Klassekampen.no
Tirsdag 3. oktober 2017
Nytt talent: Maria Mozhdah gjer det mogleg å leva seg inn i Nishas lagnad for andre enn norsk-pakistanarar. Foto: MerFilm
Kostbar fridom
Når jomfrudom er hard sosial valuta, må jenter betala med ufridom.

«Hva vil folk si»

(Noreg, 2017)

Regi og manus: Iram Haq.

Med: Maria Mozhdah, Adil Hussain.

Lengde: 1 t. 46 min.

Melding

HHHHHI

Iram Haqs filmografi byrjar å likna ein mosaikk. Kvar film er ein ny bit i det samansette heilskapsbilde av eit norsk-pakistansk kvinneliv.

Ein kan kjenna på at kvar einskild filmhistorie manglar kontekst. Til gjengjeld vinn forteljingane styrke gjennom ei energisk, rettlina forteljing. Filmane møter publikum som om dei var Iram Haqs eksistensielt naudsynte vitnemål.

I debutlangfilmen «Jeg er din» (2013) var ei kjærleikshungrande aleinemor villig til å gje opp både barnet sitt og seg sjølv, for å bli elska.Filmen gjekk aldri inn i kor desperasjonen til den unge mora kom frå, men vi fekk vita at ho som tenåring vart tvangssendt til slektningar i Pakistan. Det er nettopp ei slik ufrivillig reise vi får oppleva i «Hva vil folk si».

Nisha er ein populær 16-åring. Gjennom musikk og typiske ungdomsfestbilde viser filmen at Nishas tenåringskvardag på attkjenneleg vis krinsar rundt samvær med vener og pirrande overskridingar av grensene for barnelivet.

Den kjærlege faren, Mirza (Adil Hussain), er også til å kjenna att når han ser inn på dei sovande, halvvaksne barna sine, før han legg seg om kvelden. Mirza er ikkje den einaste faren som ville reagert med sjokk og sinne, når han finn ein gut på sengekanten til pubertetsdottera si.

Det som skil episoden frå tallause liknande konfrontasjonar i norske heimar, er at konsekvensane blir så enorme, og det uavhengig av om det faktisk har «skjedd noko» eller ikkje.

«Hva vil folk si» er eit sårt far-dotter-drama, der begge kjenner seg svikne av den dei elskar høgast. Filmen er likevel tru mot Nishas perspektiv. Sosial skam og sanksjonar frå andre norsk-pakistanarar gjev ikkje samhald, men fører til falske fakter og reell undertrykking. Nishas mor tør ikkje dansa med ektemannen heime i si eiga stove, når dei feirar Mirzas fødselsdag.

Nisha, spela av den karismatiske debutanten Maria Mozhdah, kan likevel ikkje tru at hennar eigen familie vil senda henne til det framande Pakistan – for å statuera eit eksempel for andre norsk-pakistanske barn! Det er paradoksalt at dei dyrka, pakistanske tradisjonsverdiane også blir brukte som ei straff. Straff er det likevel, noko Mirza i sitt hjarta forstår er eit overgrep. Møtet med Pakistan er traumatisk og Iram Haq greier å levandegjera skrekken for oss som aldri har levd med Nishas frykt. Ein scene der jenta freistar å verna seg mot grov trakassering frå pakistansk politi med å seia «Eg er norsk!», gjev djup gjenklang og eit glimt av korleis det er å bli stoppa av politi i Noreg, fordi ein ikkje er kvit.

guri.kulaas@klassekampen.no

Artikkelen er oppdatert: 9. oktober 2017 kl. 12.25

Klassekampen benytter informasjons­kapsler (cookies) så vi kan gi deg bedre service, og for å holde styr på om du er logget inn på våre tjenester. Du kan lese mer om vår bruk av informasjons­kapsler her.

Lukk