Klassekampen.no
Torsdag 5. oktober 2017
DJUPE TANKAR: Marsjall Josip Broz Tito, laga i 1947, 202 cm høg, av Antun Augustincic.
«Marsjall Titos plass» har vorte «Republikkens plass» i Zagreb.
Vegen til Veliki Tabor

I AUSTERVEG

På kroatisk side av grensa mot Slovenia på vegen åt slottsborgi Veliki (Store) Tabor er det eit gjel so trongt at fire karar med børsor lett kunde ha stana ein tyrkisk her, so vert det i minsto sagt av ein kroat på staden.

Fyre gjelet ligg småbyen Klanjec, der sogemålaren Oton Ivekovic vart fødd i 1869. Av dei fire sogemålarane på hans tid er Ivekovic den som best synleggjer gangen i kroatisk soge, og samstundes har han auga for bilætbyggjing og fargebruk. I 1894 måla han «Kong Svacic døyr». Ramnar kjem flaksande for å hakke ut augo hans, og ei ung skoghulder lyftar forfærd hondi framfyre andletet og ottast for koss det no skal bera i veg. Året var 1097, og Petar Svacic fall i strid mot ungarar, og dette umskiftet opna upp for auka adelsmakt i Kroatia.

Med tidi vart pengehushald vanleg, og med einerett for adelen til å drive handel, vart det um å gjera å tyne mest mogeleg varor ut or bøndene. Den fyrste vidtfemnande bondeuppreisten kom i 1573 og vart slegen ned med mykje vald, men varsla like fullt um ei ny tid i kjømdi.

I bilætet til Ivekovic står bondeleidaren Matija Gubec framfyre Markus-kyrkja i Zagreb og er vill i augo, men held seg rak og roleg fyre pining, avretting og sundleming. Med dei tvo bilæti «Kong Svacic døyr» og «Avrettingi av Matija Gubec» råmar Ivekovic inn ei side av 500 års kroatisk soge.

Frå Klanjec kom ogso bilæthoggaren Antun Augustincic (1900–1979). I 1954 laga han skulpturen «Fred» ved SN-bygningen i New York, ein kraftig høgreist hest med ei kvinne på ryggen i trygg jamvekt. Det rike livsverket til Augustincic har byen funne rom åt i ei stor og ljos utstillingshall og ute i ein trivelege park. Der står ogso Josip Broz Tito vel mannshøg frå 1947. Berrhovda og med open våpenkjol stegar han fram og ser ned framfyre seg i djupe tankar um notid og framtid.

Tito (1892–1980) leidde dei jugoslaviske partisanane i striden mot tyskarane i andre heimskrigen, og han leidde Jugoslavia vidare til han døydde. Borgarkrigen frå 1991 til 1999 reiv Jugoslavia upp i mindre statar, men i Kroatia stana krigen i 1995. Og sjølvsagt finn ein bilætstytta av Tito att når ein kjem vidare upp til Kumrovec-grendi, der han vart fødd. Der står han framfyre barndomsheimen sin.

So kjem slottsborgi Veliki Tabor. I 1919 kjøpte Oton Ivekovic borgi og budde der med huslyden sin i millomkrigstidi. Å taka vare på Veliki Tabor som vart påbyrja på 1500-talet, var sjølvsagt eit botnlaust pengesluk, men her vandra nok sogemålaren Ivekovic inn i sine eigne bilæte. Slottsborgi er no eit framifrå museum.

Nott til 1. september no i haust vedtok bystyret i Zagreb å byte ut namnet «Marsjall Titos plass» framfyre nasjonalteateret med «Republikkens plass».

Tito var uavhengig kommunist og førde Jugoslavia inn millom dei blokkfrie statane. Høgresida I Kroatia hallar mot trongsynt nasjonalisme og gjenomførde namnebytet med 29 mot 20 røyster. Millom vanlege bybuarar var det derimot ikkje fleirtal for namnebytet, vert det hevda i Zagreb.

ran.arn@online.no

«Han stegar berrhovda fram og ser ned framfyre seg i djupe tankar um notid og framtid»

Artikkelen er oppdatert: 9. oktober 2017 kl. 12.35

Klassekampen benytter informasjons­kapsler (cookies) så vi kan gi deg bedre service, og for å holde styr på om du er logget inn på våre tjenester. Du kan lese mer om vår bruk av informasjons­kapsler her.

Lukk