande engasjement for eit grenselaust menneske med tvitydige motiv. Er Nicks livslukke avhenig av Connie, eller vil det å sleppa unna «omsorga» frå broren vera ei frigjering for Nick? Slutten er open for tolking.

guri.kulaas@klassekampen.no

Klassekampen benytter informasjons­kapsler (cookies) så vi kan gi deg bedre service, og for å holde styr på om du er logget inn på våre tjenester. Du kan lese mer om vår bruk av informasjons­kapsler her.

Lukk