Klassekampen.no
Torsdag 5. oktober 2017
DOKUMENTERER: Kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner (H) var i går i Kristiansand og fekk med eigne auge sjå flaum- og skredskadane på Sørlandet. Foto: Tor Erik Schrøder, NTB Scanpix
Vil ha flaumførebygging høgare på dagsorden:
Ikkje godt nok
Undersak

Ber ministeren komma med svar

Ingunn Foss representerer Vest-Agder Høgre på Stortinget. Ho meiner staten må på stilla opp for det flaum- og skredråka Sørlandet, både med ryddehjelp og for å sikra kritisk infrastruktur for framtida.

No ber ho partikollega og kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner (H) komma med eit skriftleg svar til Stortinget om korleis kommunal- og moderniseringsministeren vil sørga for at staten bidrar.

– Er Norge førebudd for meir ekstremvêr?

– Det er eit stort spørsmål som har fleire aspekt i seg. Me ser at det blir våtare og villare kvart år. På Sørlandet har me dei to siste åra hatt fire ekstremvêr, seier ho.

– Flaumtiltak er éin ting. NVE gjer ein god jobb saman med fylkeskommunar og kommunar. Eit anna spørsmål er om det er ein fordel med oppdemming av elver.

Ein tredje ting er bygging langs elver og bekkar.

– Det er ei stor utfordring. Du ser at ting blir bygd opp igjen, så går det neste gang det blir flaum, seier ho.

– Bør det komma strengare reglar?

– Ja, eg tenker at ein må ha ein gjennomgang av regelverket som finst i dag, både med tanke på sikring og restriksjonar, seier ho.

«Vi ser hvor sårbare vi er, så det er viktig at man forbereder seg for mer uvær og sterkere krefter», sa kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner til NRK under sitt besøk på Sørlandet.

Per-Kristian Brekke
TRUSSEL: Assisterande direktør i Direktoratet for tryggleik og beredskap Per-Kristian Brekke ber førebyggande flaumarbeid få større prioritet.

FLAUM

Kommunalminister Jan Tore Sanner (H) og olje- og energiminister Terje Søviknes (Frp) møtte i går flaum- og skred­råka innbyggarar på Sørlandet og fekk herjingane med eigne auge.

– Det er dramatisk å sjå skadane. Heldigvis har ikkje liv gått tapt, sa Søviknes til NRK.

Assisterande direktør i Direktoratet for tryggleik og beredskap (DSB) Per-Kristian Brekke meiner flaum og ekstremvêr må høgare på den politiske dagsorden, både lokalt og sentralt.

– Når me ser at me i dag slit med å handtera det på ein god og heilskapleg måte, så er me opptatt av at dette må få eit større fokus. Det er eit behov for å prioritera det førebyggande arbeidet, framfor å reparera omfattande skadar, seier Brekke.

– Du seier at me slit med å handtera det på ein god og heilskapleg måte. Kan du utdjupa det?

– Eg synst det er trist å sjå at hus blir tatt av flaum og at vegar blir stengde. Dette vekker stor uro hos mange menneske. Det må me ta på alvor.

Brekke seier at eit meir krevjande klima får konsekvensar for nybygging og eksisterande bygging.

– Me har eit godt kunnskapsgrunnlag om at det vil komma meir nedbør og meir vind. Det betyr at me må tenka oss godt om når det gjeld kor me vil bygga og bu og kor me legg kritisk infrastruktur, som vegar, straum og tele.

Fakta:

Uvêr på Sørlandet:

• Kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner (H) og olje- og energiminister Terje Søviknes (Frp) besøkte i går Sørlandet for å sjå på flaum- og skredskadane.

• Det er til no meldt inn skadar med ein total erstatningssum på minst 250 millionar kroner, ifølge Finans Norge.

• Fleire er framleis evakuerte, og enkelte hus må rivast etter ekstremnedbøren.

• Både vegar og delar av Sørlandsbanen er framleis ute av drift.

Kjelde: NTB, NSB, Statens vegvesen

– Kva konkret kan gjerast for å førebygga?

– Eit veldig viktig område er handtering av overvatn, seier Brekke.

Brekke understrekar at sjølv om utfordringane er store, så er Norge i ein privilegert situasjon for å handtera klima­endringane.

– Me har dei aller beste føresetnadane for å gjera dei gode tiltaka for å avgrensa skadepotensialet og vera endå betre førebudde.

Vil ha ny lov

Som Klassekampen skreiv i går, ligg ansvaret for vatn og avløp i ei rekke departement. Bransjeorganisasjonen Norsk Vann gir eitt av departementa eit koordinerande ansvar.Stortingsrepresentant for Senterpartiet Kjersti Toppe forstår ropet etter ein «vassminister». Men ho seier at regjeringa må begynna med å samla lovverket.

– Fyrst og fremst manglar me ei eiga sektorlov for vass- og avløpstenester. Mitt og Sp sitt råd til den nye regjeringa er at dei fyrst samlar alt lovverket og at dei så samlar ansvaret hos éin minister, gjerne kommunalministeren, seier Toppe.

Er utolmodig

Ho seier Stortinget har bedt om ei eiga sektorlov fleire gongar dei siste fire åra, utan at regjeringa har fulgt opp. Sp tok det på nytt opp i ei sak som blei behandla i energi- og miljøkomiteen i juni. Mens Sp, Ap og SV ville be regjeringa legga fram ei lov, vedtok fleirtalet å be regjeringa vurdera det.

Toppe meiner situasjonen på Sørlandet aktualiserer behovet for ein eigen sektorlov for vass- og avløp, slik også Finland og Sverige har.

Ei eiga sektorlov for vatn og avløp vil omfatta lovverk som i dag ligg i blant anna forureiningslova, plan- og bygningslova, matloven, helseberedskapslova og vass- og avløpsanleggslova.

– Det hastar med å sjå på dette på ein overordna måte, seier Toppe.

annekarih@klassekampen.no

Artikkelen er oppdatert: 9. oktober 2017 kl. 12.34

Klassekampen benytter informasjons­kapsler (cookies) så vi kan gi deg bedre service, og for å holde styr på om du er logget inn på våre tjenester. Du kan lese mer om vår bruk av informasjons­kapsler her.

Lukk