Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Lengten sin stad

Det er rart dette med stader å lengte til. Det finst eit sakn, eit hol, eit bølgjande vemod over det eg ikkje er del av. Sjølv om eg ikkje har vore der og altså ikkje veit kva eg lengtar etter og saknar. Det gjeld Grønland og New York og Yorkshire i England; det gjeld Surtsey eller Sibirs endelause tid. Vietnam med den flytande marknaden.